Prest og diktar.

Gift 1) 26.8.1891 i Ålesund med Lina Marie Devold (2.8.1865–4.7.1895), dotter til fabrikkeigar Ole Andreas Devold (1827–92) og Andrea Jakobine Karoline Landmark (1825–72)

Gift 2) 5.3.1897 i Drammen med Kari Huglen (5.3.1879–27.10.1963), dotter til klokkar Hans Huglen (1850–1936) og Johanne Marie Huglen født Totland (1848–1907).

Anders Hovden var prest ulike stadar i Noreg i nesten 40 år. Han var ein høvdingskikkelse og kjend folketalar, men mest kjend er han som salmediktar og fornyar av den norske salmetradisjonen.

Hovden voks opp i Ørsta på Sunnmøre. Det harde strevet for dagleg brød som han var vitne til i oppveksten sin, gjorde at han fekk stor respekt for livet til fiskarbøndene. Heimbygda, naturen og folket der kom til å bli ei viktig inspirasjonskjelde for hans seinare dikting. 1875–77 gjekk han på lærarseminaret i Volda, og deretter las han til examen artium. Han vart student 1881, tok til å studere teologi og vart cand.theol. 1886 med praktisk-teologisk eksamen 1888. Som student i Kristiania levde han i tronge økonomiske kår, men Ivar Aasen, som var farens ungdomsven, gav han pengar så han greidde seg. Hovden høyrde med til den radikale studentflokken, og han møtte både Garborg og Bjørnson. Han vart venstremann, målmann og ein ivrig nasjonalist, og han tileigna seg ein kulturopen og frilyndt kristendom.

Etter embetseksamen var han først lærar ved lærarskulen på Elverum, så huslærar i Stockholm og reiseprest på Sunnmøre. Si første prestestilling fekk han 1891, då han vart utnemnd til kallskapellan i Vanse og Farsund. Etter 7 år der var han stiftskapellan i Kristiania stift 1898–1902, residerande kapellan i Krødsherad 1902–09, så sokneprest i Melhus 1910–19 og til slutt sokneprest på Østre Toten frå 1919 til han fall for aldersgrensa 1930.

Det var som prest på Lista at Hovden for alvor tok til å skrive. Første forteljinga gav han ut 1893 – under pseudonym. Til saman gav han ut 11 prosaforteljingar. Han fortel om kvardagslivet hos fiskarbonden på Vestlandet. Havet står sentralt i alt han skreiv. Forteljingane Odd (1896) og Gate og Grend (1905) har eit tydeleg sjølvbiografisk innhald som ligg nær opp til hans sjølvbiografiske skildringar i Attersyn (1926). Hovden gav òg ut 16 diktsamlingar, frå Sunnmøringen (1894) til Kornmo (1941). Gjennombrotet kom med Tungalda (1897). Mykje av tematikken i dikta er den same som i forteljingane.

Mest kjend er Hovden som salmediktar. I alt dikta han om lag 250 salmar, alle på nynorsk. Han gav ut fire salmesamlingar i åra 1905–39: Salme og Song, Vert ljos!, Salmar og Postludium. Salmane til Hovden var ein del av ei brei fornyingsrørsle av salmediktinga i Noreg som hadde starta med Blix-salmane. Salmane hans er prega av naturpoesi og nasjonalreligiøsitet. Ein av dei mest kjende, Fagert er landet, vart til under ein skitur ein herleg vinterkveld i Krødsherad 1907, og han vart snart ein sentral 17. mai-salme.

Som salmediktar har Hovden vorte karakterisert som “meir kunstnar enn teolog”. Salmane er kjenneteikna av ein mangfaldig biletbruk, og bileta er ofte tekne frå heimemiljøet der vest, frå kvardagslivet til menneske i arbeid på sjøen og på jorda. Mange biletlege uttrykk er også henta frå naturen. I salmane formidlar han ein folkeleg og livsnær kristendom, og han teiknar bilete av ein kjærleg og nådig Gud som møter menneska med ei open “faderfamn”. Men også livsalvoret, slitet for dagleg brød og døden, kjem tydeleg til uttrykk i det han skreiv.

I åra 1915–18 var Hovden med i komiteen som reviderte Landstads salmebok. Etter oppmoding frå Det norske Samlaget arbeidde han og biskopane Peter Hognestad og Bernt Støylen ut Nynorsk salmebok, som vart godkjend til kyrkjebruk 1925. Meir enn ein femtepart av salmane der var av Hovden, 128 originale og 81 omsette. Norsk salmebok og tillegget Salmer 1997 som blir brukt i dag, inneheld 22 av Hovdens eigne salmar og 17 omsetjingar.

