Forfattar og bladmann. Foreldre: Bygselsmann Olav Aasmundsson Plassen (1786–1864) og Torbjørg Gjermundsdotter (1787–1828). Gift 20.6.1869 i Vestre Aker med lærar Rosa Constance Sophie Enevoldsen f. Kjeldseth (28.10.1836–12.4.1870; ho gift 1) 1857–ca. 1863 med lensmann Abraham T. Enevoldsen, ekteskapet oppløyst), dotter til kgl. fullmektig Peter Andreas Kjeldseth (1813–70) og Jensine Glad (f. 1811).

Aasmund Olavsson Vinje var ein av dei aller viktigaste og mest originale pionerane i norsk litteratur og offentleg liv på 1800-talet. Han gjorde ein original innsats som journalist, både som Christiania-korrespondent i Drammens Tidende og med sitt eige blad Dølen. Han var ein markant og retorisk medviten kritikar av samfunnstilhøve, politikk og litteratur. Ved sida av Ivar Aasen sjølv van han den første som gjorde nynorsk til skjønnlitterært, poetisk uttrykk.

Vinje voks opp saman med den eldre systera Margit på plassen Plassevja under Vinje, som faren hadde rydda omkring 1824. Mora døydde før Aasmund fylte 10 år; sonen kjende medansvar for det tidlege tapet og sette henne eit minne i diktet Gamle Moder ('Du gamle mor, du sliter arm'). Faren var ein kulturell aktør og kulturberar av rang i Vinje, frimodig og slagferdig, ein god forteljar og ein lesande opplysningsmann. Vinje skreiv seinare: “Fa'r min var ein langt større Philosoph en baade vaare philosophiske Professorer; for hadde han lese nokot mindre, so hadde han til Vederlag somyket betre Hovud.” Borna vart sette tidleg i arbeid; ikkje minst gjetarlivet gav Vinje stoff til seinare dikt som Blaamann. Han gav uttrykk for at røynsler frå arbeids- og uteliv var like viktig lærdom som den ein kunne få i omgangsskulen og bøkene (jf. diktet Daa Olav lærde lesa i syklusen Storegut).

Straks Vinje var konfirmert 1834, rådde både soknepresten og faren han til å verte lærar, og den første lærarutdanninga fekk han på eit “hjelpeseminar” i Kviteseid til utdanning av omgangsskulelærarar for øvre og vestre Telemark. Han gjekk to vintrar i Kviteseid og vart uteksaminert våren 1836 med beste karakter. Etter dette var han omgangsskulelærar i to grender i Vinje 1836–41 før han drog til Asker Seminar for å utdanne seg vidare som lærar. Han tok eksamen der sommaren 1843.

Etter ein halvt munnleg lovnad av presten Anton Elias Smitt søkte Vinje posten som klokkar i Vinje kyrkje og lærar ved den nye fastskulen i bygda, men posten gjekk til ein sambygding og medseminarist frå Asker, gardmannssonen Olav Fetveit. Vinje oppfatta dette som ei sosial forbigåing og tok ikkje imot ein klokkar- og omgangslærarpost i annekssokna Rauland som skulekommisjonen tilbaud. Han tenkte no og ofte seinare på å emigrere til Amerika, men etter tilråding frå familien søkte han – og fekk – ein lærarpost ved borgarskulen i Mandal og tok til der 1844.

Ved sida av å undervise i yngre klassar om føremiddagen pleia Vinje si eiga utdanning seinare på dagen, både som elev i høgre klassar og ved privatundervisning i fransk, tysk og latin. Han sette seg også inn i praktiske fag som navigasjon og handelsfag og tok handelsborgarskap 1847, meir for å få røysterett enn for å drive handel. I Mandal vart han ven med bondepolitikaren Søren Jaabæk, som utan hell freista å få Vinje til å slå inn på ein politisk karriere. Ein mislykka gardhandel, der Jaabæk kausjonerte for Vinje og til slutt laut betala heile lånet, sette venskapen på ei hard prøve.

Då Vinje etter fire år i Mandal slutta ved borgarskulen 1848, hadde han såleis skaffa seg ei viktig tilleggsutdanning før han kom til Henrik Heltbergs “Studentfabrik” i Christiania om hausten for å førebu seg til examen artium, som han tok 1850. På studentfabrikken møtte han m.a. dei unge diktarspirene Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson. Etter “Anden-Examen” (examen philosophicum, som også hadde innslag av realfaga matematikk, naturhistorie, zoologi, astronomi, fysikk og kjemi) ved universitetet 1851 studerte Vinje jus og vart cand.jur. 1856. Med dette var den stykkevise formelle utdanninga fullført. Vinje vart autorisert som overrettssakførar 1857, fekk stilling som fullmektig hos høgsterettsadvokat J. C. Lous og kunne sikkert ha ført eit sutlaust borgarleg liv resten av si tid. Men han slutta hos Lous etter knapt to år og vart noko heilt anna enn ein typisk akademisk borgar.

