Faktaboks

Lars Korvald
Fødd
29. april 1916, Mjøndalen i Nedre Eiker
Død
4. juli 2006, Mjøndalen
Verke
Politiker
Familie

Foreldre: Gårdbruker Engebret Korvald (1873–1956) og Karen Sofie Wigen (1876–1965).

Gift 1943 med Ruth Aarny Borgersen (1915–2006), datter av Kristian Borgersen (1881–1944) og Karen Bjerke (1875–1963).

Portrettfoto av Lars Korvald
Lars Korvald fra Kristelig Folkeparti var statsminister frå 1972 til 1973.
Lars Korvald
Av /Stortingsarkivet.

Lars Korvald var ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti (KrF). Han var Noregs statsminister frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973. Koalisjonsregjeringa hans blei danna etter EF-røystinga i 1972, då Trygve Brattelis regjering søkte avskjed, og sat til etter valet i 1973. Korvald var fylkesmann i Østfold frå 1981 til 1986 og stortingsrepresentant for Østfold frå 1961 til 1981.

Bakgrunn

Korvald vart fødd på garden Korvald i Mjøndalen, og det var tenkt slik at han skulle overta garden. Han var utdanna sivilagronom ved Noregs Landbrukshøgskule i 1943 og arbeida som lærar ved Tomb jordbruksskule i åra 1943–1952, der han var rektor i perioden 1952–1978. I åra som lærar og rektor verka han også som emissær, og i fire år var han sjefskonsulent i 4H-rørsla.

I 1945 melde han seg inn i Kristeleg Folkeparti, men sa nei til alle som ville ha han med i lokalpolitikken. I 1960 derimot godtok han ei rolle i rikspolitikken, og frå 1961 sat han på Stortinget som representant for Østfold Kristeleg Folkeparti. Den første perioden gjorde han seg ikkje særleg mykje gjeldande. Han verka litt grå og anonym. Han var 45 år då han tok til som stortingsrepresentant, og var då heilt blank som politikar. Behovet for å lære var difor stort.

Parlamentarisk leiar og partileiar

Om han var ny i politikken, hadde Korvald lang erfaring både frå organisasjonslivet og som arbeidsleiar. Som stortingsrepresentant gjorde odelsguten frå Nedre Eiker seg raskt notert. Han var ein kjend og halden forkynnar i indremisjonen, og talegåvene frå bedehuset tok han med seg til Stortinget. Han blei plassert i finanskomiteen, og etter debutinnlegget i finansdebatten same år, skal Bernt Røiseland ha kommentert til sidemannen sin: «Han der skal me få høyra meir til.»

Allereie fire år etter at han vart stortingsrepresentant fekk Korvald framståande posisjonar i KrF. Han var parlamentarisk leiar frå 1965 til 1972 og frå 1973 til 1981, og lagtingspresident frå 1969 til 1972. Korvald var partileiar i to omgangar, frå 1967 til 1975 og frå 1977 til 1979. Han blei raskt oppfatta som litt av ein «nestor» i politikken. Etter at Kjell Bondevik gjekk av som aktiv politikar i 1971, var Korvald dei neste ti åra den suverene leiarskikkelsen i partiet, uavhengig av formelle posisjonar.

Som parlamentarisk leiar vart Lars Korvald med i forhandlingane om skipinga av regjeringa Per Borten. Då han sjølv skulle prøve seg i 1972, visste han difor ein del om korleis det ikkje skulle gjerast. I 1967 vart han vald til formann i Kristeleg Folkeparti, og formann var han i første omgang til 1975, og så etter eit mellomspel med Kåre Kristiansen, gjekk han på ein ny periode frå 1977 til 1979, då Kristiansen på nytt tok over.

Så lenge Kjell Bondevik var aktiv i politikken, spelte nok Lars Korvald andrefiolin, men det hadde han ikkje noko imot. Han såg opp til og lærte mykje av Kjell Bondevik, men etter at hans tid var ute, var det Lars Korvald som steig fram som høvdingen i KrF.

