Faktaboks

Aamund Bu
Aamund Knutson Aam. K. Bu
Fødd
12. juli 1872, Kinsarvik (no Ullensvang), Hordaland
Død
27. september 1944, Fusa, Hordaland
Verke
Lokalhistorikar, museumsmann og oppfinnar
Familie
Foreldre: Gardbrukar Knut Aamundson Bu (1842–1908) og Ragnhild Arnesdotter Vines (1843–1915). Gift 4.6.1902 med Torbjørg Olsdotter Hovland (4.8.1879–4.10.1951), dotter av Olav Tomasson Hovland (1814–88) og Anna Olsdotter Øvre Sekse (1853–1935).

Aamund K. Bu skreiv ættebøker for bygdene i Indre Hardanger og bygde opp eit stort privat museum som no er ein del av Hardanger Folkemuseum.

Bu var fødd på garden Vines i Kinsarvik, som foreldra dreiv til 1879. Då overtok dei ættejorda på Bu, der Aamund voks opp med soger og segner om eiga slekt. Ei særleg rolle i desse segnene spela nok Astrid Sivertsdotter Bu, som levde midt på 1600-talet og som han ætta frå i tiande ættleddet.

Med berre 9 vekers folkeskule i seks år ville han gjerne læra meir og gjekk difor på Ullensvang folkehøgskule 1895–96. Ein av lærarane var Andreas Austlid, som då arbeidde med ei ny utgåve av den nynorske ABC-boka si. Han tok med i boka ein stil skriven av Bu. Elles gjekk Bu ein vinter på snikkarskule og lærte seg også smedarbeid.

Som eldste son overtok han farsgarden 1902. Fram til då kombinerte han arbeid på garden med ymse sesongarbeid. 1896–97 var han såleis på sildefiske med skuta Brødrene (eigd av faren og ein bror) både i Sør- og Nord-Noreg. To somrar var han sauegjetar og driftekar for far sin på Hansbu på Hardangervidda, og frå 1898 og nokre år framover var han førar på vidda for britiske og russiske adelsmenn som dreiv jakt og fiske.

Alt medan han gjekk på folkeskulen, byrja Bu skriva ned segner og historier. Ein del av dette stoffet vart nytta av den kjende lokalhistorikaren Olaf Olafsen, som var sokneprest i Ullensvang. Seinare fekk han sjølv trykt ein del mindre slektshistoriske artiklar i det lokalhistoriske tidsskriftet Hardanger. 1931 kom den første av i alt fem ættebøker for kommunane i Indre Hardanger. Bøkene, som i prinsippet omfatta alle personar som hadde butt i distriktet, var utstyrt med eit enkelt og effektivt tilvisingssystem – seinare gjerne omtalt som “Bus system” – som etter kvart vart teke i bruk som ein standard i gards- og ættebøker.

Bu tok tidleg til å samla gjenstandar han meinte hadde antikvarisk verdi; først heime på garden, sidan rundt i Hardanger både til seg sjølv, Hardanger folkemuseum og dei store musea i Bergen og Oslo. I 1930-åra bygde han eldfast bygg på Bu til samlingane sine av gjenstandar (m.a. ei unik samling av fargerike bringeklutar til bunader), arkiv og bøker, samtidig som han flytta dit to 1700-tals røykstover og eit stabbur frå andre gardar i distriktet. Museet vart rekna som eit av landets største privatmusé. Sidan 1979 er “Bu museum – Aamund K. Bu sine samlingar” ein del av Hardanger folkemuseum.

Bu hadde godt praktisk skjøn og evne til å finna nye måtar å gjera ting på. Det kom til uttrykk ikkje berre i ættebøkene hans, men også når det galdt meir jordnære problem som han meinte kunne løysast. “Han æ so gjild'u både i smigjo å pao verkstaen, naor han berre gjér seg ti,” sa kona. Som gardbrukar var han tidleg ute med å ta i bruk moderne reiskapar og driftsmåtar. Då han 1917–22 arbeidde som driftsleiar og oppkjøpar av vedaskog i Jondal for Bergen Brendselssentral, fekk han bygd ei 14 km lang vassrenne for å effektivisera transporten. Landskjend vart han då han tok patent på ein eigen metode til å støypa betongmaster ståande i staden for liggjande. Oppfinninga vart grunnlaget for firmaet Betonmast AS, som vart skipa 1923; først med hovudkontor i Bergen og frå 1928 i Oslo; Bu satt i styret der i fleire år.

Bu var heradsstyremedlem i Kinsarvik 1920–22 og 1926–28. Han var også formann i jordstyre, kontrollnemnd, næringsnemnd og skogutval i heradet. I mange år var han medlem av forstandarskap eller representantskap i Kinsarvik Sparebank, Odda Kreditbank og Ullensvang Privatbank (som svigerfaren hadde grunnlagt). Han var også ei tid styreformann i Hovland Ullvarefabrikk, etter å ha teke initiativet til å få den konkursramma fabrikken i gang att 1931. I Hardanger historielag var han styremedlem 1924–32.

Aamund K. Bu var initiativrik, fantasifull og med praktisk sans. Han satsa aktivt på moderne og framtidsretta tiltak både i jordbruket og anna næring. Samtidig var han sterkt oppteken av å ta vare på tradisjonar og historie. Han var først og fremst ein samlar og systematikar som gjorde ein viktig innsats for å ta vare på gjenstandar og anna kjeldemateriale og slektsopplysningar. 1944 ba Hordaland fylkesting han om å organisera arbeidet med å få ut ættebøker for dei andre bygdene i fylket. Det var på ei samlarferd i Fusa i samband med dette arbeidet at han vart funnen sitjande død attmed vegen.

Verker

  • Ættar-bok for Kinsarvik, Stord 1931 (opptrykt i Ættebøker, bd. 1, Utne 1988)
  • Nokre viseuppskrifter frå Hardanger (sm.m. O. Hanssen), Norheimsund 1936
  • Ættar-bok for Udlesvang, Norheimsund 1936 (opptrykt i Ættebøker, bd. 2, Utne 1988)
  • Ættar-bok for Odda, Norheimsund 1939 (opptrykt i Ættebøker, bd. 1, Utne 1988)
  • Nokre norske gardsnamn, Haugesund 1942
  • Ættar-bok for Øyfjord, Norheimsund 1943 (opptrykt i Ættebøker, bd. 1, Utne 1988)
  • Ættar-bok for Ulvik, Norheimsund 1944 (opptrykt i Ættebøker, bd. 2, Utne 1988)

Kilder og litteratur

  • H. O. Opedal: “Åmund Knutson Bu (Jordamann, oppfinnar, samlar, ættegranskar)”, i Hardanger 1966, s. 605–614
  • O. Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. Bygdesoga, bd. 4:2, 5:1 og 5:2, Odda 1971–74
  • K. L. Måge: Hardanger-bibliografi, Norheimsund 1978
  • V. Mo: “Bonde, oppfinnar, ættegranskar og museumsmann Aamund K. Bu (1872–1944)”, i Hardanger 1988, s. 49–68