Lærar og politikar. Foreldre: Folkehøgskulestyrar, stortingsrepresentant og sokneprest Jon Mannsåker (1880–1964) og Anna Erika Stueland (1881–1966). Gift 18.4.1940 med sokneprest og prost Olav Fjose (5.11.1912–), son av murmeister Anders Fjose (1876–1961) og Anna Rognve (1884–1961).

Bergfrid Fjose var Kristeleg Folkepartis første kvinnelege stortingsrepresentant. Som sosialminister i Lars Korvalds mindretallsregjering 1972–73 vart ho uvanleg populær i folkedjupet etter at ho med humor, sjarm og toleranse hadde forsvart KrFs restriktive edruskapspolitikk.

Bergfrid Mannsåker vart født i Ullensvang. Ho var eldst av fem born. Far hennar, Jon Mannsåker, var styrar ved Hardanger Folkehøgskule. Miljøet der var merkt av interesse for norsk kultur. Kvart år oppførte elevane historiske spel, så som Sigurd Jorsalfar og Mellem Slagene av Bjørnson og Kongsemnerne av Ibsen. Som 12 år gammal jente lurte Bergfrid seg inn i Olavshallen om kveldane for å høyra faren halda foredrag for elevane om norsk soge og norsk litteratur.

Då Bergfrid var 13 år gammal, flytta familien til Voss, der faren var utnemnt til residerande kapellan, i tillegg til at han var valt inn på Stortinget for Venstre. 1933 vart ho elev ved Voss Landsgymnas. Det året vart Kristeleg Folkeparti i Hordaland skipa etter at Venstres nominasjonsmøte ikkje ville nominera Nils Lavik på den ledige stortingsplassen etter Jon Mannsåker.

Som gymnasiast var Bergfrid med på å skipa Voss Unge Venstre. På gymnaset trefte ho også Olav Fjose, som ho sju år seinare gifta seg med. Etter examen artium vart begge elevar ved Den nye lærerskole i Oslo. Fjose studerte i tillegg teologi ved Menighetsfakultetet. 1939 vart Bergfrid Mannsåker lærar ved Valdres Folkehøgskule. Då også Olav Fjose fekk lærarstilling der, fastsette dei bryllaup til april 1940. Då dagen kom, var Noreg i krig. Det var kampar også i Valdres. Dagen etter bryllaupet måtte dei evakuera. Året etter vart Olav Fjose engasjert i illegalt Milorg-arbeid i Oslo. Det førte til at dei begge, med to små born, måtte røma på sykkel til Sverige 1943.

Hausten 1945 vart Olav Fjose fengselsprest-vikar i Stavanger. Der overtala han kona si til å gå over frå Venstre til Kristeleg Folkeparti, i samband med at Rogaland KrF det året nominerte Sauda-lektoren Kjell Bondevik som stortingskandidat. Frå 1947 til 1952 var Bergfrid og Olav Fjose styrarpar på den kristelege Ungdomsheimen på Kvamskogen. Deretter budde dei 5 år på Voss og 9 år i Årdal, og i desse åra arbeidde Bergfrid Fjose som lærar. 1966 flytta dei til Fana ved Bergen, og etter at mannen vart pensjonist 1979, slo dei seg ned på Voss.

Bergfrid Fjose var med i kommunestyra i Kvam (1951–52), Årdal (1959–63) og Fana (1968–72), og 1969 vart ho innvalt på Stortinget. Der sat ho i to periodar, fram til stortingsvalet 1977, då ho takka nei til attval. I stortingstida var ho formann i Løvebakken Mållag og fråhaldsgruppa på Stortinget.

Etter EF-avrøystinga 1972 gjekk regjeringa Bratteli av. Lars Korvald skipa ei mindretalsregjering med KrF, Senterpartiet og Venstre, og Bergfrid Fjose vart sosialminister. Dei viktigaste sakene ho i denne posisjonen fekk igjennom, var forboda mot tobaksreklame og alkoholreklame. Men også ei stortingsmelding om edruskapspolitikk førte til prinsippvedtak som vart varige.

Kombinasjonen vestlending, målsak og fråhaldssak var ikkje akkurat popularitetsfremjande for Bergfrid Fjose. Men så sa ho ja til å stilla opp i Dag Frølands og Tore Ryens revy på Chat Noir. Der song ho munter duett med skodespelaren Rolf Just Nilsen. I KrF var dette nokså uvanleg på den tida. Men i folkedjupet vekte det enorm jubel. Folk oppdaga humoristen Bergfrid Fjose og den tolerante og avvæpnande personlegdomen hennar. Då ho vart sett i Oslo-gatene med ein grå umerka plastberepose av det slaget som Vinmonopolet brukte, gav humoren i folkedjupet denne plastpose-typen namnet “fjose-pose”. Bergfrid sjølv visste lenge ikkje at den grå plastposen ho bar på, var ein vinmonopol-pose.

“Ein open og folkeleg politikar eg såg opp til og lærte mykje av,” sa Kjell Magne Bondevik på Bergfrid Fjoses 85-årsdag.

  • Salmebok for born, 1970
  • HEH 1994
  • O. J. Sæter (red): Kristelig Folkepartis Historie 1933–1983, 1983
  • biografi i Nordby, bd. 1, 1985
  • O. Fjose: Bergfrid, 1988
  • diverse presseintervju samla i Stortingets bibliotek