Faktaboks

Albert Joleik
Albert Sigvard Abramson Joleik Opph. Andersen
Fødd
14. mars 1880, Florø (no Flora), Sogn og Fjordane
Død
30. april 1968, Bergen, Hordaland
Verke
Journalist og forfattar
Familie
Foreldre: Handelsmann og gardbrukar Abraham Andersson (1854–1931) og Susane Abrahamsdotter Vasset (1854–1951). Gift 1) el. sambuar med Wanda Nesja, forholdet avslutta; 2) 23.12.1912 med lærar Olava Hjulstad (12.4.1888–5.8.1965), dotter av Olav Nilson Hjulstad og Amalia Kristine Andreasdotter (f. 1869). Navneendring til Joleik etter løyve frå 1905.
Albert Joleik

Foto: 1965

Albert Joleik
Av /NTB Scanpix ※.

Albert Joleik var filolog, realist, offiser, journalist, aviseigar, omsetjar, bygdebokforfattar og gardbrukar – og ikkje minst ein original i beste forstand som enno lever på folkemunne i Bergen og store delar av Vestlandet.

Joleik var fødd i Florø 1880 og bar namnet Albert Andersen til han fekk løyve av “1905-ministerie” til å ta etternamnet Joleik, opphavleg eit eit norrønt mannsnamn. Han gjekk på Hambros skule i Bergen, tok middelskuleeksamen der 13 år gammal og studenteksamen tre år etter. Da først fekk han tid til å konfirmere seg, og sambygdingane lurte på kvifor konfirmanten hadde hespe i huva. Berre 22 år gammal vart han cand.real., med filologi i fagkrinsen. Han har fortalt at han heldt på å bli nekta eksamen da han skreiv oppgåvesvar på nynorsk 1901, visst som den første.

Joleik tok òg militær utdanning og vart sekondløytnant 1903, og i tre år (1905–08) var han offiser i Belgisk Kongo. Seinare ville han visst korkje sanne eller avsanne at han kommanderte dei afrikanske soldatane på nynorsk – heller ikkje at han sette støkk i dei med eiden “Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap”. Han kom heim frå Kongo med ein son på eitt år, Olav; guten voks opp hos besteforeldra, og som halvt afrikanar var han eit eksotisk innslag i Sunnfjord. Seinare fekk Albert Joleik 11 born med kona Olava.

I Trondheim gav Joleik ut målbladet Spegjelen (1911–13). Med det gjekk han inn i ein tradisjon av bladutgjevarar der ein frå før hadde namn som Vinje, Garborg, Mortensson-Egnund og Steinsvik. Broren tok over styringa av Spegjelen da Albert Joleik vart kalla til Bergen for å vera redaksjonssekretær og seinare medredaktør i Gula Tidend. Eit par år (1919–21) var Joleik eineredaktør. Innimellom sette han om norrøne soger.

Frå 1923 til 1940 gav han ut si eiga avis, Fjordaposten, med undertittelen “For norskt næringsliv og nationaldemokratisk politikk”. Særleg vart han kjend for sine “ymsingar” under signaturen Garp.

Frå 1940 skifta han mellom å drive ein gard han hadde kjøpt i Naustdal, og opphald i Bergen. Der samla han tilfang på statsarkivet til fleire solide band med bygde- og gardssoger. Bøkene er merkte av ein forfattar som tenkte sjølv og gjerne gjekk eigne vegar. Her finn ein teoriar om stadnamn (var Thule eigentleg Fjaler?), kapittel om sunnfjordingar i dei norrøne sogene (ikkje reint få), om aldersskilnad mellom ektefolk og om kor viktige hunden og katten var på gardane – ved sida av meir handfaste opplysningar om slekter, skifte, skøyte og prosessar. Faktaopplysningane kjem tett, og ikkje alt er like lettlese. For mange baud nok språkforma på motstand òg: Albert Joleik laga si eiga rettskriving, mellom anna med markering av opne og tronge vokalar, med á for å og ð for stum d (guðshúse). Det var nok ikkje utan grunn at setjaren fekk namn og bilete på kolofonsida i andre bandet av Sunnfjordsoga. Albert Joleik må ha vore godt synleg i byen med eit vake og ungt blikk over eit langt nisseskjegg, og som fast gjest på dansetilstellingane i bygdelaga heilt fram til han døydde 88 år gammal.

Verker

    Eit utval utgjevingar

  • Spegjelen (avis), Trondheim 1911–13
  • Soga um jomsvikingarne (gamalnorsk grunntekst og nynorsk umsetjing ved Albert Joleik), 1910 (2. utg. i Norrøne Bokverk nr. 9, 1931)
  • Fjordaposten (avis), Bergen 1923–40
  • Soga um Torgjils Errabeinstjup eller Floamanna saga (umsett fraa norrøna ved Albert Joleik), Bergen 1925
  • Det samrørske målstreve, Hamar 1951
  • Sunnfjordsoga fram til 1801, 2 bd., Flora 1959
  • Ord sum er sams i rysk, norsk og svensk og ymse namnetolkingar, Bergen 1960
  • Soga um Jølst fram til 1801 og litevetta um Breim, Årdal 1967
  • Bremanger bygdebok. Soga fram til 1801, Bergen 1969
  • Soga om Flora. Soga fram til 1801, Flora 1980

    Ikkje-publisert materiale

  • Kløppstølsfolkje i 400 år, http://digitalarkivet.uib.no/sab/joleik.htm

Kilder og litteratur

  • Stud. 1896, 1921, 1946
  • Norsk Allkunnebok, bd. 6, 1954–55, sp. 954
  • F. Bjørn: “Albert Joleik”, i G. H. Hartvedt (red.): Tidige typer. Femten fargerike Bergensprofiler, 1969
  • L. Botnen: “Albert Joleik 1880–1980”, i Jul i Sunnfjord, 1980
  • G. Eithun: “Høvdingen Albert Joleik”, i BTid. 24.9.1999
  • http://digitalarkivet.uib.no/sab/joleik.htm

Portretter m.m.

    Kunstneriske portrett

  • Teikning av Audun Hetland i G. H. Hartvedt 1969 (sjå ovafor, avsnittet Kjelder)

    Fotografiske portrett

  • Fotografi i Norsk Allkunnebok, i G. H. Hartvedt 1969, i BTid. 24.9.1999 og i Stud. 1886 (sjå ovafor, avsnittet Kjelder)