At Vinje kom til Christiania og vart student, kan sjå tilfeldig ut. Det første målet var nok å verte lærar i heimetraktene. Men grunnlaget for både utdanning og skribentarbeid la han alt frå barndommen av. Frå han lærde å lese, var det hans kjæraste syssel; sjølvsagt Bibelen og salmar og andre religiøse bøker, og framfor alt Ludvig Holbergs skrifter, men også Petter Dass og ymse krønikebøker. Læraren kunne endå til fortelje om greske filosofar, Sokrates, Platon, Aristoteles og fleire. Særleg interessa for Holberg fylgde honom heile livet. Alt heime i Vinje hadde han høve til å lese Skilling-Magazin og Morgenbladet. Mykje som dei ikkje hadde på Plassen, kunne han låne hos presten Ingier, som omgangsskulelærar også hos den nye presten Smitt. Vinje kjende levande folkedikting heimanfrå, og frå tidleg ungdom var han på søking i tilgjengeleg skjønnlitteratur og sakprosa ut frå ei leselyst som sikkert var estetisk, men ikkje mindre motivert av opplysningstrong. Dette heldt fram i åra i Mandal, der han arbeidde med å lære seg fleire språk og også orienterte seg i filosofi.

Vinje kom til Christiania for å ta artium og studere, men det er slåande at studiet eller den institusjonelle læringa ikkje vart eigenleg hovudsak, men del av eit brokut spekter av aktivitetar. Minst like viktig er det at han utvikla seg som journalist og publisist. I studietida var han ein politisk og kulturelt aktiv skribent, i Morgenbladet, i Andhrimner (1851) saman med Paul Botten-Hansen og Ibsen, i den revolusjonære innvandraren Harro Harrings blad Folkets Røst og i avløysaren Tiden (båe 1850). Frå 1851 var han i nesten åtte år fast Christania-korrespondent for Drammens Tidende og skreiv over 700 artiklar. Han skreiv også i andre organ, både i Christiania-Posten og i Botten-Hansens Illustreret Nyhedsblad.

Gjennom aktiv skribentverksemd fekk Vinje høve til ikkje berre å lære av lesing og studium, men å prøve ut det han lærde og saug til seg gjennom si vide kulturelle og journalistiske kontaktflate. Olav Midttun seier det slik: “Han vann seg ut or den heimlege åndsringen og dei bondepolitiske småbytankane ut til eit fritt utsyn mot nye, fengjande tankestraumdrag frå Europa”, mellom anna utlauparar frå februarrevolusjonen i Frankrike 1848.

Den politiske opposisjonen vart styrkt i freistnadene sine på å hevde Stortinget i høve til regjeringa. Nasjonalkulturelle sjølvstendetiltak fekk meir vind i segla, og fattigdomsproblem – særleg mellom husmennene på Austlandet – kom for ei stund i brennpunktet gjennom arbeidarorganiseringa til Marcus Thrane. Dette skjerpa Vinjes interesse for både kultur- og sosialpolitikk. Han stødde Thrane-rørsla og skreiv om stoda til husmennene i Andhrimner. Der skreiv han òg om litteratur og journalistikk, mellom anna ein viktig artikkel om dansken M. A. Goldschmidt og hans tidsskrift Corsaren. Goldschmidt var ironikar, spottar og satirikar og vart mykje kritisert for skrivemåten sin. Men Vinje lærde av han, og artikkelen seier mykje om hans eige syn på skriving og kritikk.

Frå Vinje tok til i Drammens Tidende, tok han kulturelt og særleg språkleg til å endre retning, truleg mellom anna påverka av den språkstriden som gjekk føre seg i Christiania 1852, med utgangspunkt i spørsmålet om teaterspråk og i Frederik M. Bugges omsetjing av delar av Iliaden med medvitne språklege innslag frå Ivar Aasens arbeid. Noko av det første han gjorde i Drammens Tidende, var å greie ut for lesarane om kva journalistikk var, i fleire artiklar med tittelen Journalistiken. Pionerinnsatsen som journalist vert likvel mest knytt til hans eige blad Dølen, som han gav ut frå hausten 1858. Men i artiklane i Drammens Tidende får vi sjå at han alt var komen langt i tankane sine om dette, slik at det var kontinuitet i verksemda hans i fleire år før han tok til med Dølen.

