Pressemann, forlagsmann og målmann. Foreldre: Lærar, skulestyrar Bernhard Sudmann (1874–1943) og Sella Bolette Bondhus (1870–1916). Gift 1.6.1946 med kontorsjef Solveig Gjellesvik (26.8.1922–), dotter til ingeniør og felespelar Henrik Gjellesvik (1892–1964) og Borghild Eugenie Frisk (1896–1979).

Arnulv Sudmann var ein hovudmann bak det nynorske leksikonet Norsk Allkunnebok og arbeidde elles for nynorsk på ymse felt, m.a. i Norsk språkråd.

Sudmann vart fødd på Voss, der far hans var lærar. Som mange vestlandslærarar var Bernhard Sudmann oppteken av målarbeid og den frilyndte ungdomsrørsla, m.a. som styresmann i fylkeslag og landslag. Han skreiv lærebøker og skodespel og styrte bladet Norsk Ungdom. Denne verksemda merkte heimen, og Arnulv vart fengd av same slags tankar og hugmål.

Etter latinartium på Voss 1931 tok Arnulv Sudmann førebuande prøver ved universitetet 1932, men var 1935–36 journalist i Norsk Tidend. Han arbeidde i Nynorsk Vekeblad frå 1941 og var redaktør 1943–45. Han tok magistergraden i psykologi 1942 med fysiologi og engelsk som støttefag og med avhandlinga Kor mykje forstår borna av språket i lærebøkene?. Dette emnet synte tidleg interesse for ei viktig side av psykologisk og pedagogisk gransking. Frå 1945 var Sudmann redaktør av Norsk Allkunnebok og stod for alle dei ti banda av eit verk som vart fullført 1966. Han var sekretær for nynorsk i Norsk språknemnd 1961–72 og kontorsjef for nynorsk i Norsk språkråd 1972–80. Han var lektor 1960–61 og gjestedosent i norsk ved universitetet i Greifswald i dåverande DDR 1961. Då han døydde, var han statsstipendiat med nynorsk nemningsbruk som arbeidsfelt.

Sudmann var sentral ved fleire viktige nynorsktiltak. Han prøvde bladmannsyrket som læregut då Olav Rytter styrte Norsk Tidend. Nynorskrørsla sette store voner til bladet, men som dagsavis greidde det seg berre vèl eit år. Betre gjekk Nynorsk Vekeblad. Det var eit av dei mange prosjekta til gründeren Hans Aarnes, som sjølv styrte bladet 1934–43. Aarnes stod òg bak Fonna forlag og det storlagde leksikontiltaket Norsk Allkunnebok. Sudmann gjekk beint frå styrarposten i vekebladet til oppgåva med å leggje opp og forme ut noko som målfolk lenge hadde drøymt om, men helst sett som eit fjernare mål: å skapa eit stort leksikon på nynorsk. Det må ha vore Aarnes som valde ut og sette Sudmann til oppgåva. Han løyste henne fagleg på ein framifrå måte, og Norsk Allkunnebok blir endå halden for eit fullgodt verk om den tida det dekkjer, med eit breilagt spekter av stoff. Det er eineståande når det gjeld samfunnsrørsler knytte til målreising og frilyndt ungdomsarbeid. Nynorsk er her brukt med stø hand på alle område, og verket vart viktig for utviklinga av nynorsk fagmål.

Dei siste tjue åra av yrkeslivet sitt arbeidde Sudmann med og for nynorsk gjennom dei offisielle organa Norsk språknemnd og Norsk språkråd, mellom anna med normering av målet. Det var ei mark som mange hadde stelt med før, men frå 1952 var sekretærtenesta eit offisielt ombod. Sudmann tok seg av det daglege arbeidet: telefonspørsmål, kontroll av lærebøker og manuskript, samordning av konsulenttenesta og førebuing av faglege og administrative saker for valde styringsorgan. Etter møta skulle vedtaka setjast ut i livet og ålmenta få informasjon. Som kontorsjef i Språkrådet vart Sudmann leiar for ein aukande stab av tilsette som stelte med alle slags saker. Ved sida av arbeidet for nynorsk i Noreg var han med i det nordiske språksamarbeidet og representerte Noreg og nynorsk ute i verda.

Sudmann hadde ei trygg nynorsk språkkjensle munnleg og skriftleg. Ho var bygd på vossamålet og på sjølvstendig, livslang bruk av nynorsk i ymse miljø. Den logne, rolege og noko atterhaldne veremåten hans gav tokken av eit fint menneske, som folk måtte få vørdnad for.

  • Kor mykje forstår borna av språket i lærebøkene?, mag.avh., 1942
  • red. Nynorsk Vekeblad, 1943–45
  • red. Norsk Allkunnebok, bd. 1–10, 1948–66
  • medred. Språk i Norden, 1970–74
  • Det kongelige Frederiks universitets årsberetning, 1930–32
  • Nynorsk Vekeblad, 1940–45
  • Norsk Allkunnebok, 1948–66
  • Stud. 1931, 1956
  • årsmeldingar for Norsk språknemnd og Norsk språkråd 1960–81
  • Språknytt, meldingsblad for Norsk språkråd
  • M. Rommetveit: “Minneord ved Arnulv Sudmanns død”, i Gula Tidend 5.5.1981
  • ymse avisartiklar
  • opplysningar frå familie og kollegaer