Forfattar. Foreldre: Skomakar Aksel Holth (1853–1930) og sydame Olea Skaslien (Plathe) (1870–1953). Gift 11.8.1951 med skogsarbeidar Per Vestlien (19.9.1904–2.11.1981), son til småbrukar og skogsarbeidar Kador Knutsen Tyskeberget (1859–1924) og Marie Eberhardtsdotter (1868–1923).

Åsta Holth var finskætta, fødd på Grue Finnskog og sterkt medviten om røtene sine. Som forfattar nådde ho ut til flest lesarar med dei tekstane som tok utgangspunkt i det rike finnskogstoffet. Som samfunnsmenneske var ho med på å gjenreise interessa for husflid og for ættesoge. I perioden 1948–63 var ho kommunestyrerepresentant for Norges Kommunistiske Parti, og ho var livstidspresident for den årlege, tre dagar lange Republikken Finnskogen.

Som ein av dei yngste – og attpåtil jente – i ein stor og materielt sett fattig syskenflokk, var det naturleg for Åsta å dra ut på arbeid så snart som mogleg. 14 år gammal fekk ho første gong jobb som hushjelp, eit yrke som inntil 1948 mangla regulert arbeidstid, der løna var dårleg, og nedverdigande spørsmål frå arbeidsgjevaren ikkje var sjeldsynt kost. Då Åsta Holth skreiv eit skodespel med replikkar ho sjølv hadde opplevd på festekontora og arbeidsplassane sine i hovudstaden, vart det avvist som overdrive og karikert.

Med tida fekk Åsta Holth meir skulegang: framhaldskule, hagebruksskule, teiknekurs og eit kurs ved Nordisk Folkehøgskule i Genève. Som fleire andre forfattarar med røtene sine i bygde-Noreg kjende ho seg dregen mellom lysta til å stelle sin eigen gard og trongen til å skrive.

Dramatikaren Åsta Holth er ikkje særleg kjend i dag, men ho skreiv fleire skodespel for amatørteater; det første kom ut 1929. Frå 1935 brødfødde ho seg delvis ved skriving, mest av noveller, som vart trykt i ulike vekeblad. Mange kom på trykk i Arbeidermagasinet. Somme av novellene underteikna forfattaren med det gamle finske slektsnamnet Paavolainen. 1944 kom novellesamlinga Gamle bygdevegen ut. Her hadde Åsta Holth samla dei finaste finnskogforteljingane sine mellom to permar. Dikt frå Finnskogen vart utgjevne i samlinga Porkkalafela 1946.

Etter krigen flytte Åsta Holth attende til Finnskogane for godt. Ho arbeidde ei tid som lærarvikar, dreiv kafé og skreiv. Med romanen Kornet og freden fekk ho sitt litterære gjennombrot 1955. Romanen bygger på stoff Åsta Holth fann då ho granska slekta si, og han vart følgd opp av Steinen blømer og Kapellet. I trilogien følgjer vi finneparet Pål (eller Paavo) Tyyskiäinen og Kerttu Mullikka og etterkommarane deira; vi les om overgrep mot minoritetar, om undertrykking og utbytting. Her er detaljerte skildringar av korleis dei finske innvandrarane levde på Finnskogane frå dei kom dit på 1600-talet og i hundreåra framover. Kornet og freden er omsett til dansk og estisk.

Det var farsslekta si Åsta Holth gav eit litterært monument i Finnskog-trilogien. Parallelt skreiv ho ein trilogi basert på morsslekta: Gullsmeden, Presten og Johannes. Personskildringane er ofte prega av ein inderleg varme. Sterke og flotte er mange av kvinnene i desse to trilogiane; merkte av hardt slit blir dei rett nok, men dei elskar jorda som brødfør dei, elskar dyra sine. Mennene er ikkje alltid så udelt positivt teikna, noen av dei er rettnok sterke, andre er heller veike, sjølv om dei alle er skildra med den same kjærleiksfulle forteljarrøysta.

Kjærleiken til jorda kjem også til uttrykk i barneboka Fem år på Nuttila. Til den nedlagde finnskoggarden Nuttila flyttar ei enke saman med dei tre barna sine, som deltek med liv og lyst i det fem år lange arbeidet med å setje garden i stand. Den same positive haldninga til gardsarbeid finn vi i romanen Fattigmanns kokebok, som har fått undertittelen “Årbok frå ein liten gard”. I sjølvbiografien Piga fortel Åsta Holth om slitet og gleda ho har opplevd.