Vinje var ein allsidig journalist frå første stund. Han gjekk inn for fritt offentleg ordskifte, der journalisten skulle vere ein rettleiar og opplysar og ikkje la seg binde til noka side. Dette stilte krav om kunnskap, røynsler og vurderingsevne. Dei to første hadde han meir variert enn dei fleste med sin uvanleg mangfelte bakgrunn både sosialt og intellektuelt. Den siste var det meir tvil om, ikkje minst hos motstandarar. Vinje skreiv om utanriks spørsmål og hendingar, om innanlands politikk og politiske aktørar, om alle sider ved kulturlivet, om universitetet og studentar og lærarar der, om marknader og økonomi, om utbygging av samferdsla, om teknologisk utvikling og framgang i jordbruk og industri. Den økonomiske framgangstida i 1850-åra gjorde òg at det hende mykje som var verdt å informere om, kommentere og drøfte.

Ved sida av at Vinje i mange saker gav eit solid fagleg inntrykk, var det ikkje minst sjølve skrivemåten, den effektfulle stilen med evne til oppgløding og med mange ironiske, komiske og karnevalistiske kvalitetar, karikaturar og paradoksale framstillingar som gjorde alt levande og friskt. Han kunne også bryte opp prosastilen med vers, både personleg lyriske, hyllande, nøkternt saklege og ironisk distanserte.

Mykje av dette irriterte det borgarlege publikumet. Sjølv om ein kunne ha sans for Vinjes skiftande haldningar og spottande og utleverande skrivemåtar, konkluderte t.d. ein artikkel i Christiania-Posten slik: “Men skal vi i Korthed sige vor Mening om hans Præstationer, da kan den ikke falde anderledes ud, end at de ere Ordgyderi af værste Sort.” Men for folk som stod Vinje nærare, som den sentrale Botten-Hansen i Illustreret Nyhedsblad, vog den “aandrige” framstillingsmåten og retorikken som regel tyngst, og Ernst Sars skreiv at “hans Drammenskorrespondencer spilte en virkelig rolle i denne åndige sulteforingsperiode, og man reves ordentlig om dem på kaféer og i læseselskaber”.

Ein av grunnane til at mange lesarar vart fascinerte av korrespondansane til Vinje, var rimelegvis det personlege i dei. Han har nok relativt tilskodande presentasjonar og drøftingar av saker og fenomen, men svært ofte investerer han eit “jeg” i teksten, presenterer noko sjølvopplevd eller dreg inn noko han har høyrt eller sett for å samanlikne og kaste uventa lys inn, slik at lesarane også må ha kome til å interessere seg for den som hadde skrive korrespondentbreva, eller for det “jeg” som viser seg i tekstane. Oftast har nok dette vore til dels bokstavleg forstått som sjølvbiografisk i samtid og for det meste i ettertid, men nyare forskarar som Sveinung Time og Jon Haarberg har sett det slik at Vinje bruker “jeg” og “eg” i retoriske grep; når han blir opplevd som skiftande, vinglete o.l., må det gjerast rekning med slike retoriske funksjonar.

Retorikken og stilinteressa har vore med når Vinje meir og meir tok til å byte inn folkelege former og ord i korrespondentprosaen. Og det er lett å sjå i fleire korrespondansar at dette skal tene det folkelege og nasjonale. Han deltok ikkje så mykje i språkstriden 1852, men debatten då og elles har vore med på å skjerpe medvitet om språkbruk, så då han gjekk over til landsmål med Dølen, kan det seiast å vere ledd i ein prosess som tok til kring 1850. Språkføringa til Vinje, som tidt vert sedd på som inkonsekvent, kan dermed seiast å vere konsekvent nok, med di ho førte frå dansk skriftspråk gjennom dristig fornorsking til eit prøvande landsmål som vart meir og meir stabilt.

Etter mest åtte år i Drammens Tidende tok Vinje 1858 til å gi ut bladet Dølen; det første nummeret er datert 10. oktober. Dølen var i utgangspunktet ei vekeavis, og første årgangen kom med eit nummer på fire sider for veka. Seinare vart det meir ujamt; når Vinje var på reise, vart bladet ofte seinka, og det vart kortare eller lengre opphald i utgivinga, det lengste i 1860, då Vinje gjekk landevegen til Trondheim i samband med kroningshøgtida for kong Karl 4. I staden fekk lesarane året etter reiseboka Ferdaminni fraa Sumaren 1860. Femte årgangen av Dølen kom frå mars og ut september 1867 som “kjellar” i bladet Vort Land, som Sars og nokre unionskritikarar – den såkalla “Døleringen” – gav ut desse månadene. Sidan kom bladet att som Dølen, og siste årgangen kom 1870; siste nummeret kom 24. juli, ei veke før Vinje døydde.

