Rasmus Steinsvik

Pressemann og forfattar. Foreldre: Bonde Steinar Rasmusson Steinsvik (1827–89) og Anna Karine Persdotter Åmelfot (1835–99). Gift 16.5.1896 i Kristiansand med forfattar Marta Tonstad (1877–1950; sjå Marta Steinsvik). Far til Kjell Steinsvik (1903–77); farfar til Kjell Steinsvik (1933–2000).

Rasmus Steinsvik spelte ei viktig rolle både i arbeidet for norsk mål og i det omskiftande og turbulente politiske miljøet i Norge i tiåret før og etter unionsoppløysinga 1905.

Steinsvik voks opp i Volda og tok examen artium i Kristiania 1885. Tidleg var han ein medveten nynorskforkjempar. 1887 starta han målbladet Vestmannen i heimbygda, og to år seinare slo han bladet saman med Fedraheimen til Ivar Mortensson-Egnund på Tynset. Saman med Arne Garborg sette dei to bladstyrarane eit lite samfunn på hovudet gjennom den første politiske anarkistrørsla i Noreg. Tingarane vart skremde, og Steinsvik måtte ut på landevegen, selja skrifter og preika anarkisme. Etter nokre månader som redaktør i Fjeld-Ljom på Røros 1892 drog han først til Bergen og bladet Firda, so til Kristiania, der han gjekk trøytt av anarkismen.

Steinsvik fann ein ny tanke: Han ville byggje ei samlande, allmenn og folkeleg avis på nynorsk. Han drog frå hus til hus, frå gard til gard og samla inn femkroningar, ialt 7000 kroner. 9. januar 1894 kom det første nummeret av Den 17de Mai, ei mangslungen avis med eit breitt nærings- og kulturpolitisk perspektiv, samstundes som ho vart midtpunktet for nasjonalisme og norskdom, – “eit tempel for oss som var unge og brennande i tru, ein verkstad der Steinsvik var den fremste våpensmeden”, skreiv Sven Moren. Steinsvik kjempa for at nynorsk måtte ha sjølvsagt plass i riksliv og skule og all åndeleg verksemd.

Han knytte no ideologisk politisk argumentasjon tett opp mot folks kvardag og heimlege tilhøve. Avisa utvikla seg til ei av dei fremste i landet, både i opplag og påverknadskraft. Tingartalet steig frå 2000 i starten til 8000 ved århundreskiftet og 12 000 i 1913, men heile tida måtte Steinsvik ta i bruk alt han hadde av ånd, klår tanke, kvass tunge og sterk tru for å styra bladskuta gjennom dei mange økonomiske brottsjøane.

Steinsvik var langt framme med å nytta nye tekniske hjelpemiddel i avisproduksjonen. Utan eigenkapital kjøpte han prenteverk på avbetaling. Som formidlar og politisk ideolog var han medveten om korleis teknologisk utvikling på grunnleggjande vis endra føresetnadene for avisdrift, næringsliv og politikk, og han skreiv meir enn 12 000 artiklar om politikk, økonomi, næringsliv, samferdsle, energi, teater og kultur. “Norigs beste bladmann var han,” heiter det i eit minnedikt av Olav Aukrust (1913), medan Herbjørn Sørebø 1998 slo fast at mange av artiklane var så framsynte at “dei er lærerike ennå i dag”.

Steinsvik var mellom dei som sterkast kravde oppløysing av unionen med Sverige. Og han snudde kravet innover, “folket må bu seg so det kan våga eit oppgjer”. Etter unionsoppløysinga fekk nynorsktanken ny kveik, ikkje minst galdt det draumen om eit fullnorsk teater. Steinsvik var sentral i dette arbeidet. Han var den første som gav offentlege dokument, stortings- og rettsprotokollar ein lettlest nynorsk språkdrakt.

1896 gifte Steinsvik seg med den seinare forfattaren og teologen Marta Steinsvik, den første kvinne på ein norsk preikestol. Same året kjøpte dei eigedomen Labråten på Hvalstad i Asker, der òg Hulda og Arne Garborg slo seg ned. Marta flytte frå mannen 1911, men då han vart sjuk året etter og av omsyn til borna og ein anstrengt økonomi, heldt dei saman og vart ifylgje familien forsonte innan Steinsvik døydde etter ein operasjon 1913, knapt 50 år gamal.

Rasmus Steinsvik var liten av vekst, men ingen råka betre når han først slo til med pennekraft og ingen var sterkare og heilare og varmare når det galdt. Han let seg aldri binde av parti eller politikarar, og han såg med mistru på alt og alle som han trudde ville binde det frie ord og den frie tanke. 17. mai 1923 avduka Studentmållaget ein minnestein på grava hans i Kristiania, og året etter reiste Sunnmøre frilyndte ungdomssamlag ein stein på fødestaden.

Verker

  • Jolestubbar aat Ungdomen, 1888
  • Martyra, Bergen 1892
  • I Dulsmaal, 1896
  • Med Skreppa, 1902
  • Den tysk-franske krig 1870–1871, 1903
  • Holmgang (under pseud. Per Gulsvik), 1908 (først trykt i Den 17de Mai)
  • Kan eit bondefolk hævde maalet sitt naar heile riksstellet og overklassen i byane hev eigna til seg eit framandt maal?, 1909
  • Utvalde skrivter, 3 bd., Risør (posthumt) 1916–22

Kilder og litteratur

  • Stud. 1885, 1910, 1935
  • I. Mortensson-Egnund: “Minne um Rasmus Steinsvik”, i SogS 1919, s. 1f.
  • M. Steinsvik: “Ein mann og eit blad”, i Den 17de Mai 9.1.1919
  • S. Gausemel: Rasmus Steinsvik, 1937
  • S. Moren: Møte og minne, 1938
  • O. Middtun: biografi i NBL1, bd. 14, 1962
  • O. Dalhaug: Den 17de Mai. Rasmus Steinsvik 1863–1913, 1997
  • H. Sørebø: “Framsynt bladmann”, i Dag og Tid nr. 3/1998

Portretter m.m.

  • Portrettrelieff (bronse) av Jens Munthe Svendsen, 1923 (avduka 1924); på minnestein i Steinsvik-tunet, Volda

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.