Statsminister

Regjeringa Korvald
Regjeringa Korvald vart utnevnd 18. oktober 1972, etter at Trygve Brattelis Ap-regjering gjekk av på grunn av nei i folkeavstemninga om EF. Korvald står omtrent i midten med løfta hand.
Regjeringa Korvald
Av .

KrF blei med i Per Borten-regjeringa i 1965. Etter at regjeringa gjekk av 1971, hovudsakleg på grunn av usemje internt i regjeringa om europapolitikken (sjå EU-kampen), var Korvald lenge ein av dei som var usikre på kva KrFs konklusjon burde bli i denne saka. Etter kvart landa han på eit nei-standpunkt, til liks med fleirtalet av medlemmene og dei tillitsvalde i partiet.

Det er likevel den ekstraordinære regjeringsdanninga hausten 1972 som har gitt Lars Korvald ein viktig plass i nyare norsk historie. Etter folkeavstemminga om norsk EF-medlemskap 25. september 1972 valde Trygve Brattelis arbeidarpartiregjering å gå av. Lars Korvald fekk då på vegner av dei såkalla «nei-partiene» KrF, Senterpartiet og Venstre i oppdrag å danne ny regjering.

Venstre blei likevel delt etter landsmøtet på Røros same haust, slik at berre litt over ein tredel av den gruppa som hadde blitt vald inn i 1969 støtta den nye regjeringa. Koalisjonsregjeringa hadde berre 39 av Stortingets 150 stortingsrepresentantar å støtte seg til, og var dermed den parlamentarisk svakaste regjeringa sidan 1930-åra.

Nei-sida skipar regjering

Då regjeringa Bratteli kunngjorde sin avgang etter nei-fleirtalet ved folkeavstemminga i 1972, var haldninga i Stortinget at nå måtte nei-sida ta ansvar og skipe regjering. Men kva var nei-sida? Senterpartiet var det einaste reine nei-partiet på Stortinget då. I Kristeleg Folkeparti var gruppa delt på midten, sju representantar sa ja og sju sa nei til EF-medlemskap. I Venstre var det eit klart fleirtal på åtte som sa ja, men eit mindretal på fem som sa nei. I Arbeidarpartiet var det klart eit fleirtal som hadde stemt ja, men også ei stor nei-gruppe.

Ja-sida i både Venstre og Kristeleg Folkeparti meinte at Senterpartiet åleine burde skipe regjering, mens nei-sida i dei to partia meinte at det burde bli ei koalisjonsregjering der også heile KrF og Venstre vart med. I KrF vart det ein kraftig indre strid om dette, og i starten av forhandlingane var KrF sitt krav at partiet berre ville delta dersom også heile Venstre deltok. Senterpartiet på si side sa seg villig til, om alt anna skar seg, å skipe ei regjering åleine med Per Borten som statsminister, men det var usemje også i den gruppa om Bortens kandidatur.

I KrF måtte ja-sida til slutt gi seg og seie ja til regjeringsdeltaking, men då skulle føresetnaden vere at partiets grand old man, Kjell Bondevik, skulle bli statsminister. Spekulasjonane i pressa gjekk også i retning av at det var uråd å kome utanom Bondevik i statsministerstolen. Lars Korvald, partiets parlamentariske leiar sidan 1965 og partiformann sidan 1967, var det få som rekna med. Alternativet om ikkje Kjell Bondevik ville, kunne lett bli Per Borten, Senterpartiets statsministerkandidat, og då ville det bli bråk både i KrF og i Venstre. Venstre stilte med Hallvard Eika som statsministerkandidat, men det vart snart klart at det berre vart fem i Venstre-gruppa som støtta skipinga av denne regjeringa. Det viste seg også at Kjell Bondevik til slutt sa tvert nei til å bli statsminister. Då tok det ikkje lang tid før KrF samla seg om Lars Korvald, og sidan korkje KrF eller Venstre ville ha Borten, vart det Korvald som reiste til Slottet for å få regjeringsoppdraget. Han skulle skipe ei sentrumsregjering med to heile partigrupper og under ei halv Venstre-gruppe bak seg i Stortinget, men med eit nei-fleirtal bak seg i folket.

