Faktaboks

Aslak Nestestog
Aslak Aasmundsson Nestestog
Fødd
1758, Lårdal (no Tokke), Telemark
Død
20. januar 1830, Vinje, Telemark
Levetidskommentar
(døypt .9.17
Verke
Figur- og rosemålar
Familie
Foreldre: Gardbrukar Aasmund Øysteinsson Gøytil (død 1772) og Sissel Knutsdotter Hylland (1727–etter 1801). Gift 1.4.1790 med Margit Halvordsotter Kostveit (1768 (døypt 24.1.)–5.5.1855), dotter til gardbrukar Halvor Aslaksson Kostveit (1741–1826) og Anne Aslaksdotter Gardsgjore (1744–97). Far til Aasmund Nestestog (1797–1885; sjå NBL1, bd. 10).

Aslak Nestestog er kjent for sine figurmåleri i kyrkjer og bondestover. Han vart påverka av bymålarar og innvarsla rokokkoen som stilelement i Telemarks rosemåling. Truleg har han også mot slutten av livet rosemåla kister, skåp og ølbollar m.m., men ingen er signerte.

Nestestog voks opp på Gøytil i Lårdal, men kjøpte 1790 garden Nestestog i Vinje og endra då namn frå Gøytil til Nestestog. Han var av velståande folk, og mora ætta frå Oluf Nielsen Kjøbenhavner, som var prest i Vinje 1639–75.

Vi veit ikkje kven Nestestog lærde å måle av, men kunsthistorikaren Johan Meyer nemner “rokokkomålaren” frå Kongsberg som ein sannsynleg læremeister. I alle høve har det vore ein bymålar i Vinje på den tida, og det er av og til tvil om arbeid er gjorde av Nestestog eller denne ukjende målaren.

Ivistoga på Nordbø i Mannås i Ytre Vinje, måla 1786, kan vere av Nestestog, men det fyrste sikre arbeidet hans er ivistoga på Norigard-Hylland (1787). Der er nær alle veggflater fylte med bibelske motiv og innskrifter, særleg frå Kristi lidingssoge. Men der er òg eit portrett av husfrua Aasne Groven Hylland, som han hadde eit godt auge til. Vidare er det villmenn med klassiske drag, samt løve og havhest i rokokkoinnramming.

Nestestog kan også 1796 ha måla stoveinnreiinga på Kallåk i Mannås i Ytre Vinje, men der er rankene nokså stive og hjelpelause og heilt ulike den elegante rokokkoen til Nestestog. Prydmålinga hans på Drottning-ivistoga i Vinje blei seinare overmåla, for di eigaren ikkje lika motivet på inngangsdøra: ein kortspelande djevel.

Nestestog har med visse måla i to kyrkjer. Altertavla i Nesland stavkyrkje i Vinje er måla på lerret mellom 1790 og 1800 og framstiller ifylgje Landstad “Korsfæstelsen paa den meest rædsomme Maade”. Motivet er frå ei eldre katekisme. Stavkyrkja vart riven 1847, men tavla heng no i Nesland nye kyrkje. Landstad seier elles at Nestestog “var en af disse universal Genier, som have Anlæg til Meget, men af Mangel paa Dannelse ikke blive til Noget”.

Ei større oppgåve har Nestestog hatt 1794 i Brunkeberg kyrkje i Kviteseid, der han dekorerte kvelven “hvor Dommedag med rædsomme Skikkelser staar Præsten for Øie hver Gang han træder op paa Prækestolen” (Landstad). John Moses, som var sokneprest i Kviteseid 1867–80, fekk alt overmåla, for han tolte ikkje å sjå det medan han preika, sa han. Overmålinga er seinare fjerna. Det kan også ha vore Nestestog-måling i fleire kyrkjer; Landstad meiner det, men det er anten overmåla eller kyrkjene rivne.

Mykje av Nestestogs kunst syner ein strid mellom lånte motiv og sjølvstendig utforming. Han hentar stoffet frå bøker, heraldikk, tresnitt, borgarfaner, omnar, myntar og medaljar, men striden kjem til syne når han i Nesland-tavla let den romerske soldaten bora med ein husnavar frå Vinje. Han hadde sans for det kristelege og ei stor evne til dramatisk komposisjon.

Det er uvisst om Nestestog også var innreiingssnikkar, men det går fråsegn om at han var med Jarand Rønjom og bygde Vinje kyrkje 1796. Nestestog nytta nok det meste av tida si til å vere gardbrukar, og han fekk kongeleg løyve til å setje opp sag. Eldste sonen, Aasmund Nestestog, vart også ein kjend bondekunstnar.

Verker

    Kunstnarleg utsmykking (eit utval)

  • Veggmåling i Ivistoga, Norigard-Hylland, Vinje, 1787
  • altertavle Krossfestinga i Nesland stavkyrkje (no i Nesland kyrkje), Vinje, 1790-åra
  • takmåling med bibelske motiv i Brunkeberg kyrkje, Kviteseid, 1794

Kilder og litteratur

  • M. B. Landstad: Neslands Kirke. Et Digt, Fredrikshald 1852, s. 6f.
  • A. Helland: Bratsberg Amt, bd. 1, 1900, s. 462f.
  • Telesoga 3, Fargo (North Dakota) 1909, s. 5f.
  • S. Bugge og R. Berge: Norske eventyr og sagn, bd. 2, 1913, s. 35 og 62
  • J. Meyer: Fortids kunst i Norges bygder, bd. 6 Telemarken, 1922, s. 26, 35 og 37f.
  • R. Berge: biografi i NBL1, bd. 10, 1949
  • Ø. Vesaas: Rosemaaling i Telemark, bd. 1, 1953, s. 197f. og 205–220