Landbrukskulestyrar. Foreldre: Kapteinløytnant, seinare kommandørkaptein Ole Christopher Budde (1774–1849; sjå NBL1, bd. 2) og Andrea Frederikke Ottoline Arenfeldt (1790–1825). Gift 1846 med Birthe Lindbom (9.8.1821–3.4.1851), dotter til skipskaptein Ole Lindbom og Birthe Torsnes.

Adolph Budde var mellom dei fremste i den fyrste ættleden av landbruksskulestyrarar i Noreg. Han hadde stor innverknad på utviklinga av jordbruket på Jæren; mange dyktige elevar gjekk ut av skulen hans, og skulegarden Austrått dreiv han fram til ein storgard.

Som dei fleste av landbruksskulestyrarane på den tida hadde Budde ein variert fagleg bakgrunn. Han var offiserson og utdanna seg til teolog. Men han voks opp på garden Nes ved Tønsberg og hadde mest hug til naturvitskapane, serleg med tanke på jordbruket. Etter embetseksamen 1834 skifta han mellom førelesingar i Christiania, landbruksfag hos Jacob Sverdrup på Sem i Borre, og jordbruksreiser i Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Danmark. Etter ei tid som gardsforvaltar ved Kristiansand blei han 1841 tilsett som styrar av Kopervik lærarseminar.

1844 gjorde Stavanger amt vedtak om skiping av landbruksskule og kjøpte inn Austrått i Høyland som skulegard. Budde sa ja til å overta styringa, på vilkår av at han fyrst skulle få ei reis til Skottland for å granske jordbruket der, ut frå like føresetnader som for jordbruket i Rogaland. Skulen styrde han så i heile 32 år. Sjølve garden kjøpte han like etter tilsetjinga. I undervising og rettleiing utmerkte han seg ved sterk praktisk målsetjing med vekt på driftsøkonomien. Dette blei synleggjort ved at det vesle bruket på Austrått blei arbeidd fram til ein storgard.

Dette kan stå som “idealtypen” av den revolusjonen som skjedde i jordbruket i amtet, serleg på Jæren. Utviding av det dyrka arealet blei kombinert med nye produksjonar og ny teknologi. Folk i samtid og nær ettertid peika på kombinasjonen av undervising og synleg resultat som ein viktig faktor til å forklare ekspansjonen på Jæren.

Fleire hundre elevar gjekk ut av skulen på Austrått. Det er nok av vitnemål om høg vurdering av opphaldet her. Budde prioriterte dei sjølvstendige, framfor dei skuleflinke. Det kan difor sjå litt merkeleg ut at det reiste seg motstand, på line med den ålmenne “stormen mot landbruksskulane”. Men det var store geografiske motsetnader, og motstanden kom serleg frå dei andre delane av amtet. Opplegget til Budde var retta inn mot dei større bruka, serleg det jærske jordbruket. Då Budde sa frå seg skulen 1876, blei den nye skulen lagt til Nedstrand i Ryfylke.

Forklaringa kan òg vere tosidig. Det var stor sosial avstand, Budde høyrde avgjort til mellom embetsmennene. Han hadde ein sterk lokal posisjon, t.d. var han ordførar i Høyland 1858–63 og direktør i Høiland Sparebank i mange år, og frå 1851 til 1903 var han medlem av styret i landhushaldsselskapet i amtet. 1877 blei han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.

  • Bemærkninger i Anledning af, en ved Finantsdepartementet bevirket Commissions Betænkning, om et Central-Agerdyrkningsseminariums Oprettelse, 1839
  • Biografi (med bibliografi) i NFL, bd. 1, 1885
  • S. Hasund: biografi i NBL1, bd. 2, 1926