For Lars Korvald vart det inga enkel oppgåve å skipe regjering. Han hadde lært frå danninga av Borten-regjeringa i 1965 at han som statsminister måtte ha siste ordet om kven som skulle bli statsrådar. Parolen var, særleg frå Senterpartiet, at berre nei-folk skulle med i regjeringa. Dette skapte strid i KrF, og til slutt måtte Borten og Senterpartiet godta at det kom med to KrF-statsrådar frå ja-sida. 39 mandat hadde regjeringa bak seg i Stortinget. Det var einaste Bondeparti-regjeringane frå 1931 til 1933 og Johan Ludwig Mowinckel si vaklande Venstre-regjering frå 1933 til 1935 som fram til då hadde hatt svakare parlamentarisk basis. For Korvald-regjeringa viste det seg at det parlamentariske grunnlaget ikkje fekk så mykje å seie. Regjeringa hadde ei hovudoppgåve og det var å skaffe landet ein akseptabel handelsavtale med EF. Inntil den jobben var gjort, var regjeringa nærast freda. Regjeringa kunne kritiserast, og stemmast ned, men ikkje fellast. Det var dessutan ein sterk nei-fraksjon i Arbeidarpartiet som passa på at partiet ikkje la altfor store vanskar i vegen for nei-regjeringa. Nederlaga vart mange i Stortinget, men regjeringa sat vidare til jobben var gjort.

EF-striden splitta partia

Korvald hadde ei viktig rolle saman med nestformannen i partiet, Kåre Kristiansen, i å bygge bru over den kløyvinga som kom i KrF i samband med folkeavstemminga i 1972. Situasjonen i Stortinget før og etter folkeavstemminga var nok heilt spesiell i norsk parlamentarisk historie. På grunn av denne eine saka delte partigruppene seg og lojalitetsmessig sette seg saman på ein annan måte. Kva parti dei kom i frå vart underordna denne eine store saka. Det kom til ein viss grad også til å prege Korvald-regjeringa sitt arbeid. Uoffisielt kunne regjeringa rekne med sympati frå alle nei-representantane, i alle fall i saker som hadde med marknadssaka å gjere.

Som handelsminister hadde Korvald valt den solide venstremannen Hallvard Eika. Han hadde lang røynsle som formann i Norges Bondelag, og han var ein flink forhandlar. Som forhandlingsleiar på norsk side valde regjeringa leiaren for rettsavdelinga i Utanriksdepartementet, den skarpskodde folkerettsjuristen Jens Evensen. Han hadde ikkje gjort noko som skulle tyde på at han var tilhengar av norsk medlemskap i EF. Mange andre av dei aktuelle embetsmennene i UD vart sett på som ja-folk.

Handelsavtale

Mange oppfatta Korvald-regjeringa som eit mellomspel og lite meir enn eit forretningsministerium etter EF-røystinga. Men det viste seg snart at både regjeringa og sjefen i regjeringa ønskte å prege samfunnet i den tida ein skulle sitje ved makta.

Regjeringa fekk som hovudoppgåve å gjennomføre dei vanskelege forhandlingane om ein handelsavtale med EF. Etter nokså harde forhandlingar kunne handelsminister Eika underteikne handelsavtalen i mai 1973. Dermed var det i grunnen sett punktum for sjølve EF-striden for denne gongen, men det gjekk ei stund før såra hadde grodd. Den vanskelegaste saka for regjeringa vart den såkalla Crotale-saka. Regjeringa vart mistenkt for å ha kopla kjøpet av den franske Crotale-raketten opp mot oppfylling av visse norske krav i handelsavtalen. Dette hadde ikkje regjeringa orientert Stortinget om, og kritikken gjekk på at regjeringa hadde forsømd informasjonsplikta si. Det var alvorleg. Den fremste kritikaren var dessutan Helge Seip, formannen i utanrikskomiteen og tidlegare partikollega med Hallvard Eika. Det gjekk så langt at Arbeidarpartiet sette fram mistillitsforslag mot Korvald-regjeringa, men dette støtta korkje Seip eller Høgre. Det borgarlege fleirtalet berga regjeringa. Samarbeidet i Korvald-regjeringa var elles godt, og sjølv om forhandlingane om handelsavtale var hovudsaka, så gjennomførde regjeringa også fleire andre viktige saker. Ho var sjølvsagt avhengig av støtte frå andre parti for å få det til.

