Spelemann, folkemusikksamlar og forskar. Foreldre: Snekkar Peder Monsen Bjørndal (1849–1904) og Kari Knutsdotter Nordås (1847–1930). Gift 1) 1910 med Brita Rongved (2.5.1889–juni 1924), dotter til lensmann og stortingsmann Magne Johansen Rongved (1858–1933) og Brita Jonsdotter Rongved (1860–89); 2) 1929 med Anna Strømmen (11.09.1897–7.10.1996), dotter til fiskar Johan Andreas Rasmussen Nåra Strømmen (1858–1937) og Ellen Karine Larsdatter (1856–1944).

Arne Bjørndal var ein pioner i norsk folkemusikkforsking. Han samla inn mange tusen norske slåttar, utgav fleire vitskaplege verk om folkemusikk og gav meir enn 1000 konsertar på hardingfele rundt om i landet.

Bjørndal kom i snekkarlære hos far sin i Bergen, utan at det sette far etter seg i livsferda hans. Hugen hans stod mot hardingfela og slåttemusikken. 10 år gamal fekk han si første fele, som far hans arbeidde for han, men han var ein kløppar på instrumentet langt tidlegare. Han spela i bryllaup før han var konfirmert. 17 år gammal tok Arne Bjørndal første premie i yngste klasse på ein av dei store kappleikane i Vestmannalaget, og frå då av var livsvegen lagt. Han kom i lære hos Ola Mosafinn, den fremste spelemannen på Vestlandet. Spelet hans var sermerkt med at det var lett og leikande, reint og tradisjonsbunde, kjenslevart og åndfullt. “Det var eit intelligent spel,” sa Bjørndal, som stilistisk la seg så nær til Mosafinn-spelet som han kunne.

På den tida var interessa for hardingfela og slåttemusikken på retur, og Bjørndal såg det som ei oppgåve å redda denne nasjonalarven frå gløymsla. Han tileigna seg musikkteori hos m.a. Wilhelm Gomnæs og Borghild Holmen og skapte sitt eige notasjonssystem. Han byrja innsamlinga hos Mosafinn, og slått etter slått kom på notepapiret. Etter kvart utvida han kjeldegrunnlaget og skreiv opp etter fleire av dei fremste spelemennene. 1907 kom første resultatet, Norske slaattar, med ti av dei finaste slåttane han høyrde, utgjeve på eige forlag. År om anna kom hefte etter hefte med Norske slaattar og Gamle slaattar, 100 i talet.

Frå 1911 fekk Bjørndal statsstipend for å samle slåttar, først berre 800 kroner som skulle nyttast som ferdapengar og mot leveringsplikt av oppskriftene. Etter kvart auka stipendiet, men vart aldri så stort at det gav levemåte. Men Bjørndal gav ikke opp. Han sameinte seg med Noregs Ungdomslag og reiste frå bygdelag til bygdelag som ferdatalar, held konsert eller spela til dans i helgene og skreiv opp etter tradisjonsberarane i veka.

Av Rikard Berge lærte han at det ikkje var nok berre med melodiane, ein måtte også ha med alle moglege opplysningar om musikken: Kven spelemannen hadde lært slåtten av, kven han hadde lært han vidare til, kvar slåtten kom frå og alle opplysningar om spelemannen og musikken hans. Men også om lokalmiljøet, bruken av fela i fest og kvardag, om instrumentet og felemakarar, om songarar og samanhengen mellom song og slått. Stutt sagt alt som kunne kasta lys over musikktilfanget. Det vart mengder av dette. Då Bjørndal overførte samlinga si til Universitetet i Bergen, der det seinare vart grunnlaget for arkivet Arne Bjørndals samling, var storleiken på ikring 2500 oppskriftar av musikk og nærpå 60 000 handskrivne opplysningar til materialet. Etter at lydbandopptakaren kom, gjorde han ikring 120 timar opptak.

Men Bjørndal var så langt ifrå berre samlar, han var også utøvar. Han var ein framifrå spelemann og hadde god songrøyst. Det er rekna ut at han var spelemann i meir enn 600 bryllaup og kjøkemeister i meir enn 200. Utanom dette gav han tusentals konsertar rundt om i landet, og ikkje minst spela han i radioen, alltid godt førebudd og med fela i god stand. Han hadde sin eigen stil i konsertspelet, “litt affektert”, kommenterte Eivind Groven. Bjørndal hadde større ambisjonar for både seg sjølv og hardingfela enn bygdespel. Han var t.d. solist då Musikselskabet Harmonien lyste til konsert i Koncert-Palæet i Bergen, og han var like eins solist med dei filharmoniske orkestra i Oslo og Göteborg. Han ville ha hardingfela inn over alt og reiste med Hulda Garborgs teatergruppe som “orkester”.

1924 laga han dei to første turane til reinlendaren På Ulrikens topp, som i fleire år var den mest populære av all pop-musikk på den tida. Men han skapte også langt meir lødig musikk. Saman med J. L. Mowinckel sette han musikk til Olav Gullvågs skodespel Storborgbrudlaupet for oppføring på Den Nationale Scene. Den var ikkje oppført for di teateret tykte det var for mykje musikk. Men Kringkastingsorkesteret har fleire gonger spela sviten. 1923 skreiv han musikken til Torvald Tus Kjærleik på Lykteland, som vart oppført på Det Norske Teatret med stor suksess.

