Faktaboks

Alfred Oftedal Telhaug
Fødd
25. september 1934, Skudeneshavn (no Karmøy), Rogaland
Verke
Pedagog
Familie
Foreldre: Sokneprest Andreas Telhaug (1893–1990) og kontorsjef Randi Oftedal (1904–94). Gift 21.12.1961 i Oslo med kontorsjef Karin Elisabeth Lange (10.1.1939–), dotter til overbokhaldar Johannes Lange (1908–98) og sjukepleiar Doris Jeppesen (1910–98).

Alfred Oftedal Telhaug har markert seg som ein klårsynt observatør og skriveglad debattant i norsk utdanningspolitikk. Hans solide kjennskap til norsk utdanningspolitisk tenking gir tillit, og hans overtydingar om kva skolen bør bidra med for både den einskilde og samfunnet, har både gleda og provosert.

Telhaug voks opp i prestegarden i Skudeneshamn saman med fem søsken. Etter examen artium på latinlina ved Stavanger katedralskole 1953 hausta han i åra framover lærarrøynsle frå eit framhaldsskulekurs, noko erfaring frå både jordbruk og havfiske, og ikkje minst frå eit halvår som journalist i Haugesund Dagblad. I studietida vikarierte han ei kortare tid ved Nordstrand folkeskole og var eit par år lærar ved Norsk Korrespondanseskole. 1958 tok han eksamen ved Oslo off. lærerskole, og 1962 vart han mag.art. ved Universitetet i Oslo med hovudfag i pedagogikk og avhandlinga Knut Hamsuns syn på oppdragelse og skole. Han har gjort fleire studiereiser – Sverige 1967, Storbritannia, Nederland, Danmark og Sverige 1971–73, parallelt med at han var NAVF-stipendiat og utførte ei større skulehistorisk gransking. 1988 og 1997 hadde han studieopphald ved Institute of Education, London University. 1990 vart han dr.philos. ved Universitetet i Trondheim på avhandlinga Forsøksrådet for skoleverket – en analyse av et sentralt innovasjonsorgan.

Telhaug arbeidde som lektor i pedagogikk ved Trondheim off. lærerskole 1962–67. Med permisjon frå hovudstillinga var han kalenderåret 1966 engasjert som pedagogikklektor ved Noregs Lærarhøgskule i Trondheim (no del av NTNU). Hausten 1967 blei han tilsett der som lektor i pedagogikk. Han blei førstelektor 1971, seinare førsteamanuensis, og har avstått frå å søke andre stillingar. Han har vore styrar for Pedagogisk institutt ved Universitetet i Trondheim/NTNU tre gonger (1978–80, 1992–93 og 1996). 1989–91 hadde han eit engasjement som forskar ved Norsk senter for barneforskning i Trondheim. Telhaug vart pensjonert frå NTNU i 2004.

Telhaugs bidrag har vore på to felt, forsking og formidling, som han har kopla nært til kvarandre. I forskinga valde han å arbeide med skulehistorie, der han i 1960-åra etter kvart fann eit upløgd område: utdanningspolitikk. Det utvikla han frå å vere noko ein forskar med respekt for seg sjølv ikkje tok opp, til å bli norsk utdanningspolitisk idéhistorie, ein respektert og viktig spesialitet. Den kvilelause og målretta forskinga hans har resultert i ei rekkje bøker, mellom dei Fra parallelle skoler til enhetsskole, Norsk skoleutvikling etter 1945, Norsk utdanningspolitisk retorikk 1945–2000 og Grunnskolen som nasjonsbygger. I fleire omfattande komparative arbeid har han sett den norske skuletenkinga og -utviklinga i relieff mot tenking og reformer i andre land, spesielt Storbritannia og Danmark.

Leietråden i Telhaugs samla faglege innsats har, særleg dei siste 20 åra, vore å sameine einskapsskulen med trua på kunnskapsskulen. Han har levert nesten tallause polemiske innlegg, kronikkar og bokomtalar i aviser, skulepresse, radio, fjernsyn og debattmøte, både som publisist, forelesar, kåsør og debattant. Ikkje minst har han i fleire tiår vore etterspurt som analytisk kommentator til den aktuelle skulepolitiske utviklinga, og han har oppnådd ein unik status som skulekommentator og utdanningskritikar.

Telhaug var medlem av Forsøksrådet for skoleverket 1971–74, der han særleg arbeidde med kontakten til Lærarutdanningsrådet og Norges almenvitenskapelige forskningsråd og skreiv utkast til nokre kapittel til generell del av læreplan for vidaregåande opplæring. 1973–81 var han redaktør av Norsk Pedagogisk Tidskrift og 1985–2002 medlem av redaksjonen for Årbok for norsk utdanningshistorie. 1992 kom han med i referansegruppa for utarbeiding av generell del til 1994-læreplanen for grunnskulen, og 1995–96 var han medlem i Hille Valla-utvalet, som la fram nye planar for norsk lærarutdanning. 1995–2000 var han leiar for fagkomiteen for pedagogikk i Norges forskningsråd, og 1996 blei han medlem av OECDs ekspertgruppe for vurdering av det russiske utdanningssystemet.

Alfred Oftedal Telhaug blei heidra med Allforsks formidlingspris 1991. Han er medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Verker

    Eit utval

  • Knut Hamsuns syn på oppdragelse og skole. En filosofisk-pedagogisk studie, mag.avh. UiO, 1962
  • Den ni-årige skolen og differensieringsproblemet. En oversikt over den historiske utviklingen og den aktuelle debatt, 1969
  • Vår nye grunnskole (sm.m. S. E. Vestre), 1969
  • Fra parallelle skoler til enhetsskole. En studie av forholdet mellom allmueskole (folkeskole) og høyere skole i årene fra 1865 til 1896, Trondheim 1974
  • Vår nye videregående skole, 1975 (3. utg. 1979)
  • Åpne skoler i Norge, 1976
  • Norsk skoleutvikling etter 1945, 1982 (4. utg. 1994)
  • Skolen som motkultur. Didaktikk i sosiohistorisk perspektiv, 1987 (2. utg. 1990)
  • Forsøksrådet for skoleverket 1954–1984. En studie i norsk skoleutvikling, 1990
  • Norsk og internasjonal skoleutvikling. Studier i 1980-årenes restaurative bevegelse, 1992
  • Utdanningsreformene. Oversikt og analyse, 1997
  • Norsk utdanningspolitisk retorikk 1945–2000. En studie av utdanningstenkningen i norske partiprogrammer, 1999
  • Skolen mellom stat og marked. Norsk skoleteking fra år til år 1990–2002, 2002
  • Grunnskolen som nasjonsbygger. Fra statspietisme til nyliberalisme (sm.m. O. A. Mediås), 2003
  • Kunnskapsløftet – ny eller gammel skole? Beskrivelse og analyse av Kristin Clemets reformer i grunnopplæringen, 2005

Kilder og litteratur

  • Opplysningar frå Alfred Oftedal Telhaug, 2004