Sivilingeniør, offiser og motstandsmann. Foreldre: Overingeniør Martinus Storsveen (1887–1972) og Minda Louise (“Mimi”) Engebretsen (1884–1954).

Arvid Storsveen var mellom dei aller fremste pionerane innan etterretning i det okkuperte Noreg. Han var heilt sentral i oppbygginga av XU, landets største og viktigaste etterretningsorganisasjon. Våren 1943 gjekk det gale: Storsveen vart skoten av Gestapo i Oslo.

Storsveen voks opp i daverande Aker og tok examen artium ved Riis skole 1934. Deretter tok han Ingeniørvåpenets befalsskole og byrja studere ved Norges tekniske høgskole i Trondheim, der han tok sivilingeniøreksamen på bygningslinja 1939. Rett etter eksamen vart han tilsett i Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen i Oslo, og der arbeidde han da krigen kom til Noreg våren 1940. Storsveen var fenrik og troppssjef for eit ingeniørkompani som prøvde å hindre den tyske framrykkinga, mellom anna ved å sprengje bruer.

Da kampane i Sør-Noreg var slutt, reiste Storsveen til Stockholm for å drøfte etterretningsarbeid med den norske legasjonen der. Saman med Ivan Rosenqvist bygde han opp eit lite nett på Austlandet, med greiner til Vestlandet. Seinare gjekk denne gruppa inn i det nyleg etablerte XU, leia av major John Hagle og kaptein Eivind Hjelle.

Gestapo heldt offiserar under oppsikt, og hausten 1941 bad dei to XU-leiarane Storsveen om å bli ny XU-sjef. Like etter slo Gestapo til mot Hagle og Hjelle, som kom seg til Sverige etter ei dramatisk flukt. Arvid Storsveen arbeidde berre enda hardare etter dette tilbakeslaget. Han bygde XU vidare ut og reduserte kontakten med Milorg og resten av motstandsrørsla til eit minimum. Jo færre som visste noko, jo betre.

Nye møte i Stockholm, med militærattaché Alfred R. Roscher Lund, sikra XU både finansiering og ei sjølvstendig stilling. Roscher Lund vart seinare sjef for Forsvarets Overkommando (FO2) i London, og han tilla Storsveens besøk i Stockholm avgjerande betydning for den vidare utviklinga av etterretninga i det okkuperte Noreg.

I løpet av hausten 1941 og våren 1942 var i grove trekk XU-nettet etablert: ei sentralleiing i Oslo stod via nettsjefen i kontakt med åtte ekspedisjonssjefar, også plasserte i Oslo, som leia arbeidet i kvart sitt distrikt i Sør-Noreg. Storsveen måtte sjølv flykte til Sverige i juli 1942, og Øistein Strømnæs overtok som XU-sjef i Noreg. Frå hausten 1942 til mars 1943 var Storsveen ved FO2 i London. Eksilstyresmaktene ville satse på XU som hovudansvarleg for norsk militær etterretning.

Det oppstod strid om i kor stor grad XU skulle styrast frå Sverige. Påska 1943 reiste Storsveen til Oslo for å drøfte dette med Øistein Strømnæs. Dei to XU-sjefane vart etter alt å dømme einige, og skulle møtast ein siste gong for å få alt ned på papiret. Da gjekk det gale.

Møtet skulle finne stad i ei dekkleilegheit i Vidars gate 7 i Oslo 27. april 1943. Arvid Storsveen hadde maksimal uflaks: Gestapo heldt leilegheita under oppsyn fordi eigaren, ei ung kvinne, tilfeldigvis var blitt arrestert saman med ei venninne som dreiv motstandsarbeid. Da Storsveen sette nøkkelen i døra, vart ho riven opp. XU-sjefen flykta, men ein av gestapistane avfyrte tre-fire skot. Eitt av dei trefte Storsveen, som døydde i leilegheita kort etter.

Storsveen hadde sjølvsagt berre falske papir på seg, og tyskarane fann aldri ut kven dei hadde skote. Det var eit hell for XU. Storsveen var den fremste drivkrafta i arbeidet som skapte XU om frå ei laus gruppe til ein stor, fast tømra organisasjon. Nettopp derfor kunne arbeidet førast vidare. Organisasjonen var intakt.

Arvid Storsveen vart post mortem dekorert med Krigskorset med sverd. 1990 fekk ein plass i Ullevål Hageby i Oslo, der Storsveen budde, namn etter han, og året etter vart eit minnesmerke over Storsveen avduka på plassen.

  • Våre falne 1939–1945, bd. 4, 1951, s. 238
  • Stud. 1934, 1959
  • R. Ulstein: Etterretningstjenesten i Norge 1940–45, 3 bd., 1989–92
  • NKrL, 1995
  • E. og S. Sæter: XU. I hemmeleg teneste 1940–1945, 1995
  • T. Gjelsvik: Snart kommer vår dag, 1999
  • Minnestein (granitt) med relieff av Eilif Mikkelsen, 1991; Arvid Storsveens plass, Oslo
  • Storsveenfjellet, Maudheimvidda på Dronning Maud Land, er oppkalt etter Arvid Storsveen.