Fiskar, organisasjonsmann og politikar. Foreldre: Fiskarbonde Ingebrigt Bertheus Hansen (1860–1932) og omsorgsbonde Rebekka Elisabeth Hansine Villumsdatter (1867–1950). Gift 1) 7.12.1919 med Thora Louise Johnsen (f. 1898), dotter til fiskarbonde Tobias Johnsen og omsorgsbonde Louise Johnsen, ekteskapet oppløyst 1945; 2) 1951 med fullmektig Gudrun Jacobsen (f. 1897).

Aldor Ingebrigtsen var den fremste representanten for fiskarbondesosialismen innanfor nordnorsk arbeidarrørsle. Gjennom sitt virke som tillitsvalt for fiskarane og som stortingsrepresentant for Det norske Arbeiderparti gjennom 30 år var han eit bindeledd mellom det nordnorske småkårsfolket og den nasjonale arbeidarrørsla. Han inkarnerte nordnorsk kulturell og sosial reisning.

Ingebrigtsen voks opp som den nest eldste i ein søskenflokk på 12 i Lyfjord på yttersida av Kvaløya i noverande Tromsø kommune. Han gjekk i fiskarbåten som 13-åring, etter fem års folkeskole. Heilt i startfasen av motoriseringa av fiskeflåten i regionen kjøpte han som 19-åring si eiga fiskeskøyte. 1915 var han med og stifta Nord-Norges fiskerforbund – 11 år før landsorganisasjonen for fiskarane, Norges Fiskarlag, vart danna. 1916 vart han valt til formann på den første ordinære generalforsamlinga og attvalt heilt fram til organisasjonen 1930 gjekk inn i Norges Fiskarlag som fylkeslag for Troms. Frå då og til han 1939 vart tilsett som fiskeriinspektør i Troms, var han formann for Troms fiskarfylking.

I sitt virke som dei nordnorske fiskarane sin fremste tillitsvalte reiste Ingebrigtsen landsdelen på kryss og tvers som agitator, og han var personleg med på å stifta over hundre fiskarlag. Ingebrigtsen var tvillaust den viktigaste drivkrafta bak gjennomslaget for fiskarorganisering i Noregs mest fiskeriavhengige landsdel.

Ved stortingsvalet 1921 vart Ingebrigtsen valt inn for Arbeidarpartiet i Troms. Frå første stund stod han fram med stort sjølvmedvit på vegne av den fiskeribefolkninga som han særleg gjorde seg til talsmann for. Alt som skårunge på tinget, i sin første periode, heldt han 88 innlegg og til saman 686 i dei 25 åra han møtte der. Han var også særs aktiv som foredragshaldar i heile sin karriere som stortingspolitikar. Hans private arkiv inneheld tusenvis av brev om saker som han arbeidde for på vegne av organisasjonar og einskildpersonar. I mellomkrigstida var han særleg oppteken av spørsmål som vedrørte tilhøva for fiskarane under dei harde depresjonane for næringa, men i stigande grad vart han ein pådrivar for dei saksfelta som sorterte under den komiteen han sat i – Post- og telegrafkomiteen (sidan 1950 Samferdselskomiteen), som han var formann for 1945–49. For Ingebrigtsen dreidde dette seg om å løfta landsdelen økonomisk og sosialt; ei modernisering på landsdelens eigne premissar. Ei styrking av kommunikasjonane var til fordel for kystfiskarane nordpå, mens ei modernisering basert på trålarar var til fordel for “spekulanter, eksportører” og ikkje fiskarane, som er “slaver for dem som eier trålerne”, som han sa i ein stortingsdebatt 1936. Frå 1945 var han visepresident i Lagtinget.

Ingebrigtsens sjølvmedvit på vegne av den sosiale rørsla han sprang ut av, kom også til uttrykk i ein sterk og biletrik retorikk i hans eigen dialekt, også frå Stortingets talarstol. I det låg det eit heilt medvite program om kulturell sjølvhevding. Det går mange historier om Aldors retoriske kraft. Nokre av dei er openbert produsert av motstandarar som ønska å latterleggjera denne nordlendingen som braut med dei språklege konvensjonane. Ingebrigtsen var ein av dei som skapte Nord-Noreg som region, gjennom å integrera sosiale, politiske og regionale interesser. Forfattaren og vennen Johan Falkberget omtalte Ingebrigtsen i ein nekrolog som “en humanist av store dimensjoner”. Dette kom til uttrykk i Ingebrigtsen sitt sterke engasjement for einskildlagnader, også til fordel for landssvikdømte – trass i hans eigen bakgrunn som tysk fange i to periodar under krigen. Ingebrigtsen sine replikkar kunne vera drepande, men “Aldor ønsket aldri sine motstanderes totale tilintetgjørelse”.

Aldor Ingebrigtsen døde av kreft 1952 og er gravlagt på Tromsø gravlund.

    Etterlatne papir

  • Ingebrigtsens private arkiv finst i SA, Tromsø (privatarkiv 116)
  • Aldor Ingebrigtsens privatarkiv (sjå ovanfor, avsnittet Verk)
  • Stort.tidende 1922–52
  • biografi i Haffner, bd. 1, 1949
  • HEH 1950
  • E. Larssen: Det store gjennombruddet 1902–1952, Tromsø 1952
  • I. Kristoffersen: Aldor. Kystens og fiskernes høvedsmann, 1993
  • A. Kaartvedt, R. Danielsen, T. Greve m.fl. (red.): Det norske Storting gjennom 150 år, bd. 4, 1964
  • A. Hallenstvedt og B. Dynna: Fra skårunge til høvedsmann. Med Norges fiskarlag gjennom 50 år, Trondheim 1976
  • M. Jønsson: “Nordlys” i 75 år, Tromsø 1976
  • biografi i Nordby, bd. 1, 1985
  • P. Christensen og G. Pedersen: Ishavsfolk, arbeidsfolk og fintfolk 1900–1945, bd. 3 i Tromsø gjennom 10 000 år, Tromsø 1995

    Kunstnarlege portrett

  • Portretthovud av Emma Matthiasen, 1955; Telenor, Tromsø
  • Byste av Emma Matthiasen, 1957; bauta på Ingebrigtsens grav, Tromsø gravlund