Skodespelar. Foreldre: Carl Christiansen og Agnes Mathilde Rosendahl f. Hansen (f. 1865). Gift i Oslo 16.11.1934 med skodespelar Alf Marius Sommer (22.4.1899–24.9.1963), son til restauratør Adolf Sommer (1859–1921) og Emma Marie Nilsen (1866–1943).

Astrid Sommer var ei av dei dristigaste og mest spennande karakterskodespelarane i norsk teater på 1900-talet, ein burlesk gjøglar og kjenslevar poet.

Ho voks opp med teater. Storesystera, Johanne Bruhn, var blant dei leiande skodespelarinnene ved Det Norske Teatret, og alt 12 år gammal byrja Astrid skodespelarkarrieren. 1922 fekk ho kontrakt som elev. Sidan var ho ein av dei grunnsolide pilarane i ensemblet. Ved sida av Lars Tvinde er ho den einaste som har vore tilsett ved nynorskscenen i over 50 år.

Sommer gjekk læreåra i ei tid da ensemblet var i rik kunstnarleg vokster, med to spesialitetar som gav særmerkt profil: traust bonderealisme og grotesk-fantastisk folkekomediespel. Kombinasjonen høvde framifrå for den unge eleven. Nettopp sameininga av realisme og grotesk fantasikunst vart dei berande draga hos karakterskildraren Astrid Sommer. Ho gjorde flittig teaterteneste dei første åra, både på scenen og frå sufflørkassa. Inga oppgåve var for lita til å vekse og utvikle seg på. Alt våren 1929 slo ho avgjerande igjennom som Krestna i Ingjald Haalands frodige oppsetjing av Ungen. Krestna vart eit autentisk miljøportrett. Språktonen, haldninga, tenkjemåten – det var Oslo austkant kontant og ærleg. Sommer avslørte den moralstrenge jomfrua krast satirisk, men utan å miste hjartelaget og varmen i Oskar Braatens tekst. Ho skapte alltid rollene i pietetsfull truskap mot det litterære utgangspunktet.

Krestna var den første av ei rad fantastisk-realistiske skapnader frå mange himmelstrok og, ikkje minst, frå dei underlegaste og særaste irrgangane i menneskesinnet: Kvitugla i Duuns Medmenneske (som ho spelte i 7 oppsetjingar frå 1937 til 1976), Maren Dokter i Garborgs Læraren (1943, 1948, 1951), Den galne frå Concorde i Giraudouxs Den galne frå Chaillot (1950), Mary i O'Neills Anna Christie (1951). Felles for desse kvinnene er at dei lever i utkanten av det verkelege, i eit grenseland der fantasien spelar hovudrolla. Sommer satsa dristig. I maskelegging, stemmeføring og rørslemønster tok ho utgangspunkt i realistiske detaljar som ho dreia over mot det groteske og fantastiske. Resultatet vart ein kombinasjon av djup menneskeskildring og frigjerande komikk, som lyfte skapnadene inn i eit tragisk-komisk lys. Det var skapande skodespelarkunst.

Det kontante og myndige i talentet fekk Sommer god bruk for i dei mange rollene frå norsk bondemiljø. Ho hadde temperament, humør og livskraft som fru Smikkstugun i Prøysens Trost i taklampa (1952, 1963), var rapp i kjeften og brå i tanken som kona i To pinner i kors (1954, 1965) – begge eitrande sinna, men alltid med eit varmt bankande hjarte bak all gneldringa.

Hjartelag hadde Astrid Sommer på scenen. Kultur òg, noko “høgreist” i sjølve karakteren som bar bod om sterke krefter under kontroll. Desse eigenskapane gav spenning i skildringane av einsame kvinner som lever i tukt med sine lidenskapar: den fornemme bergrådinna i Lagerlöfs Dunungen (1957), den livsrøynde, kloke Åshild i Kristin Lavransdatter (Kransen 1958), den myndige Bernarda i García Lorcas Bernarda Albas hus (1971).

Som ein klangbotn for alt Sommer gjorde på scenen, låg noko rotnorsk sterkt og ekte, noko eventyrleg fantasifullt, ei blanding av karsk realisme og boblande fantasteri, som kom til fulltonande uttrykk i den djerve framstillinga av Mor Åse i Tormod Skagestads spennande nytolking av Peer Gynt 1962. Ibsens metaforar fekk spenstig liv i Astrid Sommers vitale og klare framføring. Den varme, klangrike røysta med den presise diksjonen var eit sjeldsynt instrument, som òg vart mykje nytta i Radioteatret. Ho var òg ein populær opplesar, av både lyrikk og barnelitteratur.

1955 tolka Sommer ein annan morsskapnad med skakande verknad: Brechts Mor Courage. Ho plasserte den robuste marketenterinna heilt realistisk i Trettiårskrigens barske røyndom, med tanke, sinn og sansar brutalt innstilt på å overleva, koste kva det koste ville. Men bak det harde skalet vibrerte eit ømt og mjukt sinn. Mennesket som aldri gir opp, aldri let seg kue. Morsskapnaden i den evige krigen for avkomet.

Kvinners styrke og kjærleik viste Sommer frå mange sider. Eit av dei finaste portretta var den nedslitne Nora Melody i O'Neills Litt av ein diktar (1959) – den sjølvutslettande kona som toler alt, finn seg i alt, fordi ho eig kjærleik.

Astrid Sommer var òg ein markant filmskodespelar. Ho spela den frodige Madam Endresen i begge filmatiseringane av Oskar Braatens roman Bak høkerens disk – Godvakker-Maren (1940) og Kjære Maren (1976) – og gjorde ein særmerkt innsats i m.a. Ungen (1938), Hu Dagmar (1939), Trysil-Knut (1942), Storfolk og småfolk (1951), Trost i taklampa (1955) og Hans Nielsen Hauge (1961).

Ho vart heidra med Hulda Garborgs stipend, Houens legat, Oslo Bys stipend, Statens kunstnarstipend, stipend frå Venner av Det Norske Teatret og kulturprisen frå Oslo kommune 1983.

  • Det norske Teatret 25 år: 1913–1938, 1938
  • A. Rønneberg: biografi i NBL1 bd. 14, 1962
  • N. Sletbak (red.): Det Norske Teatret femti år 1913–1963, 1963
  • Hvem er hvem i norsk kulturliv, 1987
  • L. Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år: 1963–1988, 1988
  • biografi i TFL, 1991
  • SNL, bd. 13, 1998
  • arkivet på Det Norske Teatret
  • Måleri (som Mor Courage) av Harald Dal, 1966; Det Norske Teatret, Oslo