Kvinnesak var eitt av dei sentrale emna i mange av novellene Åsta Holth skreiv. I romanen Den blå hesten frå 1990 tek ho opp att denne tråden og fortel om ei kvinne som ikkje blir tilfreds med bare å gå og stelle i huset for ein mann, men må realisere seg sjølv gjennom å bruke evnene sine utanfor heimen.

Realisten Åsta Holth var også oppteken av mystikk. 1987 kom romanen Volva. Volva blir inkarnert i ulike personar og i ulike hundreår – alle personane har det til felles at anten dei er “fattigmanns bån” eller “mor til kongar” har dei ei uvanleg stor evne til å elske og til å tenkje nytt og konstruktivt.

Åsta Holth var også svært oppteken av å ta vare på det som fanst av finsk tradisjon og kultur på Finnskogane. Ho var styremedlem i lokalmuseet Finnetunet og testamenterte huset sitt til museet før ho døydde. Ho teikna kvinne- og mannsdrakt for Finnskogane, og ho tok initiativet til Finnskogdagane, ein kulturfestival som har vorte arrangert i heimbygda Svullrya kvart år sidan 1970. Under dette arrangementet blir Finnskogane utropt som “sjølvstendig republikk” for tre dagar, og Åsta Holth var sjølv president for republikken så lenge ho levde.

Åsta Holth hadde kunstnarstipend i ei årrekkje, og ho fekk fleire prisar for forfattarskapen og for kulturarbeidet sitt, bl.a. Kongens fortenestmedalje i gull. Ho vart 95 år gammal og er gravlagt ved Grue Finnskog kyrkje på Svullrya.

  • I Luråsen. Spel i tri vendingar, 1929
  • Gurigjenta. Ingenting i tri vendingar, 1931
  • Byjåla. Spel i tri vendingar, 1934
  • Vegen fram. Spel i 3 akter, 1935
  • Gamle bygdevegen. Finnskog-fortellinger, 1944
  • Porkkalafela, dikt, 1946
  • Kornet og freden, 1955
  • Fem år på Nuttila, barnebok, 1957 (dramatisert for skulefjernsyn, sendt 1977)
  • Gullsmeden, 1958
  • Steinen blømer, 1963
  • Kapellet, 1967
  • Presten, 1971
  • Johannes, 1975
  • Piga, sjølvbiografi, 1979
  • Ei minnebok, dikt, 1982
  • Nådens år, noveller, 1982
  • Fattigmanns kokebok. Årbok frå ein liten gard, 1984 (russisk utg. Povarennaja kniga bedjnaka. Malozemelnogo khutora letopis, 1991)
  • Volva, 1987
  • Den blå hesten, 1990
  • Røgden sjø, kantate (musikk av Ragnar Söderlind), 1998

    Ikkje-publisert materiale

  • Finnskog-kavalkaden, 1976
  • G. H. Gvåle: “Historie og fiksjon i Åsta Holths Finnskog-romanar”, i NLÅ 1974
  • S. Tønnesson: “Hun er forfatter, kommunist og småbruker på Finnskogen. – Samtale med Åsta Holth”, i Røde skoger. Skogsarbeidere forteller fra klassekampen på landsbygda, 1976
  • U. Sørli: Åsta Holth og Finnskog-trilogien. Biografi og en analyse av Finnskog-romanene med hovedvekt på Kornet og freden, h.oppg. UiO, 1977
  • Å. Holth: Piga, 1979
  • R. Brenden: “Åsta Holth og Finnskog-finnane”, i SogS 1995, s. 75–81
  • T. C. Synnesvedt: Åsta Holths Finnskog-trilogi. En resepsjonskritisk analyse, 1997
  • R. Brenden: “Sterke kvinner og svake menn? Åsta Holths novelle “Tomasdagen” i gynokritisk perspektiv”, i NLÅ 1998
  • Å. Svensen: “Tre fortellinger om erobring av naturen. Knut Hamsuns Markens Grøde, Åsta Holths Kornet og freden og Fridtjof Nansens På ski over Grønland”, i I. Lærkesen m.fl. (red.): Naturhistorier. Naturoppfatning, menneskesyn og poetikk i skandinavisk litteratur, 1999
  • O. Fyllingsnes: “Presidenten er død”, nekrolog i Dag og Tid 25.3.1999
  • intervju, bokmeldingar og nekrologar i aviser og tidsskrift

    Kunstnarlege portrett

  • Byste av Skule Waksvik, 1995; Svullrya, Grue Finnskog