Hovden gjorde eit stort arbeid for den frilyndte ungdomsrørsla. Han tala ved stemner over heile landet, og den sentrale bodskapen i det han ønskte å formidle, var striden for målsaka: “Heimatt til far og heimatt til mor og heimatt til fedraland!” For Hovden vart målsaka eit spørsmål om å vende heim til fedrelandet og til Gud. Ved Olavsjubileet 1930 heldt han foredrag i Nidarosdomen, og dette var nok eit høgdepunkt for han som talar og forkynnar.

Anders Hovden gjorde fleire utanlandsreiser, m.a. til USA, og 1913 avduka han eit Ivar Aasen-monument i Moorhead, Minnesota. 1931, året etter han tok avskil som prest, fekk Hovden diktarløn av Stortinget. Dei siste åra budde han på Nordstrand ved Oslo, og der døydde han 1943. Året etter vart urna hans nedsett i grava til faren på Ørsta kyrkjegard.

  • Salme og Song, 1905
  • Vert ljos!, Bergen 1914
  • Salmar, Bergen 1920
  • Postludium, 1939
  • red. Nynorsk salmebok (sm.m. P. Hognestad og B. Støylen), 1925
  • Laak Lagnad (under pseudonymet Karl Koll), Bergen 1893
  • Odd, 1896
  • Gate og Grend, 1905
  • Stormfugl (forteljing på vers), 1906
  • Liv og lagnad, 1908
  • Have der vest (forteljing på vers), 1912
  • Paa styrebrui, 1916
  • Rudningsmenn, 1919
  • Rotlaus, 1932
  • Full fart forover!, 1935
  • Sunnmøringen, Bergen 1894
  • Tungalda, 1897 (ny utg. 1924)
  • Solhòv, 1907
  • Utpaa djupi og andre dikt, 1909
  • Paa fallreipe, 1917
  • Haust, 1930
  • Fagnafolk, 1938
  • Kornmo, 1941
  • Heim og Hamn 1. Preikor, 1898
  • Heim og Hamn 2. Taler, salmar og songar. Ny samling, Voss 1902
  • Per Sivle. Ei livssogu, 1905
  • Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren. Ei minneskrift um livsverket hans, 1913
  • Ivar Aasen i kvardagslaget, Trondheim 1913
  • Helga den fagre. Sogespel i tri vendingar, 1915
  • Attersyn, 1926 (ny, auka utg. 1943)
  • Heim og hamn 3. Preikesamling, 1943
  • Alle originalmanuskripta, Hovdens dagbøker og mange brev finst i Handskriftsamlinga, NBO
  • Stud. 1881, 1906, 1931
  • R. Thesen: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • P. E. Rynning: “Dei fire store i norsk salmedikting: Landstad – Blix – Støylen – Hovden”, i NTT 1944, s. 1–22
  • Ø. Hovden: Anders Hovden Eit nærportrett, 1960
  • O. Midttun: Anders Hovden. Liv og dikting, 1960
  • Ø. Hovden: Anders Hovden i kvardagslaget, Trondheim 1972
  • I. Havåg: Guds opne faderfamn. Biletbruk og tematikk i Anders Hovdens salmar, h.oppg. UiO, 1985
  • T. Urke: Anders Hovden, Volda 1987
  • D. Thorkildsen: Grundtvigianisme og nasjonalisme i Norge i det 19. århundre, KULT skriftserie 70, 1996
  • T. Urke: «Anders Hovden. Ein fullriggar med foss om baugen», i H. Kjølås (red.): 100 år 100 navn. Personar som har preget hundreåret på Nordvestlandet, 2000, s. 126–128
  • Måleri av Frida Rusti, 1909; Sunnmøre Museum, Ålesund
  • Byste av Jens Munthe Svendsen, 1921; Ungdomshuset, Hovdebygda, Ørsta
  • Måleri av Frida Rusti, 1930; Hoff kyrkje, Østre Toten
  • Byste av Ottar Espeland, 1937; Sunnmøre Museum
  • “Hovdenmonumentet”, statue (heilfigur) av Anne Grimdalen, 1960; Ørsta sentrum
  • Måleri (brystbilete) av Rasmus Strømme, u.å.; Haugesund Mållag