Leiv Heggstad

Nynorskmann og målvitskapsmann. Foreldre: Skulestyrar, seinare professor Kristofer Marius Hægstad (1850–1927) og Pernele Larsdotter Midgaard (1852–1935). Gift 1) 31.12.1912 med Julia Norheim (8.3.1884–2.6.1928), dotter til gardbrukar Nils Norheim og Ragnhild Grjotland; 2) 9.11.1929 med Ingeborg Torvestad (6.7.1902–1969), dotter til gardbrukar Kristian B. Torvestad og Eli Malena Hausken. Bror til Olav Heggstad (1877–1954).

Leiv Heggstad var ein idérik, allsidig og kunnig filolog og pedagog og gav ut den nynorske Norsk grammatikk. Han skreiv også andre lærebøker og skrifter om mellom anna folkevisedikting og stadnamn.

Leiv Heggstad var son av landsmålsmannen og målvitskapsmannen Marius Hægstad. Av seks brør og éi syster var han den einaste som gjekk i fotefara til faren og vart filolog. Men alle syskena var målfolk. Etter examen artium ved katedralskulen i Trondheim 1896 vart han cand.philol. 1904 med faga norsk, tysk og historie. Frå 1905 arbeidde han med Hægstad og Torps Gamalnorsk ordbok (1909); han skal ha gjort meir enn to tredelar av grovarbeidet med boka. Han styrte Voss private gymnas 1911–16, var overlærar ved Voss landsgymnas 1916–31 og rektor ved Molde høgre skule 1931–45.

Grunnlina i yrkeslivet åt Heggstad var arbeidet som lærar og skulestyrar, men han treivst aller best ved skrivebordet. Han var pedagog også skriftleg. I nokre år var han med og styrte Norsk pedagogisk tidsskrift, og han hadde artiklar om så spreidde emne som heimstadlære i folkeskulen, landsgymnasa våre (fyrst på tysk), skulereformer i Tyskland, setningslære i nyislandsk og adjektivabstrakt i nynorsk. I Syn og Segn skreiv han om norsk i styringsverket og om ei norrøn artiumsline, som han laga plan for. Ei slik line kom fyrst på Voss, 1931.

Å skrive lærebøker var ei anna side av pedagogisk arbeid. Far åt Heggstad skreiv den fyrste mållæra i landsmål på landsmål. Sonen førte det vidare med nynorske grammatikkar. Mange laga lister og bøker med nynorske ord, men Heggstad vart den eine, store grammatikaren. Han arbeidde lenge med Norsk grammatik for skule-ungdom, for det var mykje urudd mark, særleg fordi han la vekt på syntaks. Ei større utgåve 1931 heitte berre Norsk grammatikk. Opplegg og framstelling følgde tradisjonelle mønster, men synte djupt skjøn for indre språklege samanhengar og eminent evne til formidling i eit greitt og naturleg språk. Den same framstellingskunsta finst i mindre grammatikkar for skulen. Ei mindre utgåve av grammatikken kom 1916. Heggstad gav ut ei lærebok i landsmål for bygymnas og ein gammalnorsk grammatikk. I ei anna lei gjekk Utsyn yver gamall norsk folkevisedikting og Eventyr og segner på målføre. Han omsette både Egils saga og latinske lærebøker til nynorsk.

Den vitskaplege interessa som Heggstad må ha fått i heimen og utvikla vidare i studietida, gjekk saman med skulearbeidet. I sommarferiane 1915–18 var han på granskingsferder i mange bygder (Setesdal, Gudbrandsdal, Hallingdal og Valdres, Nordfjord), og han skreiv om syntaksen i måla der (Maal og Minne 1915 og 1920). Det var kjærkomne tilskot til kunnskap om bygdemåla, for syntaks var mindre granska enn lyd- og formlære. Artiklane gjev mengder av døme, og andre granskarar har ofte vist til dei. I årsskriftet Vossabygdene 1932 gav Heggstad eit oversyn over vossemålet med lyd-, bøyings- og setningslære og med målprøver. Det var frukta av 20 års opphald på Voss. Heggstad skreiv om stadnamn i Ulvik og teigenamn på Voss (båe 1925) og om personnamn på Voss. Eit nytt tiltak 1920–31 var å samle stadnamn ved hjelp av skuleborn. Resultatet kom i boka Stadnamn på Voss.

Heggstad var fyrst ordboksmann. Eit opptak i 1890-åra med å setja norske ord i staden for danske la han vekk då Steinar Schjøtt 1898 tok til med Dansk-norsk ordbok. Fornorskingsordbok av Heggstad kom 1917 og i ny utgåve 1924. Mange har brukt boka, og ho har fått eit langt liv. Heggstad stod for ei ny utgåve av Gamalnorsk ordbok 1930, og han styrte arbeidet med Norsk Ordbok i 1930–31 og 1942–45.

Som fersk student 1897 tok Heggstad saman med kameraten Fredrik Wexelsen opp arbeid for å skipa studentmållag i hovudstaden. Laget vart røyndom tre år seinare, med Heggstad som den fyrste formannen. 1908–09 gav han saman med D. A. Seip anonymt ut eit par småskrifter til beste for landsmålet. I 1920-åra la han planar for ei mållov, og 1937 spurde han retorisk i eit flogskrift om storverket til Ivar Aasen skulle øydeleggjast ved at dei sette a-mål i staden for i-mål. Heggstad var innvald i Norsk Måldyrkingslag.

Verker

    Eit utval

  • Utsyn yver gamall norsk folkevisedikting (saman med H. Grüner Nielsen), 1912
  • Norsk grammatik for skule-ungdom, 1914
  • Fornorskingsordbok. Norskdansk rettskrivingsordbok med norsk ordtyding, 1917
  • Stutt lærebok i det norske landsmålet. Serleg for bygymnasi, 1921
  • Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding, 1930
  • Norsk grammatikk, 1931
  • Molde høgre skule i 100 år, Molde 1932
  • Vossemålet. Ei stutt utgreiding um ljod-, bøygnings- og setningslæra med nokre prøvor på målføret, i Vossabygdene 1932 (utgj. som særprent i Molde 1933)
  • Skal storverket til Ivar Aasen øydeleggjast? I- eller a-mål? 1937
  • Stadnamn på Voss, Voss 1949
  • Eventyr og segner på målføre frå alle kantar av landet, 1950
  • Gamalnorsk grammatikk, 1951

Kilder og litteratur

  • E. Breidsvoll: Studentmaallaget i 20 aar. 31. oktober 1900–31. oktober 1920, 1920
  • Stud. 1896, 1921, 1946
  • Studentmållaget i Oslo 35 år, 1935
  • O. Dalgard m.fl. (skriftnemnd): Studentmållaget 50 år. 1900 – 30. oktober – 1950, 1952
  • H. Framnes: “Leiv Heggstad”, i Vestlandske Mållag 1904–54, Bjørgvin 1954, s. 197–200
  • S. Eskeland: biografi i Norsk allkunnebok, bd. 5, 1954
  • K. Venås: I Aasens fotefar. Marius Hægstad, 1992

Portretter m.m.

    Fotografiske portrett

  • Fotografi i Norsk allkunnebok, Vestlandske Mållag 1904–54 og Molde høgre skule i 100 år, sjå ovanfor, avsnitta Verk og Kjelder og litteratur

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.