Eidsvollsmann og stortingsmann. Foreldre: Husmann og pliktsfut ved Røros kopparverk Ole Olsen Graneng og småbrukar Marit Knutsdotter Bubakken. Gift 1) 10.10.1800 med Frederikke Dorothea Krog (1774 (døpt 25.5.)–12.9.1801), dotter til sorenskrivar Nicolai Christian Krog (1741–1818) og Anne Johanne Kierulf (1752–1831); 2) 2.2.1803 med Johanne Drejer Nissen (30.8.1783–15.11.1863), dotter til rådmann Martinus Lind Nissen (1744–95) og Maren Laumann Krog (1752–87).

Anders Rambech var husmannsguten som vart sorenskrivar, eidsvollsmann, stortingsmann og odelstingspresident.

Presten Anders Rambech i Kvikne tok seg tidleg av den gåverike husmannsguten Anders Graneng og sette han i kontorarbeid hos sorenskrivar Krog i Orkdal. Presten let også guten ta etternamnet hans, da han sjølv var barnlaus. Sorenskrivaren las juss med Anders, slik at han 1793 kunne avlegge juridisk embetseksamen i København. Same år vart han fullmektig hos sin seinare verfar, og han vart sorenskrivar etter han 1800.

Rambech vart vald til Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814 frå Søndre Trondhjems Amt og kjende seg mest heime i sjølvstendepartiet. Henrik Wergeland karakteriserte Rambech som “en sindig, men dog varmtfølende Patriot”. Rambech stemte mot Falsens forslag om ein lovkommisjon og røysta å oppløyse forsamlinga når den hadde vedteke Grunnlova og vald konge. Han heldt seg elles i kulissane, men tok ordet 17. mai med eit kraftig innlegg for å velje kongen akkurat den dagen.

Rambech vart vald til Stortinget 1815. Han vart sekretær, da han gjekk for å vere ein både nøyaktig og sakleg politikar. 1818 vart han derfor også vald til president i Odelstinget. Minst like ærefullt var det å bli utnemnd i kroningsdeputasjonen til kong Karl Johans kroning i Trondheim same år.

Rambech vart berre varamann til Stortinget 1821, men møtte fast 1824. Den tida møttest Stortinget berre kvart tredje år. No vart han så vel president som visepresident i Odelstinget. 1827 var han fast president i Odelstinget. Han vart også vald som stortingsmann 1830, men sa frå seg valet. Då bøndene heldt det store inntoget på Stortinget 1833, vart han berre varamann.

Som odelstingspresident var Rambech med på å planleggje det parlamentariske arbeidet. Han var ein verdig og effektiv president og påverka den nasjonale politikken under makttida til den norske embetsstanden mellom 1814 og 1833. Han var fleire gonger fast medlem av valkomiteen, samt leiar og medlem av mange andre stortingskomitear.

Rambech var dermed ein av dei leiande i “embetsmannsopposisjonen”, men heldt likevel på å vere så uavhengig som mogleg. Han meinte at han også burde representere bønder og bergverksfolk. Då det ikkje lykkast å vedta lover om pengevesen og verneplikt på regelrett vis 1816, foreslo han og fekk vedteke at Stortinget skulle vedta lovene med enkelt fleirtal. Det var eigentleg mot Grunnlova, men den lure Rambech leverte ei sylskarp juridisk grunngjeving for vedtaket. Begge vedtaka tente embetsstanden. 1818 fekk han også forsamlinga med seg i eit bitande, ironisk innlegg mot stortingsmann Sebbelows vidløftige finansplanar.

Rambech var ein ivrig nasjonalist i flaggsaka og gjekk sterkt inn for at Stortinget alltid skulle hevde makta si overfor regjeringa. 1818 foreslo han både lova mot norsk adel og lova om sagbruksvesenet. 1824 gjekk han også inn for å endre vallova og vernepliktslova. Men Rambech ønska aldri å ramme regjeringa på mindre saker og med heilt unødvendige konfrontasjonar. 1818 hindra han derfor riksrettssak mot statsråd Diriks – og mot statsråd Collett 1827.

Anders Rambech la alltid vegen innom det kjære Kvikne og barndomsheimen når han reiste til og frå Stortinget. Han vart ein avhalden mann i alle samfunnsklasser og hadde knapt nok ein einaste uven. Han hjelpte fattigfolk i fødebygda si da kopargruvene der vart stengde for godt 1812.

Den eventyrlege lagnaden hans frå husmannsgut til odelstingspresident vekte sjølvsagt oppsikt og inspirerte mange andre bondegutar. Det var absolutt vel fortent at Anders Rambech 1818 fekk eit flott gullur av kong Karl Johan “som tegn på Erkjentlighed og Venskab”.

  • C. Pavels: Dagbøger 1817–1822, 1863
  • O. Rambech Bugge: Familien Rambech, 1907
  • H. Koht: Eidsvoll 1814, 1914
  • H. Wergeland: Saml. Skrifter, bd. 4:4, 1926, s. 317
  • Medlemsblad for den norske dommerstand, 1932, s. 338
  • A. Olafsen: Våre sorenskrivere, bd. 1–2, 1940
  • O. T. Hagen: Kvikne bygdebok, 1951
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 11, 1952
  • Meldal bygdebok, 1968
  • To portrettmåleri i Eidsvoldsbygninga, målt av Jacob E. Munch (før 1820)
  • Minnestein på Granengen i Kvikne, reist 1914.
  • Minnestein ved Meldal kirke. Kransnedleggelse hver 17. mai.