Nils Engelhart

Prest. Foreldre: Faren var bergskrivar, seinare bergverksforvaltar Daniel Engelhart (ca. 1638–1733); mora er ukjend. Gift ca. 1701 med Sara Tausan (1673 (døypt 20.1.)–mars 1741), dotter til sokneprest, magister Hans Nielsen Tausan (død 1697) og Birgitte Schielderup (1628–77). Farfar til Henning Munch Engelhardt (1757–91); farfars farfars far til Thomas von Westen Engelhart (1850–1905; sjå NBL1, bd. 3).

Nils Engelhart hadde fleire presteembete på Nordmøre og i Romsdal i tiåra kring 1700. Det er som Thomas von Westen sin ven, sjelesørgar og nære medarbeidar i Syvstjernen at Engelhart har ein plass i norsk kyrkjehistorie.

Engelhart vart fødd i Meldal og gjekk ut frå Trondheims skule 1687 i 18–19-årsalderen (han kan såleis vere fødd 1669, men snautt nok vere yngre). Seinare må han ha studert i København nokre år, og som ferdig utdanna teolog skal han ha vore prest i marinen. 1693 vart han personellkapellan i Tingvoll. Frå 1700 var han “visepastor” (i røynda sokneprest) i Nesset i Romsdal og frå 1716 til han døydde sokneprest i Veøy, også i Romsdal.

Engelhart var med i det pietistiske prestelaget Syvstjernen (eit yngre namn) frå første stund. Sju prestar i Romsdal og på Nordmøre skreiv 17. april 1714 under på eit djervt skriv til kongen, eit “Klagemaal over Zions Saar”, som elles er godt nok kjent. Leiaren i Syvstjernen var dåverande sokneprest i Veøy, Thomas von Westen, som truleg også gjorde opptaket til å samle dei pietistiske naboprestane. Allereie 1709 vart von Westen utnemnd til sokneprest i Veøy, men kom til kallet først 1711; Syvstjernen vart nok skipa ikkje lenge etter, 1712 eller 1713, seinast. Medlemene av prestelaget heldt ei rekke møte heime hos kvarandre i åra 1714–16, ogå fleire gonger hos Engelhart på Nesset prestegard. Då Thomas von Westen tok til som misjonær i Finnmark 1716, var Syvstjernen ikkje lenger liv laga.

Engelhart var von Westen sin beste ven og jamvel sjelesørgar. Det heiter elles at han var heilt ulik von Westen i karakter, dvs. at Engelhart var den milde, snille, tolmodige og rolege. Dette kan ha vore rett, for Engelhart sette ingen far etter seg i bygdeminnet korkje i Nesset, der han verka lengst, eller i Veøy. Engelhart var ein mogen mann, kring 43 år gamal, då den 14–15 år yngre Thomas von Westen kom til Veøy som sokneprest.

Nils Engelhart er elles framheva for sin lærdom, særleg i hebraisk, men vi kjenner ikkje til nokon akademisk produksjon frå hans hand. Elles har Engelhart stor etterslekt i Noreg, Sverige og Danmark, og alle med dette etternamnet brukte å ætte frå han.

Kilder og litteratur

  • G. Engelhart: Slägten Engelhart, Stockholm 1886
  • H. Seip: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • O. Olafsen: Veøy i fortid og nutid, bd. 1, 1926
  • A. Aarflot: Norsk kirkehistorie, bd. 2, 1967
  • O. Roaldset: Gards- og ættesoge for Nesset, bd. 4, 1977

Portretter m.m.

    Kunstarlege portrett

  • Maleri av ukjend kunstnar, u.å.; Veøy gamle kyrkje

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.