Denne skiftande utgivingspraksisen heng saman med at Dølen på ingen måte vart nokon økonomisk suksess. Vinje forlét eit fast og løna engasjement for Drammens Tidende med relativt mange lesarar og gjekk i gang med eit tapsbringande bladprosjekt for eit uvisst publikum. På grunn av språkforma møtte han no ein heilt annleis og meir djuptgripande uvilje, i det han utfordra den borgarlege offentlegheita med eit skriftspråk som ikkje vart godteke som allment, sjølv om det ville ha vore logisk ut frå ideala for samkvem og ordskifte. I staden gjekk dominerande personar og presseorgan til felts mot det nye tiltaket i målstriden 1858. Filosofiprofessor M. J. Monrad avviste det nye skriftspråket frå det allmenne: “Det er kun en ringe Kreds af stoffer og Former der egne sig til at behandles i dette Sprog, det er efter sin Natur bundet til en Særegenhed og ikke frigjort til sand Almindelighed.”

Det nære sambandet mellom tekstleg og biografisk subjekt vart no medvite understreka ved at bladet fekk folkenemninga “døl” (person frå ein dal) som tittel, og tittelen vart også etter kvart brukt som kallenamn på Vinje. Utgangspunktet fann han i dei engelske borgarlege pionerblada frå byrjinga av 1700-talet, The Tatler (“prataren”) og The Spectator (“tilskodaren”). Ofte omtalar han sjølv Dølen både som person og blad i eitt (t.d. i artiklane Dølen til lesaren og Dølen i eiget Hus atter).

Stoffet i Dølen var ikkje mindre allment enn det hadde vore i Drammens Tidende-korrespondansane. Til registret i faksimileutgåva av dei fire første årgangane av Dølen har Reidar Djupedal ordna stoffet i bortimot 40 emnekategoriar; i tillegg kjem dei to sjangerkategoriane “Dikt” og “Segner og soger”. Dei første åra med Dølen kom politiske spørsmål i framgrunnen. Det galdt striden med Sverige i unionen, synleggjord gjennom den såkalla statthaldarstriden, der Vinje prøvde å dempe og gi råd. Det galdt òg Reformforeningen, eit forsøk på politisk organisering mellom venstreliberale som Ole Gabriel Ueland og Johan Sverdrup, ein førelaupar for partiet Venstre. Vinje stod for si tidlegare haldning og var imot partidanning av omsyn til personleg fridom og otte for meiningstvang; Sverdrup gjorde nemleg framlegg om at medlemene skulle møte på Stortinget med bunde mandat.

Ei konsekvent sak for Vinje i heile hans tenking og skriving var opplysning og arbeid for både danning og utdanning. Han hadde samarbeidt med Ole Vig, som hadde redigert tidsskriftet Den norske Folkeskole, og var ein flittig gjest og deltakar på lærarmøte. Han drøfte framlegg til ny skulelov og arbeidde for å betre kåra for lærarane. Dølen vart eit organ for melding og omtale av allslags kultur, mest litteratur. I slike samanhengar kom den essayistiske skrivemåten til sin rett med ironi og parodi som openberre grep. Mest kjend er kritikken av Bjørnsons bondeforteljingar i omtalen av Arne (1859). I Arne forsøkte Bjørnson seg med eit fornorska bokmål og gav ei idealistisk “sundagsframstilling” av bønder, som Vinje ikkje ville akseptere. Han valde å presentere Arne som “Skalkeherming (Parodi) paa vaart nationale Stræv” og framstilte dette som Bjørnsons intensjon, noko det sjølvsagt ikkje var. Eventyrinnslaget om plantane som ville kle fjellet, kalte han ein parodi på H. C. Andersen, og han meinte at Bjørnson fortel “usant og unasjonalt – for å parodiere det usanne og unasjonale”, ifølgje litteraturforskaren Arild Linneberg. Vinje tillegg altså Bjørnson ein intensjon han ikkje har, og dermed blir lesinga hans av bondeforteljing som parodi også ein parodi på Bjørnsons bok.

