Journalist. Foreldre: Gardbrukar Kristian Ivarson Beinset (1851–1935) og Marie Aukra (1864–1934). Gift 1919 med Mimi Hansen (2.7.1891–?), dotter til skipskaptein Gunerius Hansen (1849–1917) og Marie Johannesen (1854–1930).

Anton Beinset var den meiningssterke journalisten livet ut.

Han voks opp på farsgarden på Aukra og tok middelskuleeksamen 1911. Alt som 19-åring tok han til som journalist i Hordaland Folkeblad i Norheimsund. To år seinare blei han redaksjonssekretær i avisa Sunnhordland på Stord før han 1916 reiste til Kristiania for å bli stortingsmedarbeidar i Den17de Mai. Der markerte han seg med sine Venstre-standpunkt og klare målpolitiske meiningar i tolv år. I perioden 1920–26 var han medredaktør saman med Arne Falk i det nynorske vekebladet For Bygd og By, der han m.a. skreiv petitar under pseudonymet Per Skrull. Løna var skral, så han skøytte på med anna kontorarbeid i morgontimane.

Frå 1928 blei journalisten Beinset ansvarleg redaktør, først i Fædrelandsvennen fram til 1932, deretter i Tunsberg og Horten Blad 1933–34. I eit par år livnærte han seg mest av å skrive noveller for Magasinet for alle. Frå 1936 kunne så avislesarane finne han under signaturen “Bein” i Dagbladet. Der blei han den nærmaste medarbeidaren for redaktør Einar Skavlan. Karrieren som politisk journalist fekk eit krigsavbrot i åra 1942–45. Alt 1941 hadde Beinset vore fengsla ei kort tid, og same hausten prøvde han og andre sentrale medarbeidarar i avisa å provosere fram eit forbod mot å utgi Dagbladet. Våren 1942 fekk Beinset skriveforbod. Han slutta i avisa, blei nekta opphaldsløyve i Oslo og Aker, og reiste heim til farsgarden der han livberga seg som jordbruksarbeidar og fiskar. 1945 var han på plass i avisa att, og der blei han verande til 1958.

Beinset var ein av dei store journalistane i første halvdel av 1900-talet. Frå og med tida i Fædrelandsvennen var det bokmålet som dominerte i Beinsets sakprosa, og han var for mykje individualist til å gå i takt med målrørsla. Men sjølv sa han at han tenkte på dialekt, skreiv på nynorsk og omsette til bokmål: “Ein slik prosess driv klisjeane bort som agnene i ein skurtreskar.” Beisk og rettlinja som han var, treivst han best når han forarga og var forarga., men han skreiv like gjerne vare naturskildringar, som i den fine novellesamlinga Utapå øya. Som forfattar blir han elles best hugsa for petitsamlinga Bak kulissone. Smaa ord um store ting, der Per Skrull kasta mange skråblikk på eigne hjartesaker. I krigsåra gav Beinset ut Ståldraugen under pseudonymet Ola Berg, og saman med Stein Ståle (Trygve von Hirsch) skreiv han kriminalromanen Døden går på bedehus. Den er seinare blitt trykt opp att fleire gonger. På sine eldre dagar skapte han under signaturen “Sir Anthony” den forunderlege romsdølen Gamle-Uri. Med samlinga På naustloftet med Gamle-Uri (1962) sette skribenten Beinset punktum.

Beinset skilde sjeldan skarpt mellom sak og person. Med ironiens nådelause brodd var han ein kompromisslaus polemikar; det kunne stundom gå ut over gehalten i analysane. Men open og omgjengeleg som han var, stod det likevel respekt av han blant dei folkevalde på Stortinget. Respekten var nok blanda med ei uro for kva han kunne kome til å skrive ved neste høve. Den kritiske meiningsjournalisten og den radikale politikaren Beinset var eitt. I nær 50 år arbeidde han i Venstre-aviser; han var Venstres enfant terrible som blei heidersmedlem i Norges Unge Venstre. I åra 1935–39 og 1946–51 var han styremedlem i Oslo Venstre, og 1945 førstekandidat for Oslo Venstre.

Dei siste åra svikta helsa. Han fekk vite at nekrologen alt var skriven og tok ein tur innom setteriet for å sjå kva det stod der. Grundig las han, og typisk var den treffsikre replikken hans: “Ikke så verst, må bare foreta noen få rettelser.”

  • Bak kulissone. Smaa ord um store ting (under pseudonymet Per Skrull), 1924
  • Utapå øya, 1942
  • Ståldraugen (under pseudonymet Ola Berg), 1943
  • Døden går på bedehus (sm.m. Stein Ståle), 1945
  • På naustloftet med Gamle-Uri, 1962
  • J. Seland: Med Fædrelandsvennen i hundre år, Kristiansand 1975
  • P. Håland: “Den nynorske pressa”, i Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981, 1981
  • I. Tollnes: Avis og avisfolk i Vestfold. En kulturhistorie, Larvik 1993
  • H. F. Dahl m.fl. (red.): Dagbladet gjennom 125 år. Utskjelt og utsolgt, 1993
  • O. Bruaset: Fargerike romsdalingar, 1998
  • artiklar i Mgbl. 5.1.1954 og Nationen 24.2.1962
  • nekrolog i Dagbl. 17.12.1963