Marius Hægstad

Skulemann og språkforskar. Foreldre: Fullmektig, cand.jur. Ole Hægstad (1821–89) og Charlotte Abigael Tonning f. Rønneberg (1812–72). Gift 13.7.1857 med Pernele Larsdotter Midgaard (7.7.1852–1.10.1935), dotter til bonde Lars Knudson Midgaard og Gjertrud Berdla. Far til Olav Heggstad (1877–1954) og Leiv Heggstad (1879–1954).

Marius Hægstad var professor i nordisk språkvitskap, og han hadde mykje å seia også som bladmann, venstrepolitikar og stridsmann for landsmålet.

Hægstad hadde både aust- og vestnorsk blod i årane. Far hans, Ole Hægstad, kom frå ein gard på Øvre Eiker, men hadde studert og vorte cand.jur. Mora var dotter åt ein handelsmann på Larsnes ved Ålesund. Sonen Marius vart fødd i Borgund, men voks opp i Davik og Bergen. Han gjekk på latinskule i Bergen og tok examen artium 1869. Deretter las han til andreeksamen. 1872 studerte han ei tid i Oxford hjå fonetikaren Henry Sweet, og han vart kjend med Max Müller, som var professor i samanliknande språkvitskap. Eit års tid las han så germansk filologi på eiga hand i Bergen.

1874–84 var Hægstad styrar ved Namsos Borger- og Almueskole. 1884 skipa han Namdals Folkehøgskule og styrte skulen til 1892. Då vart han styrar for mellomskulen og inspektør for folkeskulen på Steinkjer. 1899 vart han professor i “landsmaalet og dets dialekter” ved universitetet i Kristiania, eit nytt embete, som 1917 vart omdøypt til professorat i nordisk målvitskap. Hægstad sat i professoratet til 1920, men hadde førelesingar i to år etter det.

Ved sida av skulen vart Hægstad snart oppteken med bladarbeid. 1876–77 var han med og styrte Namdals Tidende, før bladet gjekk inn. 1877–79 styrte han i eit par bolkar Namdalsposten, til dels saman med ein annan. 1883 var han med og skipa venstrebladet Nordtrønderen. Det styrte han til 1892 og skreiv også mykje i bladet, særleg om lokalpolitikk. 1885–90 gav han ut det frilyndte ungdomsbladet Dag, som kom kvar 14. dag.

Hægstad vart med i kommunepolitikken, og han tok opp amtssaker og rikspolitikk. Motsetnadene mellom Høgre og Venstre fanst også ute i distrikta, ikkje minst i Nord-Trøndelag. Hægstad ville rydda opp i mykje han såg som uheldig, og han spara ikkje på verbalt krut når han skreiv om motstandarane av Venstre, anten dei sat i Namsos eller Kristiania. Det førte han opp i harde ordskifte i aviser og i styre og råd der han var med, fyrst skulestyre og kommunestyre på Namsos og etter kvart i amtet og på Stortinget.

Hægstad vart varamann til Stortinget 1882 og møtte nokre gonger frå 1889. Som fast representant 1892–94 skreiv han 1894 framlegget til “Log um sams normaltid fyr kongeriket Norig” og var ordførar for saka. Realiteten i lovframlegget var alle samde om, men det vart stor strid om målforma, for det var det fyrste lovutkastet med nynorsk tekst. Hægstad dreiv saka igjennom med handlekraft og sterk vilje. Han kom ikkje inn att som stortingsmann i perioden 1895–97, men vart vald til ein andre periode 1898–1900. Han var aktiv på tinget, tok “rett” side i dei viktigaste sakene, som galdt unionen, og gjorde elles mest av seg i saker om kultur og samferdsle.

