Torleiv Hannaas

Filolog, folkeminnegranskar og boksamlar. Foreldre: Bonde Thomas Nilsson Hannaas (1843–1915) og Anne Tolleivsdotter Vetrhus (1845–1944). Gift 4.7.1906 med lærar Ingerd Yttreland (15.4.1879–16.9.1954), dotter til lærar Svein Yttreland (1852–1921) og Lisbeth Hauge (1848–1945).

Torleiv Hannaas var den fyrste i akademisk stilling innom nordisk målvitskap og folkeminnevitskap ved Bergens Museum. Han var ein kjend boksamlar og sterkt engasjert i den nynorske målrørsla.

Hannaas var av setesdalsk bondeætt og vel inne i den særmerkte kulturen der. Han tok lærareksamen i Kristiansand 1895 og examen artium som privatist 1899. Til artium skreiv han den eine stiloppgåva på nynorsk, jamvel om han på førehand hadde fått avslag på søknaden om å gjera det; for å sikra seg la han ved ei omsetjing til riksmål. Etter eksamen følgde nokre år med studiar ved sida av lærararbeid, m.a. ved den private lærarskulen i Elverum 1903–05. Der vart han ven med Helge Væringsaasen, som han følgde på ei ferd m.a. til Konstantinopel, Midtausten og Egypt 1908–09.

Hausten 1905 tok Hannaas “sproglig-historisk lærereksamen” (cand.philol.) og byrja som lærar ved Stord lærarskule. Han var vel likt, særleg av di han synte interesse for talemålet åt elevane og tradisjonstilfanget deira. Skuleåret 1908–09 var han i København og nytta tida til å grava fram gamle norske dokument på biblioteka der. Han innleidde såleis utgjevinga av norske språkminne frå foreiningstida.

1914 vart Hannaas stipendiat ved Bergens Museum og busette seg på Minde i Fana. Sterke krefter ved museet, især professor Haakon Shetelig, arbeidde for å skipa eit professorat i norsk målførekunnskap og folkeminne, og sommaren 1918 tilsette styret i Bergens Museum Hannaas til professor i “vestlandsk dialektforskning”. 18. oktober same året heldt han fyrsteførelesinga si, med tittelen Folkemaal og folkemaals-gransking.

Hannaas hadde vide faglege interesser, og forskinga hans gjeld målføre, språkhistorie og eldre tekstar. Dessutan var innsamling og utgjeving av folkeminne og folkedikting eit viktig arbeidsområde. Han skreiv om Hornnes-målet (uprenta) og seinare om setesdalsmålet og om vestegde-målet. Utgreiingane har oversyn over lyd- og formverket og over variasjonane frå bygd til bygd.

“Norske målminne frå dansketida” kan setjast til overskrift for dei utgåvene av tekstar og ordsamlingar som Hannaas stod for. Tre samlingar er frå 1600-talet og ei frå 1700-talet. To av samlingane (1911) er på målføre frå Agder-bygdene, og Hannaas gjev forklaringar og dreg samanlikningar med målføra i samtida. Ei god kjelde til kunnskap om målet på 1600-talet er Christen Jenssøns “Den Norske Dictionarium eller Glosebog”, utgjeven i København 1646. I si utgåve av boka frå 1915 kjem Hannaas med resultata frå ein etterrøknad om orda framleis var levande i Askvoll, der Jenssøn hadde henta det meste av ordtilfanget. I utgåva av Knud Leem sine ordsamlingar (1923) finst mange gode kommentarar til ordsamlingar frå fleire ulike dialektar.

I innleiingane til tekstutgåvene og i ymse mindre arbeid er Hannaas oppteken med korleis det norske målet utvikla seg i dansketida. Etter den nasjonale ideologien som Hannaas var tilhengjar av, såg han i desse folkemålstekstane “eit heimlegt grunnlag for norsk åndsliv”. Grunnlegginga av landsmålet og den fyrste organiseringa av landsmålstilhengjarane var òg eit emne han skreiv om; 50-årssoga åt Vestmannalaget i Bergen (1918) er det største arbeidet.