Vinje er ironisk også i kritikken av Ibsens Brand, som han les “som eit storslegjet Skjemtedikt”. Men parodien er her ikkje så gjennomført, for i Brand finn Vinje òg “mange fagre Ting”, t.d. når Agnes følgjer Brand som prest til mannen som har teke livet av barnet sitt, då “kunna Taarorne renna reine”. Litteratursynet er meir beinveges å sjå i ein tredje kjend bokkritikk om Welhavens En Digtsamling (1859). Vinje er imot romantiske “hastemte Tonar” og vil ha alt klassisk “klaart og greidt og beint”; Holberg er idealet, og Welhaven står i tradisjonen frå han med eit einfelde som gjer han meir nasjonal enn Wergeland.

I interessa for det folkelege var Vinje oppteken av karnevalsinnslag når folk møttest i særlege høve, som på marknadssamlingar i Christiania og ute på bygdene, m.a. til handel med husdyr og jordbruksvarer. Han var sjølv ofte til stades, gjerne som populær fesjåtalar. Mykje stoff i Dølen var knytt til dette, men meisterstykket i sjangeren, taleteksten eller essayet Paa Fesjaa, prenta han i skriftsamlinga Blandkorn. Her nyttar han vittig og effektfullt motiv degradering og jamfører lågt og høgt, som grisen på marknaden med filosofen på universitetet. Kvintessensen av heile hans arbeid med bladskriving er slike stykke som Paa Fesjaa og framfor alt det litterære hovudverket, Ferdaminni fraa Sumaren 1860 (1861).

Eit sentral motiv i mykje essayistisk skriving er reisa. Føre seg i tradisjonen har Vinje bøker som Laurence Sternes A Sentimental Journey through France and Italy, Jens Baggesens Labyrinthen og Heinrich Heines Die Harzreise. Ferda til Trondheim var for det meste ein fottur, og Vinje fekk gode høve til å sjå seg om og treffe folk i ymse miljø. “Eg” er hovudperson, men subjektet er iscenesett i essayistisk framstilling, liksom mangt anna i framstillinga er iscenesett og fiksjonalisert, t.d. dei to grannane i Odalen, som han set mot kvarandre meir dramatisk enn dei truleg i røynda var. Jamføring er i det heile eit grep Vinje gjerne nyttar for å kaste inn lys frå fleire vinklar. Det han samanliknar med, kan vere noko samtidig – grannane i Odalen, kystbygd og innland, men det kan òg vere minne frå eige liv eller eigen bakgrunn, eller historiske eller litterære hendingar og personar. Fleire av desse har vi i det kritiske essayet som utgjer kapitlet Grauten paa Grut.

Eit grep i Ferdaminni er dei reint poetiske innslaga, dikt som inngår i framstillinga som om dei var tilverka der og då: “Eg vardt tankefull og kvad.” Ferdaminni er ei reflektert og kritisk bok der Vinje, ifølgje Olav Midttun, “prøver å sjå tilværet, heile det mangslungne, daglege livet, i indre og røynleg samanheng, livskår og lende, arbeidsliv og ånds- og tankeliv, sed og skikk. Og i ei historiske kjede”.

Vinje var frå barndommen van med å ferdast i fjell og utmark og kom etter kvart til å dyrke friluftslivet saman med nokre gode vener, særleg historikaren Johan Ernst Sars. Frå 1863 og så lenge Vinje levde, var dei ein tre–fire felagar på fjellferd nokre veker kvar sommar. Høgfjellet, særleg Jotunheimen, var enno nokså ukjende turistområde. “Jotunfjeldene – eller Jotunheimen, som Vinje kaldte dem, – det er fra ham navnet skriver sig, – [...] var et stykke land, hvis herligheder man ikke havde stort mer greie på end på Nilens kilder,” skriv Sars (1899). Fire av felagane bygde seg hytte på Eidsbu ved Bygdin, seinare kalla “Eidsbugarden”. Vinjes kjende “Pantebrev”-dikt om hans del av finansieringa skreiv han til første årgang av Den Norske Turistforenings Aarbog 1869. Den som lånte Vinje pengar, var Thomas Heftye, mannen som fekk skipa Turistforeininga 1868. Nettopp bygging av turisthytter i fjellet var frå første stund ei sentral oppgåve for foreininga, og Vinje kan dermed reknast som fødselshjelpar for arbeidet til Den Norske Turistforening.

I 1860-åra vart det etter kvart svært vanskeleg for Vinje å greie å få ut Dølen. Etter målstriden 1858 vart han ignorert av dagsavisene i Christiania, så skakande var provokasjonen med det nye språket i delar av den rådande offentlegheita. Først då han 1865 fekk ein post som ekstraskrivar i Justisdepartementet, fekk han tre mindre sutfulle år, fram til han vart avsett 1868 etter å ha skrive kritisk om unionspolitikken til regjeringa i Dølen. På denne tida fekk han òg bidrag til bladet av andre kulturpersonar eller akademiske fagfolk.

