Nils Lavik

Kristenleiar og politikar. Foreldre: Bonde, ordførar og stortingsrepresentant Anders Johannesson Lavik (1852–1941) og Brita Nilsdotter Almelid (1850–1936). Gift 2.7.1904 med Anna Jakobsdotter Nesheim (9.2.1884–18.2.1947), dotter til bonde Jakob Larsson Nesheim (1850–96) og Guri Helgesdotter Århus (1856–1938). Brorson til Andreas Lavik(1854–1918), Johannes Lavik (1856–1929; sjå NBL1,bd. 8) og Dore Lavik (1863–1908); fetter til Herbrand Lavik (1901–65).

Nils Lavik var ein sentral kristenleiar og ein pionerpolitikar. Han hadde fleire stillingar og tillitsverv innan Det Vestlandske Indremisjonsforbund i store delar av sitt vaksne liv. Han var Kristeleg Folkepartis fyrste representant i Stortinget, og han forma i ikkje liten grad partiet sin politikk dei fyrste åra, både som formann og, ikkje minst, ved sine 20 år på Stortinget.

Lavik var fødd inn i ei slekt i Eksingedalen som hadde fostra mange kristenleiarar. Ja, det er hevda at Lavik-slekta forma det vestlandske kristenfolket, ikkje minst i dei fyrste tiåra av 1900-talet. Det er sagt at kristendom og norskdom gjekk i eitt hjå Nils Lavik. Han la vekt på å nytta det nynorske målet både i skrift og tale. Det var kunst over språkføringa hans. Han var ein stor forteljar og var glad i og god til å skildra.

Lavik fekk ikkje mykje formell utdanning, men saug desto meir til seg av kunnskap dei to vintrane han var elev – eitt år ved Framnes Ungdomsskule og eitt ved Voss Folkehøgskule. Det fall naturleg for han å ta til som bureisar i heimegrenda etter desse to åra, 20 år gamal. Men hugen til åndsarbeid var sterk. Og han hadde hatt sterke kallsopplevingar med Herren. Då Det Vestlandske Indremisjonsforbund (DVI, som i nyare tid har endra namn til Indremisjonsforbundet) kalla han til emissær, sa han ja med det same. Nokon utprega vekkingstalar var han ikkje. Knapt kan det seiast om han at han var bibellærar heller. Folketalaren låg nærare for han.

Etter nokre år som reisande emissær tok Lavik seg arbeid som lærar i grunnskulen, fyrst i Bergen, så i heimbygda. Seinare skreiv han sterke ord om dette yrket. Han såg kor umåteleg viktig det var å forma borna alt frå dei var små, og kor sentral oppgåve læraren hadde i dette, saman med foreldra.

DVI såg at Lavik var ein mann med store evner og gåver. Dei kalla han til nye oppgåver. Organisasjonen sleit tungt, både åndeleg og økonomisk, og bad Lavik om å verta generalsekretær. For Nils Lavik vart nok dette litt tunge år, med mykje administrasjon og for lite tid og høve til å virka ute blant folket. Ein kunstnar, som han var, kunne kjenna seg innestengd ved å verta plassert på eit kontor. Så kom kallet til å verta rektor ved bibelskulen til DVI. Han gjekk med ope sinn inn også i denne stillinga og gjorde godt arbeid. Alt 1927 vart han medlem av styret for DVI. Formannsklubba overtok han 1932. Dette vervet hadde han heilt fram til han 1950 gjekk ut or styret.

Det politiske engasjementet låg latent i Lavik i alle desse åra, men grunna tunge stillingar og verv i DVI hadde han ikkje høve til å sleppa det laus. Men 1931 vart han vararepresentant til Stortinget – for Venstre. Kristeleg Folkeparti vart skipa to år seinare. Lavik var ikkje med på skipinga og måtte overtalast til å stilla på lista. Han nølte ikkje av di han tvila på partiet, men meir av di han tvila på om han var rette mannen.

Lavik vart fyrste kandidaten på lista frå Hordaland og fekk fast sete. Frå starten av var han åleine i si partigruppe. Han vart attvald fleire gonger og hadde fast sete på Stortinget heilt til 1953, då han sa nei til renominasjon. Han var parlamentarisk leiar i dei 20 åra han var på Stortinget, og han var også formann i KrF 1938–51.

Mannen Nils Lavik står mot ein bakgrunn av høge og steile fjell. Og noko av det urokkelege ved fjella fann ein også i hans karakter. Men bakgrunnen er ikkje berre fjell. Ein finn også det mjuke og vare hjå han. Både som kristenleiar og politikar mislika han strid. Han var mild og venleg.

Utan at omgrepet vart nytta då, var Lavik ein sentrumspolitikar, som på mange måtar måtte finna sin eigen politiske veg. Aftenposten skreiv i minneordet etter han at Nils Lavik var “en av de mest særpregede skikkelser på Stortinget”. Han var fråhaldsmann og målmann, på same tid kristeleg og nasjonalromantisk innstilt. I moralske og kulturelle spørsmål var han djupt rotfesta i indremisjonssynet. Som nemnt var han i mange år formann i DVI medan han hadde sitt arbeid i Stortinget. Dermed vart det nær kontakt mellom det kristelege og det politiske. Lavik opplevde ikkje dette som to ulike sfærar, men som to sider ved det å vera sant menneske, skapt av Gud til å tena.

Nils Lavik vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1964, og ein byste av han vart sett opp ved kyrkja på Flatekval om lag hundre år etter han vart fødd.

Kilder og litteratur

  • B. Eide: Det Vestlandske indremisjonsforbund gjennom 50 år,Bergen 1948
  • artikkel av Hans Sandvoll i Sambåndetnr. 1/1954
  • nekrolog av Steinar Hunnestad i Fast Grunnnr. 4/1966
  • F. W. Sjursen: Indremisjon i en ny tid. DVI 1898–1973,Bergen 1973
  • O. J. Sæter (red.): Kristelig Folkepartis historie 1933–1983. Samling om verdier,1983
  • J. Kleppa: Til Herrens ære. Bibelskolen Bildøy-Bergen 1888–1988,Bergen 1988
  • d.s. og P. Odland: Ordets Folk. Det Vestlandske Indremisjonsforbund 100 år, 1898–1998,Bergen 1998

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri av O. Skagen, 1930; Lavik, Eksingedalen, Vaksdal
  • Måleri (skulderbilete) av Lars Osa, 1951
  • Minnestøtte (byste) av Øystein Laupsa, 1983; Flatekval, Eksingedalen

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.