Skald. Foreldre: Finn Skjalge Øyvindsson og Gunnhild Halvdansdotter. Gift, men vi kjenner ikkje namnet på kona. Dotterdotters son til kong Harald 1 Hårfagre (ca. 860–ca. 932); systerdotters son til kong Håkon 1 Adalsteinsfostre den gode (ca. 920–ca. 961); son av fetter til Torolv Kveldulvsson; tremenning til Egil Skallagrimsson (ca. 900–ca. 980; sjå NBL1, bd, 3) og Håkon Sigurdsson ladejarl (ca. 935–995); far til Hårek på Tjøtta (ca. 965–1036).

Øyvind Finnsson Skaldespiller var den siste av dei betydelege norske hirdskaldane og ein av dei mest ruvande skaldane på 900-talet.

Øyvind tilhøyrde det norske aristokratiet. Ifølgje Egils saga og Snorres kongesoger var mor hans dotter til Ingebjørg, dotter til Harald Hårfagre, medan faren var son til Øyvind Lambe, son til Berle-Kåre frå Nordfjord. Øyvind Lambe vart gift med enkja etter Torolv Kveldulvsson, Sigrid Sigurdsdotter, og fekk med henne garden Sandnes på øya Alsta. Syskena til Øyvind Lambe var skalden Olve Nuva og Salbjørg, farmor til den islandske skalden Egil Skallagrimsson. Morfaren Halvdan jarl er elles ukjend.

Øyvind Finnsson var hirdskald hjå slektningen sin, kong Håkon den gode, og han var med i slaget ved Fitjar (ca. 961) mellom Håkon og sønene til Eirik Blodøks, der Håkon vart dødeleg såra; Øyvind dikta minnekvadet Hákonarmál over kongen. I kvadet, som er i ei blanding av versemåla málaháttr og ljóðaháttr, let skalden den kristne Håkon verte godt motteken i Valhall hjå dei heidne gudane. I dette kvadet møter vi adjektivet heiðinn for første gong i ei norrøn kjelde.

Etter at Håkon var fallen, kom Eirikssønene til makta. Snorres kongesoger og Fagrskinna gjev litt ulike framstillingar av korleis forholdet mellom Øyvind Finnsson og Erikssønene utvikla seg, men begge kjeldene fortel at Harald Gråfell, den fremste av Eirikssønene, ville ha Øyvind Finnsson som sin skald, og at Øyvind i ein periode noko motviljug tente denne kongen, men at forholdet skar seg og enda i open fiendskap. Forholdet til både kong Håkon og Eirikssønene, som også var nære slektningar, er emnet for fleire av dei 14 lausavisene til Øyvind Finnsson, alle i versemålet dróttkvætt.

Lausavisene 1–5 omtalar slaget ved Fitjar. I andre lausaviser ser Øyvind attende på den lukkelege tida då Håkon den gode var konge, eller diktar nedsetjande om Eirikssønene. I styringstida til Eirikssønene vart det store uår. Øyvind dikta om uåra i ei strofe der han fortel at det snør midt på sommaren, og “som finnane [samane] har vi bunde inn geita”, seier han (lausavise 12). Truleg dels på grunn av uåra, dels på grunn av konflikten med makthavarane, vart Øyvind Finnsson ein fattig mann. I ei strofe (lausavise 14) fortel skalden at han måtte selje alle pilane sine og ei sølje han hadde fått av islendingane, for å kjøpe sild. Sølja var ei gåve han hadde fått fordi han hadde dikta ei dråpa om alle islendingar. Diktet er ikkje bevart.

I ei strofe (lausavise 10) går det fram at Øyvind avslo å halde fram å tene Harald Gråfell med den grunngjevinga at han byrja å verte gamal, og at han hadde hatt ein herre tidlegare og ikkje ynskte seg ein tredje. Han fekk likevel ein tredje herre. I striden mellom Eirikssønene og Ladejarlane tok Øyvind til slutt parti for Håkon jarl (dei var tremenningar gjennom mødrene sine). På sine gamle dagar dikta Øyvind Finnsson Háleygjatal til jarlen (fragmentarisk overlevert). I dette diktet førde han ætta til Ladejarlane attende til guden Odin og jotunkvinna Skade. Dermed gav han jarleætta eit minst like ærefullt opphav som Ynglingeætta hadde i diktet Ynglingatal, der kongsætta gjennom dei første tapte strofene truleg vart førd attende til guden Frøy og jotunkvinna Gerd.

Tilnamnet Skaldespiller har tradisjonelt vore tolka som “skaldefordervaren”, dvs. 'dårleg skald'. Etter vanleg oppfatning har det vore gjeve av fiendane til Øyvind, fordi han etterlikna eldre kvad, “lånte” heile versliner frå eldre dikt og dikta i enkle versemål. Det er ikkje tvil om at det anonyme diktet Eiríksmál har vore modell for Hákonarmál, og at skalden siterer ei versline frå eddadiktet Hávamál i siste strofa. Det første har forfattaren av Fagrskinna kommentert, men utan å leggje skalden dette til last. Hákonarmál i eddaversemål og Háleygjatal i kviðuháttr er rett nok dikta i enkle versemål. Men minnedikt var ofte i enkle versemål, og det genealogiske diktet Háleygjatal er i same versemål som det eldre genealogiske diktet Ynglingatal.

Sjølv om Hákonarmál og Háleygjatal er i enkle versemål, er det ingen tvil om at Øyvind Finnsson til fulle meistra den vanskelege dróttkvætt-stilen. Det viser lausavisene. Det er også verdt å merke seg at den negative tolkinga av tilnamnet skriv seg frå nyare tid og ikkje har grunnlag i mellomalderkjeldene. Tvert imot, då Snorre skreiv læreboka Edda for at unge skaldar skulle lære å dikte rett, henta han mange døme frå Øyvind Finnsson. Ei sikker tolking av tilnamnet er neppe mogeleg å gje.

  • Skaldedikt og -strofer etter Øyvind Finnsson er prenta i Finnur Jónsson: Den norsk-islandske Skjaldedigtning, København 1912–15; tekst etter handskrifta i bd. A1, s. 64–74, retta tekst i bd. B1, s. 57–65
  • Egils saga Skallagrímssonar, red. av Sigurður Nordal, i Íslenzk fornrit 2, Reykjavík 1933
  • Fagrskinna, red. av Bjarni Einarsson, i Íslenzk fornrit 29, Reykavík 1984
  • HKr., utg. av Finnur Jónsson, København 1911
  • Finnur Jónsson: Den Oldnorske og Oldislandske Litteraturs Historie, København 1894
  • M. Olsen: “Fortjener Hákonarmál's digter tilnavnet 'Skáldaspillir'?”, i Til Gerhard Gran 9. december 1916, 1916, s. 1–9
  • F. Paasche: “Hákonarmál”, ibid., s.10–16
  • E. Noreen: “Anmärkningar til Eyvinds dikter”, i Studier i fornvästnordisk diktning, Uppsala 1921, 45–62
  • F. Paasche: biografi (Eyvind Skaldaspiller) i NBL1, bd. 3, 1926
  • L. Holm-Olsen: “Øyvind skaldaspiller”, i Edda 1953, 145–165
  • A. Krause: Die Dichtung des Eyvindr Skáldaspillir. Edition – Kommentar – Untersuchungen, Leverkusen 1990
  • E. Mundal: “Eyvind Finnsson Skaldaspiller – liv og dikting”, i R. Engelskjøn (red.): Mangfold og spenninger. Forfattere og forskere om litteratur, 1998, 106–119