Diktinnslag som i Ferdaminni er gjennomgåande i Dølen. “Dikt” er utan samanlikning den største innhaldsposten. Og hausten 1863 redigerte Vinje “sit poetiske Bo” (Fyreord) i Diktsamling, som kom ut året etter. Han ymtar om at han kan ha teke med for mange dårlege dikt. Og svært mange er høvesdikt med mindre poetisk kvalitet. Mange dikt på dansk hadde stått i Drammens Tidende og andre blad før Dølen kom. Dei fleste av desse er mindre nøye tilverka enn dei mest forseggjorde dikta på landsmål. Mange av dei beste er også skrivne etter Diktsamling kom. Dikta kan vere viser (Leitande etter Blaamann, Lenda), læredikt (Tyteberet, Kunnskap skal styra Riki og Land), historiske dikt (Thurid paa Tauterøy, Fedraminne), hyllings- og minnedikt til fenomen og personar (Vise til Jønnvegen, Paul Botten-Hansen) eller sentrallyriske dikt (Ved Rundarne ['No ser eg atter slike fjell og dalar'] og Vaaren). Vinje-dikt har fått sin plass i antologiar, songbøker og musikkrepertoar. Dikt som Leitande etter Blaamann og Ved Rundarne høyrer til det beste i norsk lyrikktradisjon.

Heilt frå tida i Mandal var Vinje prega av politisk og sosiologisk interesse; han var særleg oppteken av modernisering knytt til teknologisk utvikling. Storbritannia var fremst i denne utviklinga, og Vinje kom seg med offentleg støtte dit og var der nesten eit år 1862–63. Han fór til London og andre stader i England og Skottland “with the fixed resolution of examining and studying the institutions of this great commercial land, and the manners, habits, and pursuits of its people”. Det meste av tida budde han i Edinburgh. Observasjonane hans resulterte i boka A Norseman's Views of Britain and the British (på norsk Bretland og Britarne). Boka er skriven som 16 brev til universitetet ved filosofiprofessor J. S. Welhaven. Boka er vellukka både som observasjonar, analyse og kritisk kommentar.

Trass i at Vinje såg svært opp til Storbritannia på grunn av både modernisering og tradisjon, fekk han på nært hald sjå følgjene av klasseskilje og kommersialisme. Noko av oppglødinga fortok seg, og kritikken vart til dels skarp, men òg vittig, til dømes den litteratursosiologiske studien i Letter XIII. Boka fekk interessert mottaking i britisk presse. Men i Christiania vart ho knapt omtala, berre nemnd med skeive referat frå britiske omtalar. Den fine innsatsen med englandsboka førte altså ikkje til større aksept i den dominerande norske offentlegheita. Vinje fekk eit par svært vanskelege år utan fast inntekt før ut i 1865. Arbeidet med bokskriving heldt han likevel fram med.

Etter utgivinga av Diktsamling laga han diktforteljingane Storegut (1866) og den uferdige Staale. Han gav òg ut samleboka Blandkorn med dikt og prosa. Medan Dølen var “kjellar” i Vort Land, skreiv Vinje Elsk og Giftarmaal som framhald; den handlar om liv i ein småby og strev for å kome seg derifrå til hovudstaden og kan reknast som første forsøk på å skrive ein roman på nynorsk, men vart ikkje avslutta og ikkje utgitt. Det same skjedde med det historiske skodespelforsøket Olaf Digre.

Av desse seinare bøkene er Storegut langt den viktigaste. Det er ei intim og tragisk soge om ei godsleg og rettskaffen kjempe som vart sviken og drepen, gripande opplevd og fortald av faren som ber beina av Storegut heim frå fjellet og gravlegg dei og sit att åleine som legdekall til slutt. I den episke Storegut finst også eit par særmerkte lyriske dikt, kjærleikssongen Den Dag kjem aldri, at eg deg gløymer i stevrytme og fjellskildringa Jøtunheim.

1869 tok Vinje til å setje saman boka Vaar Politik av stoff frå spalta med same namnet som hadde kosta han posten i Justisdepartementet 1868. Ein kritisk artikkelserie om Anton Martin Schweigaard vart til boka Um Schweigaard. Begge kom posthumt 1870.