Bjørndal ville også vera forskar. Første avhandlinga han skreiv var biografien om Ola Mosafinn (1922), som han gav ut på eige forlag. Det er ei vakker bok som syner at Bjørndal alt frå først av hadde den moderne antropologens ansvarskjensle og etiske haldning overfor studieobjektet. Boka førde til større forståing av det musikalske underet frå Voss. 1940 kom boka Ole Bull og norsk folkemusikk, der Bjørndals feltarbeid kan påvisa den store innverknaden som hardingfele-slåttane i lokalmiljøa på Vestlandet hadde på verdskunstnaren. Ei analyse av Då ein høyrde 'underjordisk' musikk på Kyrkje-Byrkjeland i Fana (eit hende frå 1695) gjer det klårt at bakgrunnen var ein slått spela på hardingfele. Bjørndal meiner og at han kan identifisera slåtten. I avhandlinga Nasjonalinstrumentet hardingfela frå 1950 legg han fram alt kjend materiale om dette norske instrumentet og søkjer etter bakgrunn og utvikling. Det største arbeidet hans vart – og fela ho lét, som han gjorde ferdig i samarbeid med Brynjulf Alver. Boka kom ut 1966, etter at Bjørndal fall ifrå, men han nådde å lesa korrektur. Det er ei detaljert drøfting av hardingfeletradisjonen gjennom 250 år.

Arne Bjørndal var ein produktiv skribent med artiklar og kommentarar spreidde i tidsskrifter og aviser, det aller meste grunna på materiale i samlingane hans. Han var idérik og skreiv godt og hadde den store føremonen at han var like kunnig innan den musikalske tradisjonen som i den verbale. Nokre av artiklane hans vart prenta i festskriftet til 70-årsdagen, Norsk folkemusikk (1952). Endeleg skal ein nemna at han skreiv nye viser for kjøkemeistrar, 10 skjemteviser og songar (1906), som i tredje utgåva, Skjemt og aalvor (1909), var auka til det doble. Fleire av desse visene har gått over i munnleg tradisjon utan at songarane veit kven opphavsmannen er.

Arne Bjørndal var ein flittig mann i organisasjonsarbeidet. 1919 skipa han bygdeungdomslaget Nordhordlendingen og vart den sjølvsagde formannen dei første åra. 1927 tok han initiativet til skipinga av Landslaget for spelemenn, der han sat som formann til 1936. Han var med på å skipa Nord- og Midhordland Sogelag 1916 og var formann der i ei årrekkje. Etter krigen vart han atter formann og skipa til årboka Frå Fjon til Fusa. Han vart æresmedlem i alle desse samskipnadene.

Eit stort samarbeidsprosjekt som Arne Bjørndal var med i, var utgjevinga av monumentalverket Norsk Folkemusikk. Hardingfele. I sju store band vart ein vesentlig del av det innsamla materialet prenta med vitskapelege kommentarar. Dei fagleg ansvarlege var Bjørndal saman med Truls Øren og Eivind Groven.

For alle sine fortenester vart Arne Bjørndal utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1954. Sofus Madsen laga eit relieff av Bjørndal; det vart avduka 1973 i Grieghallen i Bergen. Heimbygda ville også heidra han, og 1982 vart det reist ein bauta med kopi av Madsens relieff ved skulehuset i Eknesvågen, folkeskulen som Bjørndal gjekk på. I høve 100-årsdagen same året arrangerte Universitetet i Bergen eit tre dagars seminar og ein stor konsert i Grieghallen.

    Trykt materiale

  • Bibliografi (utarbeidd av R. Kvideland) i Arne Bjørndals hundreårs-minne, Bergen 1985, s. 222–235
  • 10 skjemtevisor og songar, Bergen 1906
  • Norske Slåttar. Springar, halling, gangar, vossarull, 1907
  • Skjemt og aalvor. Visor og songar i brudlaup og lag, Bergen 1909
  • Gamle slaattar uppskrivne fyr fela innsamla med statsstudnad, u.å.
  • Ola Mosafinn, Bergen 1922 (2. utg. Voss 1978)
  • Ole Bull og norsk folkemusikk, Bergen 1940
  • Då ein høyrde 'underjordisk musikk' på Kyrkje-Byrkjeland i Fana. Eit musikkhistorisk hende frå 1695 som gav utgangspunktet for granskingi av norsk folkemusikk, Bergens Museums årbok. Hist.-antikv. rekke 1945 nr. 1, Bergen 1945
  • Frå Fjon til Fusa. Årbok for Nord- og Midthordland sogelag, årg. 1, Bergen 1948
  • Myllarguten på det Norske teater i Bergen 1850, i BTid. 5.4.1950
  • Edvard Grieg og folkemusikken, i Frå Fjon til Fusa 1951
  • Nasjonalinstrumentet hardingfela 1651–1951, UiB Årbok. Hist.-antikv. rekke 1950 nr. 3, Bergen 1951
  • Norsk folkemusikk, utgjeve som festskrift til 70-årsdagen av Nord- og Midhordland sogelag, Bergen 1952
  • – og fela ho lét. Norsk spelemannstradisjon (sm.m. B. Alver), Bergen 1966 (2. utg. 1985)
  • medutgjevar av Norsk fokemusikk. Serie 1. Hardingfeleslåttar (sm.m. E. Groven, O. Gurvin og T. Øren), bd. 1–5, 1958–67

    Etterlatne papir

  • Ei stor mengd slikt materiale (m.a. ikring 2500 noteoppskrifter) finst i Arne Bjørndals samling, UiB
  • HEH 1964
  • C. Clausen: “Arne Bjørndal – mannen og livsverket”, i T. Hannaas m.fl.: Vestmannalaget i 110 år, Bergen 1978, s. 458–554
  • Arne Bjørndals hundreårs-minne. Seminar i Bergen 3.–5. mars 1982, Bergen 1985

    Kunstnarlege portrett

  • Teikning av Bernt Thunold, 1904
  • Måleri av Lars Osa, 1955
  • Relieff (bronse) av Sofus Madsen, 1972; Grieghallen, Bergen og på bauta ved Eknesvågen skule, Lindås