Bygningshistorikar og museumsmann. Foreldre: Driftsstyrar Peter Andreas Berg (1891–1982) og Berna Nilsen (1891–1962). Gift 10.3.1945 med Mildrid Johanne Refseth (28.4.1922–), dotter til byggmeister Johan Refseth (1884–1976) og Marie Lium (1884–1974).

Museumsmann, vernearbeidar og bygningshistorikar er tre stikkord som kan knytast til Arne Berg. Innanfor museums- og kulturvernsektoren har han sett merke etter seg på mange område, og hans djuptpløyande forsking har skaffa han eit namn også i utlandet.

Berg vart uteksaminert frå arkitektlinja ved NTH 1941 og vart 1949 knytt til Norsk Folkemuseum i Oslo som konservator. Frå no av og heilt til han gjekk av etter oppnådd aldersgrense 1984, hadde han Folkemuseet som arbeidsplass. Han vart førstekonservator 1950, og etterfølgde 1969 Hilmar Stigum som leiar for friluftsavdelinga ved museet. I ei årrekkje var han redaktør av Folkemuseets årbok By og Bygd.

Mellom dei mange attreisingsoppgåvene Berg hadde ansvaret for på Folkemuseet, kan nemnast husmannsplassen frå Trøndelag og utbygginga av museets “gamleby” med fleire hus frå det gamle Kristiania – arbeidarbustadene frå Enerhaugen, Fred. Olsens gate 13, Rødfyllgata 12 og den storslåtte Collett-Cappelen-gården, som er eit heilt museum i seg sjølv. Men han hadde heile landet som arbeidsplass, og det var ikkje uvanleg med opp mot 100 reisedagar i året, stundom også meir. Han utførde konsulentoppdrag, dreiv bygningshistoriske undersøkingar og hjelpte til når eit nytt bygdetun skulle etablerast, for å sikra at attreising og utforming skjedde på vitskapleg grunnlag.

Med sin sterke posisjon innanfor vernesektoren fekk han fleire sentrale tillitsverv. I ei årrekkje var han direksjonsmedlem i Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, han var medlem av fleire komitear og utval innanfor museumssektoren, og 1970–80 var han styreformann i Registreringa av faste kulturminne. Ca. 1970 vart han knytt til NTH som fast timelærar for arkitekstudentar. Også muse og forskarar i utlandet har kunna dra nytte av Bergs innsikt og kunnskapar, og som mangeårig medlem i Forbundet av europeiske friluftsmuse har han vore med på å formidla kontakt med dei utanlandske fagmiljøa.

I Arne Bergs forsking var bygningshistoriske emne og gardsbusetnaden i det førindustrielle bondesamfunnet gjennomgåande tema. Han var ein meistarleg teiknar, og i arbeida hans spelar teikning og tekst saman, såleis i Norske gardstun (1968), Voss kyrkje. Vangskyrkjo på Voss (1977) og Norske tømmerhus frå mellomalderen, band 1–6 (1989–98). Dette siste verket, som i sin heilskap er utgitt etter at Berg vart pensjonist, kom ut i den prestisjetunge serien Norske Minnesmerker og må reknast som eit av hovudverka i norsk bygningshistorie. Det gjer greie for særdrag ved den norske tømmerbygningskunsten i mellomalderen (band 1), og gjev omtale av kvar einskild av dei nær 250 bygningane som har overlevd frå mellomalderen.

Då Berg forlet Folkemuseet 1984, var det soleis ikkje for å dra seg tilbake til eit passivt pensjonisttilvære. Han flytte over til Riksantikvaren, der han kunne samla seg om den profane trearkitekturen i mellomalderen, ei oppgåve han hadde førebudd og gjort førearbeid til i årevis. 1994 vart han flytt over til Norsk institutt for kulturminneforskning, der han i ein alder av 77 år fekk stilling som forskar.

Etter å ha sett punktum for nybrottsarbeidet med mellomalderhusa gjekk Arne Berg – i ein alder av 81 år – i gang med eit nytt prosjekt: ei tilsvarande kartlegging og utforsking av eksisterande tømmerhus frå tida etter 1537 fram til 1650. Med sine detaljsikre teikningar og sin klargjerande tekst lyfta han på denne måten ein kulturarv fram i lyset, som utan hans innsats ville ha lege i mørke.

1992 vart Arne Berg innvald medlem i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. For sin innsats som museumsmann, vernearbeidar og bygningshistorikar mottok han 1989 Kongens fortenestemedalje i gull, og 1997 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Han har fått to festskrift, eitt til 70-årsdagen og eitt til 80-årsdagen. Til det siste ble han karakterisert som “et helt fagmiljø” og “et slags institusjon i seg selv”. Det er store ord, men det var dekning for dei, og det kan leggjast til at han som menneske er raus og med evne til å skapa engasjement og trivsel rundt seg.

  • Bibliografi i H. Christie m.fl. (red.): Arne Berg. Et utvalg av hans artikler om bygningshistorie samlet i anledning hans 80-års dag, Øvre Ervik 1997, s. 138–143
  • Byggjeskikken i Trysil, i Trysilboka, bd. 4, Elverum 1965, s. 9–124
  • Norske gardstun, 1968
  • Byggeskikken i Stjørdal, i J. Leirfall (red.): Liv og lagnad i Stjørdalsbygdene, Stjørdalsboka bd. 1, del 3, 1972, s. 7–72
  • Voss kyrkje. Vangskyrkjo på Voss, Voss 1977
  • Byggjeskikken i Vefsn-bygdene, i Vefsn bygdebok, særbd. 4, Mosjøen 1981, s. 9–88
  • Norske tømmerhus frå mellomalderen, 6 bd., 1989–98
  • Munnlege opplysningar frå Arne Berg
  • årsmeldingar frå Norsk Folkemuseum
  • H. Bjørkvik (red.): Festskrift til Arne Berg, By og Bygd, bd. 32, 1987–88
  • H. Christie m.fl. (red.): Arne Berg. Et utvalg av hans artikler om bygningshistorie samlet i anledning hans 80-års dag, Øvre Ervik 1997