Baglar- og seinare birkebeinarhøvding, syslemann og lendmann. Foreldre: Usikre (sjå nedanfor). Dersom Arnbjørn stamma frå Mel i Kvinnherad, var han bror til Gaut Jonsson (død 1270) og Åskell Jonsson (død 1254).

Arnbjørn Jonsson står fram som ein av dei fremste militære leiarane i Noreg i første halvdelen av 1200-talet. Han høyrde først til baglarflokken, men vart seinare ein trufast rådgivar for Håkon Håkonsson.

Vår kunnskap om Arnbjørn Jonsson byggjer på to norrøne samtidssoger: Baglarsoger (perioden 1202–17, overlevert i to versjonar) og Håkon Håkonssons saga. Han er truleg viktigaste informant for den primære, korte versjonen av Baglarsoger, ein tekst som er prega av objektiv saksframstilling men skeiv kjeldedekning.

Vi veit ikkje når Arnbjørn var fødd, men Håkon Håkonssons saga opplyser at han var “mykje tilårskommen” da han døydde; ut frå dette har det vore gissa på at han var fødd i 1170-åra. Etter P. A. Munch har det vore vanleg å rekne han som son til lendmannen Jon Gautsson til Mel i Kvinnherad, med ukjend mor. Men Hallvard Magerøy har på kjeldekritisk og realhistorisk grunnlag gitt gode grunnar for at Arnbjørn var son til Magnus Erlingssons hirdmann Jon Gautsson til Ornes i Sogn (omtala i Sverres saga), igjen med ukjend mor. Det finst argument for begge løysingane, og spørsmålet kan derfor ikkje avgjerast bindande. Sikkert er derimot at Arnbjørn var fosterson til baglarbiskopen Nikolas Arnesson. Enten nå Arnbjørn ætta frå Mel i Kvinnherad (“Ænes-ætta”) eller Ornes i Sogn, hadde han ein solid slektsbakgrunn: Både Mel og Ornes rådde over store jordegods, og var sete for rike og mektige høvdingar. Gaut på Ænes (alternativ farfar) var lendmann under Magnus Erlingsson i 1160-åra, og same stilling hadde hans soneson Gaut Jonsson under Håkon Håkonsson. Ein annan soneson, Åskell Jonsson, var biskop i Stavanger 1226–54. Gaut Jonsson på Ornes (alternativ farfar) hadde sonene Munan og Jon, som begge var sentrale i Magnus Erlingssons kamp mot kong Sverre. Denne Jon Gautsson (alternativ far) fall truleg i slaget ved Nordnes 1181.

Like frå vi første gong møter Arnbjørn i sagaen (1204), og fram til han døydde, er det som militær sveithøvding han først og fremst opptrer. Han deltok desse åra i dei aller fleste kampane som vert skildra i dei to sogene, oftast fremst i striden med leiaransvar. Han vart dermed ei sterk støtte for dei kongane han tente: først baglarkongane Erling Steinvegg (til 1207) og Filippus Simonsson (til 1217), og deretter Håkon Håkonsson. I 1208 var han med i Kvitsøy i Ryfylke da det vart slutta fred mellom baglarane og birkebeinarane. Truleg sat han alt da med Borgarsysla, eller han fekk den som resultat av riksdelinga mellom partane.

Da baglarkongen Filippus døydde sommaren 1217, og baglarane året etter gav opp flokksnamnet, gjekk Arnbjørn i teneste hos den nye rikskongen Håkon Håkonsson. Dei første åra stod han saman med Skule Bårdsson, den seinare svigerfaren til kongen, i kampane mot opprørsflokkane på Austlandet, men det utvikla seg snøgt eit skarpt motsetningsforhold mellom dei to. Arnbjørn heldt halve Borgarsysla av Skule, som på si side gjerne ville leggje sin riksdel permanent til austlandsområdet. Dette motarbeidde Arnbjørn aktivt overfor kongen, og ved den endelege riksdelingsavtalen mellom Håkon og Skule jarl 1223 vart da også jarlens riksdel lagt til det nordafjelske.

Arnbjørn vart tidleg trekt inn i rådgivarkrinsen kring kong Håkon. Først og fremst galdt det militær rådgiving, men han fekk også oppgåver i hirdjurisdiksjonen, og han gav råd om kongens giftarmål. Seinast 1221 vart han utnemnd til lendmann, og han vart alltid nemnt først når lendmenn og syslemenn frå Vika skulle reknast opp.

Som syslemann i Borgarsysla hadde Arnbjørn sin residens på Valdinsholmen i nedre Glomma, truleg alt frå 1208. Her bygde han eit borganlegg, venteleg før han gjekk i kong Håkons teneste. Denne borga spela ei viktig rolle i kampane mot ribbungane, og var siste gongen i kamp under Skules opprør 1239–40. Ifølgje Håkons saga røva Skule Valdinsholmen våren 1240. Anlegget vart ytterlegare bygd ut av kong Håkon, og borgruinane er ennå synlege.

Forholdet mellom konge og jarl vart dårlegare utover i 1230-åra, og striden mellom Skule og Arnbjørn blussa opp att. Skule ønskte på ny fotfeste i austlandsområdet, noko kongen gjekk med på som ei mellombels ordning 1235. Jarlen sette sine menn i ein tredel av syslene, deriblant to i Arnbjørns Borgarsysla. Arnbjørn nekta først å akseptere dette, og det kom til eit dramatisk møte på tinget ved Eidsberg kyrkje 1236. Den åpenberre faren for militær konfrontasjon gleid over, men det vart snart tydeleg at det gjekk mot eit endeleg oppgjer mellom kongen og svigerfaren.

Etter at Skule i november 1239 tok kongsnamn og reiste opprørsfana mot kong Håkon, fekk Arnbjørn i oppdrag å forsvare Vika og Opplanda saman med den nyutnemnde jarlen Knut Håkonsson, som Arnbjørn sjølv hadde gitt jarlsnamn. I spissen for birkebeinarhæren møtte dei to aldrande krigarane Skule og hans menn til eit stort slag på garden Låke i Nannestad i mars 1240, og leid eit alvorleg og forsmedeleg nederlag. Stutt tid etter døydde Arnbjørn, og Håkons saga gir han dette ettermælet: “alle var samde om at på den tida var ingen lendmann i Noreg så framifrå som han”.

Både Baglarsoger og Håkons saga skildrar han som den djerve, standhaftige og sjølvstendige krigarhøvdingen – nærmast ein idealtype for sin profesjon. I Håkons saga framstår han dessutan som sjølve inkarnasjonen av dei som lojalt la baglarfortida bak seg og utan svik slutta opp om den kongeætta dei tidlegare hadde bekjempa. Meir enn noko anna er det dette konsekvent gjennomførte perspektivet som gir dimensjonar til sagaskildringa av hans liv.

  • Soga om baglarar og birkebeinarar og Soga om Håkon Håkonsson, Noregs kongesoger, oms. og utg. av F. Hødnebø og H. Magerøy, bd. 3 og 4, 1979
  • DNFH, del 3 og del 4, bd. 1, 1857–58
  • G. Storm: “Om Lendermandsklassens Talrighed i det 12. og 13. Aarhundrede”, i HT, rk. 2, bd. 4, 1884, s. 129–188
  • E. Bull: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • K. Helle: Omkring Bǫglungasǫgur, 1958
  • d.s.: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, 1972
  • H. Magerøy: “Urnes stavkyrkje, Ornes-ætta og Ornes-godset”, i HT, bd. 67, 1988, s. 121–144