Tordis Maurstad

Skodespelar. Foreldre: Driftsstyrar Albert Lauritz Witzøe (1867–1946) og Anna Marie Bjerkestrand (1869–1942). Gift 1) 11.4.1925 med skodespelar Alfred Maurstad (1896–1967), ekteskapet oppløyst 1943; 2) 1949 med forfattar Helge Krog (1889–1962). Mor til Toralv Maurstad (1926–).

Tordis Maurstad var ein av dei mest markante skodespelarane i norsk teater på 1900-talet. Ho hadde ei magnetiserande utstråling. Det låg i heile vesenet – i det rike mimiske livet, den klangrike røysta og ei evne til å skape samling om sitt uttrykk som er særmerkt for store skodespelarar.

Maurstad voks opp i Kristiansund, der faren var driftsstyrar for Kaffistova og Bondeheimen og ein sentral kulturpersonlegdom i norskdomsrørsla. Han heldt foredrag, skreiv prologar og vers og fekk tilnamnet “målkongen”. Heimen var eit kultursenter. Tordis vart tidleg medviten om at ho ville bli skodespelar.

Det var naturleg for henne å søkje til Det Norske Teatret. Ho hadde den nasjonale kulturen som ballast. Bortsett frå sesongane 1936–38, da ho var knytt til Det Nye Teater og eksperimentscenen Masken, arbeidde Maurstad heile tida på nynorskscenen. Ho vart fast tilsett hausten 1923, etter å ha debutert som Sara i Fjellsjøheidningen av Johan Falkberget på Drabløs turnéteater om våren. Scenesjarmen, friskleiken og det spontane humøret hennar krydra mange perifere folkekomedieroller i åra framover. Frå første stund hadde ho evna til å bygge ut likegyldige roller til å bli meir enn teksten gav grunnlag for.

Etter kvart vart Maurstad fanga inn av det litterære repertoaret, med nervenakne ungjentesinn som spesialitet. Gjennombrotet kom 1930, da ho la det rike kjenslelivet til den grimme Sonja i Tsjekhovs Morbror Vanja så ope at “den usvara kjærleiken hennar fekk karakteren av lagnad”, slik ein kritikar uttrykte det. Tsjekhov vart dramatikaren framfor nokon for Tordis Maurstad. “Eg har mange gonger tenkt at eg kunne ha ei russisk sjel,” sa ho ved eit høve. I hennar tolking kom dei veldige og brå svingingane hos Tsjekhov-kvinnene til uttrykk som natur på scenen: Masja i Tre systrer (1941 og 1954), Ranjevskaja i Kirsebærhagen (1949) og Arkadina i Måken (1961).

Hovudtyngda av Maurstads innsats kom til å falle innanfor eit litterært repertoar. Ho representerte diktarane på scenen. Og det forholdet var prega av stor respekt for ordet. Utgangspunktet for henne var alltid teksten. Men ho gjekk likevel til kvar rolle med ei personleg innstilling. Det var ikkje berre eit spørsmål om å bli rolla, det var like mykje eit spørsmål om å gjera rolla til si eiga, om å erobre den med heile sin personlegdom og si røynsle som menneske og kunstnar. I vidare tyding: tolke inn seg sjølv.

Tordis Maurstad kunne aldri gå på akkord med dette personlege uttrykket. Ho var ikkje forvandlingskunstnar i den grad at ho løyste opp sin eigen karakter. Grunntonen var det vanskeleg å skjule. Rotfest ekte var ho seg sjølv bak alle forklednader – ein “personality”-skodespelar. Men bakanfor lurte alltid ein ekte gjøglar. To roller står på ein plass for seg i karrieren: Argia i Ugo Bettis Dronning og rebell (1957) og Mary Tyrone i Lang dags ferd mot natt, som ho fekk Kritikarprisen for 1961. Her synte ho seg på same tid som emosjonell innlevingsskodespelar og bevisst, kontrollert hjerneskodespelar.

Men hovudstyrken låg i det uvanleg rike instinktlivet, assosiasjonsevna, dei store sjelelege svingingane. Som erotisk karakterskildrar kartla Tordis Maurstad alle stadia i det feminine driftslivet. Ho byrja med ungdomskjærleiken, stemningane, lengten, den ufullbyrda erotikken. Ho synte fulltonande erotikk hos Shakespeare (Rosalind i Som De vil –! 1934 og Olivia i Trettendagskvelden 1941) og erotisk villskap hos Strindberg (Alice i Dødsdansen 1949 og Frøken Julie 1951), og ho levandegjorde dei fortrengde, ulmande lidenskapane hos erotisk uthungra kvinner som står i den klassiske konflikten mellom kjærleik og plikt i eit ras av motstridande kjensler: Katinka Stordal i Kranes Konditori (1946), Lorcas Yerma (1955) og Gudrun i Under treet ligg øksa – ei rolle Tormod Skagestad forma med tanke på Maurstad. Kjenslespennet vart gjort levande med psykologisk innsikt og fantasi, oftast i ein intimt stillferdig kammerspeltone, med underliggjande intensitet. Det same skjedde med to kvardagsslitarar i kjønnskampen: Fru Alving i Gengangere (1964) – som Tordis Maurstad òg spela i Fjernsynsteatret – og Linda Loman i Ein seljars død av Arthur Miller (1967).

Som klassikar fann ho seg best til rette hos menneskeskildrarane Sofokles og Euripides. 1945 avidealiserte ho Antigone, gjorde tankar og handling eksistensielt nærverande. Lengst i denne sjangeren nådde ho som Iokaste i Olof Molanders realistiske oppsetjing av Kong Oidipus (1957): ei sensuelt livsgrådig kvinne i sine drifters vald.

Den klassiske konflikten mellom kjærleik og plikt møtte ho att, i reindyrka form, da ho 1960 spela Fedra i Tormod Skagestads stilreine oppsetjing, neddempa lyrisk. Utan falsk patos, dronningaktig verdig vart rolla først og fremst ei avsløring av erotisk pasjon.

Den reine stilkunst var aldri Tordis Maurstads område. Ho forma rollene i realistiske detaljsprang, på grundig og fantasifull psykologisk analyse, med tilfang frå eit velutvikla instinktliv, dirigert av ein klar intelligens. Berre driftslivet kunne ho godta som rein natur.

Tordis Maurstad utvida grensene for den erotiske karakterkunsten i norsk teater. Ho vart heidra både med Kongens fortenestemedalje i gull (1960) og som riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden (1963).

Kilder og litteratur

  • HEH, fleire utg.
  • Det Norske Teatret 1913–1938, 1938
  • N. Sletbak (red.): Det Norske Teatret femti år 1913–1963, 1963
  • S. E. Brodal: Tordis Maurstad, 1981
  • L. Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år 1963–1988, 1988
  • biografi i TFL, 1991
  • Det Norske Teatrets arkiv

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri av Agnes Hiorth, 1964; Det Norske Teatret, Oslo
  • Frimerke teikna av Arne Roar Lund, 2002

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.