Trass i at han miste skrivarposten i departementet, lukkast mange ting betre for Vinje mot slutten av 1860-åra. Han fekk også eit anna sosialt og privat liv. Frå 1863 var han kvar sommar i fjellet med Ernst Sars og andre. Han råka den fråskilde lærarinna Rosa Kjeldseth 1868, og dei gifte seg 1869. Økonomisk vart det for trongt for dei. Den diktarløna dei hadde grunn til å tru at Vinje skulle få frå 1869, vart det ikkje noko av.

Livet enda tragisk for dei begge. Rosa fødde barnet deira, Olaf, våren 1870, men vart sjuk og døydde nokre dagar etter fødselen. Nokre månader etter døydde Vinje sjølv av ein kreftsvulst i magen.

Vinje er ein av dei pionerane i norsk offentleg liv frå 1800-talet som er viktig også i ettertida. Prosastykke, songar og dikt har framleis sin plass i antologiar og leseverk. Storegut og Ferdaminni fraa Sumaren 1860 er klassikarar. “Blaamann”, med tone av Anne Haavie, er ein usliteleg barnesong. “Vaaren”, “Ved Rundarne” og fleire dikt med Griegs melodiar er sentrale innslag i norsk musikkrepertoar. Under den fornya faglege interessa for sakprosa, retorikk og essayistikk i seinare tid har Vinje stått sterkt i forsking og formidling av språkbrukstradisjon og litteratur. Dette går for det meste på tvers av tospråkssituasjonen, men sjølvsagt er Vinje eit særleg aktivum for nynorsk språkbruk og kultur i ulike former.

Nynorsk pressekontor deler ut Vinje-prisen for framifrå pressearbeid på nynorsk. Det finst statuar og minnesmerke av Vinje m.a. i heimbygda Vinje, i telemarksbyen Skien, i Sogn Studentby, Oslo og på Eidsbugarden ved Bygdin.

    Eit utval

  • En Ballade om Kongen og Kongehuset, 1853
  • Dølen, 1.–8. årg. (5. årg. som “kjellar” i Vort Land 1867), 1858–60, 1862–70 (faksimileutg. ved R. Djupedal, 4 bd. (bd. 4 inneheld Ferdaminni), 1970–73)
  • Ferdaminni fraa Sumaren 1860, 1861
  • A Norseman's Views of Britain and the British, Edinburgh 1863 (norsk utg. Bretland og Britarne, 1873)
  • Diktsamling, 1864
  • Olaf Digre, skrive 1864 (utg. ved O. Midttun, 1927)
  • Storegut, 1866 (ny, endra utg. 1868)
  • Blandkorn, 1867
  • Elsk og Giftarmaal, i Vort Land nr. 3–20/1867
  • Um vaart nationale Stræv, 1869
  • Um Schweigaard, (posthumt) 1870
  • Vaar Politik, (posthumt) 1870

    Samleutgåver

  • Skrifter i Utval, ved H. A. Halvorsen og V. Vislie, 6 bd., 1883–90
  • Dikt og prosaskrifter, i utval ved H. Koht, 1903
  • Halvhundrad brev, ved H. Koht, 1915
  • Skrifter i samling, ved O. Midttun, 5 bd., 1916–21 (ny utg. 1942–48, faksimile av 1. utg. med eit tilleggsband ved J. Haarberg, 6 bd., 1993)
  • Dikt, ved R. Djupedal, 1960
  • Fjøllstaven min og andre ferdaskildringar, ved O. Midttun, 1967
  • Brev, ved O. Midttun 1969
  • At vera Døl. Prosa i utval, ved R. Djupedal, 1972
  • Blomar veks i såret. Dikt, i utval ved O. Vesaas 1975

    Enkeltdikt og artiklar (eit utval)