Ein bakgrunn for nynorskreisinga var det norrøne språket og den norrøne litteraturen, og i serien Gamalnorske bokverk omsette Hannaas eit par sagaer. Han var svært vyrk for “den norrøne samvinna”, og han gjorde fleire studiereiser til Island og Færøyane. Kjend er òg Norrønaferdi 1928, då eit stort reisefølgje frå Noreg vitja øyane i vest. Særleg gjennom Norsk Aarbok (1920–39), som Hannaas redigerte, prøvde han å spreia opplysning om vesterhavsmåla. Elles er nynorsk målreising det viktigaste emnet i årboka, men minoritetsspråk har òg stor plass; såleis gjekk Hannaas sterkt inn for samane sin rett til eige språk.

Samling av folkeminne vart ei viktig oppgåve for Hannaas, og det ligg mengder av oppskrifter att etter han: viser, segner, eventyr, gåter, ordtak osb., det han kalla “kulturinnhaldet i målføri”. Han gav ut Sogur frå Sætesdal (1927), som folkloristen Brynjulf Alver har kalla eit “mønster på korleis eventyr skal prentast”. 1921 skipa Hannaas Bergens Museums Folkeminnesamling, der det innsamla tilfanget skulle takast vare på.

Hannaas var ein trottug boksamlar, og på Universitetsbiblioteket i Bergen finst i dag den verdfulle Hannaas-samlinga med litteratur på nynorsk (12 030 band), som han let etter seg. Hannaas var sterkt engasjert i målreisinga og var formann i Vestlandske Mållag 1920–26 og i Noregs Mållag 1926–29.

Verker

  • Bibliografi i J. Bondevik (red.): Frå smått til stort. Nordistikk i Bergen gjennom 70 år, Bergen 1988, s. 38–45

    Eit utval

  • Maallære og ordtøke fraa Vest-Agder fraa fyrste helvti av 1600-talet, Ældre norske sprogminder 1, 1911
  • Ordsamling fraa Robyggjelaget fraa slutten av 1600-talet, Ældre norske sprogminder 2, 1911
  • Christen Jensøns Den norske dictionarium eller glosebog, Ældre norske sprogminder 3, 1915
  • Folkemaal og folkemaals-gransking, særprent frå BTid., 1918
  • Vestmannalaget i femti aar 1868 – 21de januar – 1918, Bergen 1918 (ny utg. i T. Hannaas, C. Clausen og L. Jerdal: Vestmannalaget i 110 år, Bergen 1978)
  • Hardingfela, BMÅ Hist.-antikv. rk. 1916–17 nr. 1, 1919
  • Professor Knud Leems Norske maalsamlingar fraa 1740-aari, Kjeldeskriftsfondets skr. 48, 1923
  • Vestegde-målet, i H. Aall m.fl. (red.): Norske bygder, bd. 2, del 1, 1925
  • Sogur frå Sætesdal, 1927 (ny utg. Bygland 1989)
  • Omsett Soga um Ramnkjell Frøys-gòde, 1907 (2. utg. 1925) og Soga um volsungarne, 1907 (3. utg. 1924)

Kilder og litteratur

  • Stud. 1899, 1924
  • G. Indrebø: “Torleiv Hannaas. Liv og arbeid”, i Norsk Aarbok, 1930, s. 5–17
  • J. Naustdal: “Torleiv Hannaas”, i Vestlandske Mållag 1904–1954, Bergen 1954, s. 190–193
  • B. Alver: Torleiv Hannaas og hans arbeid med folkedikting, UiBÅ Hist.-antikv. rk. 1953 nr. 1, 1955
  • J. Bondevik: “Torleiv Hannaas. Professor 1/7 1918–18/11 1929”, i d.s. (red.): Frå smått til stort. Nordistikk i Bergen gjennom 70 år, Bergen 1988, s. 7–45
  • B. Fidjestøl: “Torleiv Hannaas som norrønfilolog”, ibid., s. 46–51

Portretter m.m.

  • Kolteikning (hovud) av Bernt Tunold, u.å.; UiO

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.