Bonde, diktar og politikar. Foreldre: Bonde Rasmus Andersson Vassbotn (1831–1907) og Olina Nilsdotter Djuvik (1826–1908). Gift 1893 med Anna Sivertsdotter Rotevatn (7.12.1870–30.3.1970), dotter til bonde Sivert Olsen Rotevatn (1830–90) og Marte Styrkarsdotter Botn (1834–1923).

Anders Vassbotn var ein talsmann for det finaste i bondekulturen. Han var ein føregangsmann for den frilynde ungdomsrørsla, han var stortingsmann for Venstre i nær 20 år, og han skreiv seg inn i litteraturhistoria med diktet Å leva det er å elska.

Han voks opp på slektsgarden Vassbotn ved Rotevatnet aust for bygdesenteret Volda. Slutten av 1800-talet var ei brytingstid, med endringar i religion, politikk og samfunnet elles. Den radikale ungdommen i Volda samla seg på garden Riste, der ekteparet Synnøve og Per Riste saman med Rasmus Steinsvik skapte eit kultursenter som m.a. inkluderte ein statsstøtta målskule (frå 1887) og Vestmannen, den fyrste lokalavisa på nynorsk, redigert av Steinsvik. Ungdommane her vart tidleg vaksne, og Anders Vassbotn vart ein av dei fremste i dette miljøet. Han gjekk seinare eit år på folkehøgskule i Hornindal, og impulsane og tankane frå begge desse miljøa sette varige spor. Han hadde heile livet eit folkeleg-radikalt samfunnssyn og ei gjennomført nasjonal innstilling. Kjærleiken til folkehøgskulen vara livet ut.

1890 flytte Vassbotn til Bergen, der han arbeidde for forleggjaren Mons Litleré. Han skreiv flittig for ulike aviser. Ei stund brukte han dekknamn, fyrst Bjørn Botnen, seinare Møregut, men rundt hundreårsskiftet gjekk han over til å skrive under fullt namn.

Frå 1891 til 1902 gav han ut fire diktsamlingar og fire skodespel. I mange av dikta sine tek han parti for dei veike i samfunnet, men han skriv òg nasjonale dikt, og dikt som hyllar Sunnmøre og folket der. Det mest kjende diktet hans er Å leva det er å elska, som fyrste gong stod på prent i bladet Firda 14. juni 1893, med tittelen “Aa liva”. Diktet hadde då seks strofer, men det vart seinare redigert ned til dei tre strofene som framleis er svært populære og mykje brukte. Etter fleire tiår utan nye bøker vart forfattarskapen avslutta 1941 med diktsamlinga Mitt heimland, som inneheld både gamle og nye dikt.

Av skodespela hans var Meinhøve det mest spelte. Handlinga i stykket er henta frå bondelivet på Sunnmøre i 1890-åra, og dette lystige spelet var meir populært enn dei skarpe og kritiske Pinseveir og Nybrotsmenn.

Ein av grunnane til at det vart mindre dikting frå hundreårsskiftet, var at Vassbotn etter kvart fekk mange verv og oppgåver. Han tok over farsgarden i Volda 1894, og han var sentral då Sunnmøre frilynde ungdomssamlag vart skipa same året. Han var formann i laget 1896–1904 og sat i styret i Noregs ungdomslag 1896–1907. På årsmøtet i Noregs ungdomslag 1899 vart han vald til formann, men takka nei av helsegrunnar.

Vassbotn hadde eit sterkt politisk engasjement. Han var venstremann og vart vald inn i heradsstyret i Volda 1902. Han var med i ei rekkje nemnder og utval og sat som ordførar 1910–13. Det året fekk han plass på Stortinget, der han sat til han sa frå seg plassen 1930.

Tida hans på Stortinget fell saman med den siste store perioden til Venstre i norsk politikk. Vassbotn var ein aktiv og respektert representant, ein byggjande politikar, og markerte seg alt fyrste året ved å gå på talarstolen 25 gonger, eit høgt tal for ein ny tingmann.

Det var kulturpolitikk som var viktigaste arbeidsfeltet hans, og han var ein sterk talsmann for bygde-Noreg og for den nynorske skriftkulturen. 1914 gjorde han framlegg om at forretningsordenen for Stortinget skulle prentast på begge målformene, han var med på å få gjennom målparagrafen i folkeskulelova 1915, og han var med i grunnleggingsarbeidet for mållova, som kom 1930. Vassbotn var to gonger på tale som kyrkjeminister, men takka nei. Han var varamann til Nobelkomiteen 1931–38 og frå 1940 (fast medlem 1939).

Han var formann i styret for Noregs Banks avdeling i Ålesund 1933–38 og spelte ei sentral rolle sentral då Sunnmøre Museum vart skipa 1932.

    Eit utval

  • Knuppar, smaae Sogor og Song (under pseud. Møregut), Bergen 1891
  • Pinseveir. Spelstykke i ei akt (under pseud. Bjørn Botnen), Nordfjordeid 1895 (2. utg. Kristiania 1896)
  • Lyng, dikt, Voss 1896
  • Meinhøve. Spelstykke, Voss 1896 (8. opplag 1922)
  • Brodd, dikt, Voss 1897
  • Nybrotsmenn. Spelstykke i tvo bolkar, Ørsta 1900
  • Paa leikvollen. Spelleik i ei vending, Ørsta 1900
  • Brum og bar. Sogur og anna, Voss 1902
  • Mitt heimland. Ein diktbundel, 1941
  • Ein detaljert bibliografi for tida fram til 1935, finst i Nynorsk boklista, bd. 1–4, 1916–42
  • Lindstøl, bd. 1, 1914
  • HEH 1938
  • O. Riste: “Anders Vassbotn”, i SogS nr. 1/1945
  • E. Evenrud: “Anders Vassbotn, stortingsmannen”, i SogS nr. 2/1945
  • Haffner, bd. 1, 1949
  • O. Midttun: “Anders Vassbotn”, i Samtiden 1955
  • P. Årviknes: Volda-soga, bd. 2, Volda 1971
  • G. Vestheim: “Anders Vassbotn – folkeleg radikalar og nasjonal demokrat”, i SogS nr. 2/1977, s. 116–127
  • T. Aarset: “'Å leva det er å elska' 100 år”, i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 1993, s. 93–105
  • J. Nerbøvik: “Han som skreiv 'Å leva det er å elska'”, i H. Kjølås (red.): 100 år 100 navn, Ålesund 2000
  • Relieff (bronse, brystbilete) av Lars Kinsarvik, 1954; på bautastein i tunet på Vassbotn, Volda