  • Marcus Thrane og Præsten Halling, i Krydseren 1850
  • Til 17de Mai, i Folkets Røst nr. 5/1850
  • Journalistiken, i Drammens Tidende 8.1.1851
  • Om Goldschmidt og hans Skribentvirksomhed, i Andhrimner, 3. kvartal 1851, sp. 55–62 og 72–76
  • Til Ole Bull!, i Mgbl. nr. 270/1851
  • Vise til Jønnvegen, i Christiania-Posten nr. 1728, 1853
  • Ludvig Wiese, i Ill.Nyh. 1853, s. 205–206
  • Kunnskap skal styra Riki og Land, i Dølen nr. 24/1858–59
  • Tyteberet, sst. nr. 26/1858–59
  • melding av B. Bjørnson: Arne, sst. 9.10., 23.10 og 6.11.1859
  • melding av J. S. Welhaven: En Digtsamling, sst. 4.12.1859
  • Leitande etter Blaamann ('Blaamann, Blaamann, bukken min'), i Dølen nr. 25/1859–60
  • Vaaren ('Enno ein Gong fekk eg Vetren at sjaa'), sst. nr. 33/1859–60
  • Gamle Moder ('Du gamle mor, du sliter arm'), sst. 9.12.1860
  • Ved Rundarne ('No ser eg atter slike fjell og dalar'), i Ferdaminni, 1861
  • Dølen til lesaren, Dølen 1.10.1865
  • Den dag kjem aldri at eg deg gløymer, i Storegut, 1866
  • Daa Olav lærde lesa, sst.
  • melding av H. Ibsen: Brand, i Dølen 8.4.1866
  • Lenda, i Blandkorn, 1867
  • Dølen i eiget Hus atter, sst. 2.2.1868
  • Fedraminne ('At Fa'r min kunde gjera'), sst. nr. 1/1868–69
  • Staale, sst. nr. 39–48 og 51–52/1868–69 og nr. 1, 3–11, 13–14, 16 og 25–29/1869
  • Paul Botten-Hansen, sst. nr. 15/1869
  • Thurid paa Tauterøy, Ferdaminni, 1861
  • Sjå elles verkliste i NFL, bd. 6, 1908, s. 149–161
  • V. Vislie: A. O. Vinje, Bergen 1890 (ny utg. Åsmund Vinje. Liv og dikting, 1929)
  • J. E. Sars: “Bidrag til en karakteristik av A. O. Vinje”, i Folkevennen 1899, s. 193–229
  • NFL, bd. 6, 1908
  • J. E. Sars: “A. O. Vinje”, i d.s.: Samlede verker, bd. 4, 1912
  • H. E. Berner: “Aasmund Vinje, den fyrste 'landnaamsmann' og odelsmann i Jotunheimen”, i For bygd og by 18.3. og 1.4.1917
  • F. Bull: “Vinje”, i NLH/Bull, bd. 4, 1937 (2. utg. 1960)
  • S. Skard: A. O. Vinje og antikken. Studier i norsk åndshistorie, 1938
  • O. Midttun: A. O. Vinje, 1960
  • L. Mæhle: biografi (med bibliografi), i NBL1, bd. 18, 1977
  • S. Time: “Borgaren og satyren – moment til eit bilete av Vinje som essayist i DØLEN”, i O. Grepstad m.fl.: Essayet i Norge. Fjorten riss av ein tradisjon, 1982
  • J. Haarberg: Vinje på vrangen. Momenter til revurdering av en nasjonal klassiker, 1985
  • A. Linneberg: “Paradoks og parodi: Aasmund Vinjes ironi”, i E. Beyer m.fl.: Norsk litteraturkritikks historie, bd. 2, 1992
  • O. Vesaas: A. O. Vinje. Ein tankens hærmann, 2001

    Kunstnarlege portrett (eit utval)

  • Karikatur av ukjend kunstnar i skjemtebladet Pasop 1.3.1862; attgjeve i Vesaas 2001 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder), s. 268
  • Teikning (gruppeportrett sm.m. Ernst og G. O. Sars, på fottur i Jotunheimen) av B. Boll, 1860-åra
  • Xylografi av ukjend kunstnar, u.å.; attgjeve i Almuevennen 1869, s. 353
  • Byste (bronse) av Brynjulf Bergslien, 1873; på Vinjes grav, Gran kyrkjegard
  • Relieff (bronse) av Mathias Skeibrok, 1892; Vinje, Telemark
  • Radering (truleg etter fotografi) av Johan Nordhagen, 1890-åra
  • Teikning (Ivar Aasen besøker Vinje på sjukehuset) av Ivar Rusti, 1904; attgjeve i Vesaas 2001, s. 453
  • Tusjteikning (“Vinje-furua”) av Theodor Kittelsen; attgjeve i T. Kittelsen: Løgn og forbandet digt, 1912
  • Statue (heilfigur, bronse) av Gunnar Utsond, 1918; Skien
  • Statue (heilfigur) av Dyre Vaa, 1968; Sogn Studentby, Oslo
  • Kolossalportrett (hode, gneis) av Ståle Kyllingstad, 1968; Eidsbugarden, Vang (Oppland)
  • Statue (heilfigur, bronse) av Knut Skinnarland, 1974; Vinje
  • Portrett (skulderbilete) på 50-kronersetel (den første norske pengesetelen med nynorsk tekst), 1985–87

    Fotografiske portrett

  • Portrett (heilfigur) av ukjend fotograf, 1860-åra; Biletsamlinga, NBO