Lekmannspredikant, politikar og redaktør. Foreldre: Bonde Johannes Andersson Lavik (1823–87) og Kari Andersdotter Kyte (1820–1907). Gift 6.4.1881 med Margrethe Christine Matthiessen (9.3.1860–6.3.1942), dotter til korpslege og gardbrukar Otto Tobias Matthiessen (1815–1900) og Mathilde Claudine Dahl (1823–99). Bror til Johannes Lavik (1856–1929; sjå NBL1, bd. 8) og Dore Lavik (1863–1908); farbror til Nils Lavik (1884–1966) og Herbrand Lavik (1901–65); dotterdotters son til Brynjel Andersen Gjerager (1761–1838; sjå NBL1, bd. 4).

Andreas Lavik var ein av dei viktigaste leiarane innan den kristelege lekmannsrørsla på Vestlandet då denne rørsla var sterk og veksande. Han var den drivande krafta bak Det Vestlandske Indremisjonsforbund, vekkingspredikant, stortingspolitikar, fråhaldsagitator, gardbrukar, bibelskulestyrar og redaktør.

Heimen i Eksingedalen var prega av gudsfrykt, og mora tala offentleg til oppbygging. Brørne til Andreas tok seg på ulike måtar fram i verda: Eldstemann Andres tok over odelsgarden og sat ein periode på Stortinget, Johannes starta opp nynorskavisa Gula Tidend, Johan vart sokneprest og Dore teaterleiar og skodespelar. Sjølv nådde Andreas etter lang og hard indre strid fram til ei kristen omvending som 19-åring. Deretter gjekk han nokre månader ved misjonsskulen i Stavanger, men la bort tanken om å verta misjonær. Seinare reiste han til Kristiania for å studera til prest, men braut raskt av dette studiet òg.

Lavik opplevde det som sitt kall å vera lekpreikar, og 1878–87 arbeidde han for Bergens Indremisjon og vann seg ry som ein av dei fremste lekpreikarane i samtida. Både i Bergen og andre stader følgde det kristeleg vekking med forkynninga hans.

Lavik vart vald til stortingsmann for Moderate Venstre i perioden 1889–91. I hovudstaden vart den unge, uferdige samvitspolitikaren påverka av meir radikale straumdrag og gjekk over til det reine Venstre. I den første stortingsdebatten om røysterett for kvinner 1890 tala Lavik for å gje kvinnene røysterett. Radikaliseringa og partibytet, åtaka frå tidlegare allierte som Lars Oftedal og Vestlandsposten, ei skandalesak om ei uheldig pleierekning etter ein tung sjukdomsperiode – til saman gjorde dette at Andreas Lavik vart utestengd frå lekmannsrørsla på Vestlandet etter stortingsperioden. Derimot vart han ikkje stengd ute frå lokalpolitiske verv, og han reiste rundt som agitator for fråhaldssaka.

Etter ei forsoning mellom Lavik og lokale indremisjonsleiarar i Kvinnherad, der han budde, fekk han atter ei leiarrolle i den vestlandske indremisjonsrørsla. 1897 var han tilbake i Bergens Indremisjon, og året etter var han den drivande krafta då Det Vestlandske Indremisjonsforbund vart skipa. Målet med den nye organisasjonen var eit samordna og effektivt arbeid med å formidla evangeliet, ikkje minst gjennom å senda ut predikantar. Trass i mange døme på godt samarbeid hadde det opp gjennom 1800-talet ofte vore eit konfliktfylt forhold mellom lekmannsrørsle og prest, og det er illustrerande at Lavik på ei av preikeferdene i sin ungdom vart møtt av den lokale presten med at “nu kommer De ikke som en fredens engel, men som en forstyrrelsens”.

Lavik meisla ut ein sjølvstendig profil for det nye indremisjonsforbundet, ikkje underlagd det kyrkjelege embetet og ubunden av det meir embetsvenlege indremisjonsselskapet i Kristiania. Dermed fekk Noreg to parallelle organisasjonar på dette feltet: Indremisjonsselskapet styrt frå hovudstaden og det markant lågkyrkjelege Indremisjonsforbundet styrt frå Bergen. Lavik var sekretær for Indremisjonsforbundet og redaktør av bladet Sambaandet frå starten og fram til 1917. Dei to siste åra av livet var han òg styrar for bibelskulen i Bergen. Han forfatta ei rekkje oppbyggjelege traktatar, hefte og bøker. Songane han skreiv, blir knapt sungne lenger.

Hovudsaka for Andreas Lavik var evangeliet og det kristelege lekmannsarbeidet. Samstundes var han samfunnsengasjert, og på eit vis kombinerte han ei kulturopen haldning med den pietistiske skepsisen mot nedbrytande krefter i kulturen og “uheldige omgangsformer”, som t.d. dans og kino.

Andreas Lavik vart ein respektert indremisjonsleiar og var medlem av kyrkjekommisjonen av 1908. Kona Margrethe la ned ein stor innsats i heimen, på garden, i administrative oppgåver og kristeleg arbeid; 1915 vart ho vald som varakvinne til Stortinget. Saman fekk dei 11 born.

  • Bibliografi i A. K. Uthaug: “Kongevegen, kara! Andreas Lavik og lekmannsrørsla på Vestlandet”, i Frå Fjon til Fusa. Årbok for Hordamuseet og Nord- og Midhordland sogelag,Bergen, 1996, s. 211–213

    Eit utval

  • Brydninger, Stavanger 1893
  • Hvorvidt bør indremissionen indordnes under det kirkelige embede, foredrag halde i Bergen 6.2.1898, Bergen 1898
  • Sions sange. Forbundets sangbok (sm.m. B. A. Lindeland), Bergen 1901
  • Vort folk idag, Bergen 1917
  • J. Lavik: Andreas Lavik. En biografisk skisse,Bergen 1919
  • S. A. Goli: biografi i NBL1,bd. 8, 1938
  • A. K. Uthaug: “Kongevegen, kara! Andreas Lavik og lekmannsrørsla på Vestlandet”, i Frå Fjon til Fusa. Årbok for Hordamuseet og Nord- og Midhordland sogelag,Bergen 1996