Frå før 1880 var det arbeidt for å skipa eit professorat i landsmål, fyrst med tanke på Ivar Aasen, så for Hans Ross. 1886 vart Moltke Moe professor i folkemål og folketradisjon. Budsjettnemnda i Stortinget og ei nemnd ved universitetet ville ha eit eige professorat i norsk folkemål (landsmål og bygdemål), og det vart vedteke. Då det vart lyst ut 1898, søkte Hægstad og Amund B. Larsen. Som vitskapleg vedlegg til søknaden hadde Hægstad berre eit arbeid om gammaltrøndsk, men han hadde skrive lærebøker i landsmål og hadde praktisk dugleik i målet. Larsen hadde sterk vitskapleg kompetanse i norske dialektar, men var ikkje interessert i landsmål. Dei sakkunnige sette Hægstad fyrst, og han vart utnemnd 1899. Den høgtidelege fyrsteførelesinga hans var ei akademisk og målpolitisk viktig hending, for det var fyrste førelesinga på nynorsk ved universitetet. Hægstad var mest 50 år før han fekk eit embete, men som professor var han arbeidsam og produktiv. Hovudverket hans, Vestnorske maalføre fyre 1350, på meir enn 1000 dryge sider, er bygt på eit noggrant studium av gammalnorske tekster, særleg brevlitteratur. Dei siste delane av verket kom posthumt 1935–42. Hægstad skreiv mange mindre utgreiingar om spreidde emne.

Som normeringsmann la Hægstad vekt på tradisjonen. 1898 sette departementet ei nemnd av Hægstad, Rasmus Flo og Arne Garborg til å drøfte landsmålet med tanke på å få ei meir einskapleg norm. Året etter kom nemnda med Framlegg til skrivereglar fyr landsmaalet i skularne, men tilrådinga var kløyvd. Hægstad ville gjera berre små inngrep i Aasen-normalen. Flo og Garborg laga derimot Midlandsnormalen, ei norm bygd på dialektane frå Telemark til Gudbrandsdalen. Rådgjevarane Matias Skard og Lars Eskeland ville ikkje følgje dei to, og 1901 vart Hægstad-normalen fastsett for skulen, men Midlandsnormalen vart tillaten som sideform. Som medlem av rettskrivingsnemnda av 1916 var Hægstad med på framlegget i 1917, men tok nokre atterhald i eit særvotum. Saman med Hjalmar Falk laga han retningslinene for namnsetjing av kart frå Noregs geografiske oppmåling (1912–13), framlegg til inndelingsnamn (1914–16) og bynamn (1918).

Hægstad stridde for målsaka heile livet. Då Bjørnson opna felttoget mot landsmål 1899, fekk han svar av Hægstad. På den fyrste store stemna for landsmål 1906, innleidde Hægstad til ordskifte om “Norsk stil til studenteksamen”, og han vart den fyrste formannen i Norigs Maallag. På eit målmøte 28.1.1912 heldt Hægstad den tala for statsminister Konow som gjorde at Konow takka i ei tale som førte til regjeringskrise.

I dei siste leveåra sine vart Marius Hægstad heidra som den store målhovdingen.

Verker

  • Bibliografi i J. A. Schulze: Skrifter og talar av Marius Hægstad,1990

    Eit utval

  • Norsk maallæra, elder Grammatik i landsmaalet, Namsos 1879
  • Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne. Fyrelagt det kongelige departement for kirke- og undervisningsvæsenet (sm.m. A. Garborg og R. Flo), 1899
  • Vestnorske maalføre fyre 1350, 1906–42
  • Utredning om landets inddelingsnavne, 1915
  • Utredning om norske bynavn (sm.m. H. Falk), 1918

    Arkivtilfang

  • Ei stor samling ved Nordisk institutt, UiB
  • brev i Handskriftsamlinga, NBO

Kilder og litteratur

  • Biografi i Lindstøl, bd. 1, 1914
  • A. Beinset: “Maalmannsprofilar – Marius Hægstad”, i For Bygd og By,1927
  • H. Koht, G. Indrebø, K. Liestøl: minneord i Den 17de Mai22.11.1927
  • D. A. Seip: Minnetale over Marius Hægstad i DNVA Årbok,1928
  • H. Framnes: minneord i Norsk aarbok,1928
  • D. A. Seip: “Marius Hægstad” i Arkiv för nordisk filologi,1929
  • O. Midttun: biografi i NBL1,bd. 6, 1934
  • G. Groven: “Marius Hægstad”, i Namdals folkehøgskole 1884–1984,Namdal 1985
  • K. Venås: I Aasens fotefar. Marius Hægstad,1992
  • S. Heggstad: Or soga um Marius Hægstad,manuskript i Handskriftsamlinga, NBO

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Målarstykke av Johan Nordhagen, 1919; UiO, attgjeve føre tittelsida i K. Venås: I Aasens fotefar. Marius Hægstad

    Fotografiske portrett

  • Fleire fotografi i K. Venås: I Aasens fotefar. Marius Hægstad

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.