Regjeringsskifte

Alt i god tid før valet i 1973 kunngjorde Lars Korvald at hans regjering ville gå av så snart det nyvalde Stortinget hadde blitt samla. Han meinte at regjeringa hadde kome i stand som følgje av ein ekstraordinær situasjon, og at det snarast var viktig å kome tilbake til det normale. Korvald fekk kritikk for dette standpunktet. Det var dei som hevda at regjeringa godt kunne ha blitt sitjande til ho vart felt i Stortinget. Arbeidarpartiet opplevde sitt største katastrofeval i 1973, mens nei-partiet, det fusjonerte Sosialistisk Valforbund, opplevde eit brakval og kom inn med 16 mandat. Til saman vart dette eit knapt sosialistisk fleirtal. Korvald konkluderte med at etter eit val der fleirtalet skiftar frå ikkje-sosialistisk til sosialistisk, så bør det skje eit skifte av regjering. Den største taparen av alle ved dette valet, Arbeidarpartiet og Trygve Bratteli skipa difor ny regjering, og Korvald gjekk tilbake til Stortinget som parlamentarisk leiar.

Korvald gjekk av som partileiar i 1975 og blei avløyst av Kåre Kristiansen, men etter at Kristiansen trekte seg i 1977 på grunn av rykte som gjekk om privatlivet hans, blei Korvald igjen partileiar i åra 1977–1979. Då avløyste Kristiansen han endå ein gong.

Stortingsvalet i 1977

Lars Korvald

Korvald var fylkesmann i Østfold frå 1981 til 1986. Foto 1986. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Lars Korvald
Av /NTB Scanpix ※.

Det skulle ikkje gå så mange åra før EF-striden var historie og dei tre borgarlege partia, KrF, Sp og Høyre på nytt kunne starte sonderingar med sikte på regjeringssamarbeid. Alt i desember 1975 var det første møtet, og målsettinga var borgarleg valseier i 1977. Valnatta, natt til 13. september, peika i retning av eit hårfint fleirtal for Arbeidarpartiet og SV, men på formiddagen den 13. hadde teljinga av førehandsstemmene gjort at fleirtalet vippa over til dei borgarlege partia.

Partiformennene i KrF, Senterpartiet og Høgre hadde det første møtet sitt, og hadde vel omtrent blitt samde om at Lars Korvald på nytt skulle bli statsminister, då det kom det melding om at det hadde dukka opp ein konvolutt med SV-stemmer i Nordland som hadde hamna blant Høgre-stemmene. Desse ekstrastemmene ga SV eitt mandat. Hanna Kvanmo vart innvald, og ho sikra sosialistisk fleirtal og Odvar Nordli som statsminister.

Parlamentarisk leiar og fylkesmann

Korvald sat som parlamentarisk leiar til han gjekk ut av Stortinget i 1981. Etter Arbeidarpartiets valnederlag det året åtvara Lars Korvald sine partifellar mot å delta i regjering saman med Høgre på grunn av usemje om abortsaka. På landsmøtet i KrF våren 1981 støtta Korvald heilhjarta det såkalla «Tønsberg-vedtaket». Dette sette som krav for at KrF skulle delta i ein eventuell ny, borgarleg regjering, at abortloven blei endra. Eit slikt ultimatum blei avvist av Høgre, som danna regjering åleine etter valet om hausten. På landsmøtet i 1983 blei «Tønsberg-vedtaket» dempa noko ned, og få veker seinare blei regjeringa utvida med statsrådar frå KrF og Sp.

I 1981 trekte Lars Korvald seg frå Stortinget etter 20 år. Same haust blei han utnemnd til fylkesmann i Østfold og sett i dette embetet til han fylte 70 år. Som pensjonist vende han tilbake til heimtraktene i Nedre Eiker. Ein av Korvalds nærmaste medarbeidarar var Kjell Magne Bondevik, og den seinare statsministeren ser opp til Lars Korvald som den politiske læremeisteren sin.

Lars Korvald var ein glimrande folketalar. Då han opna eit innlegg i Stortinget med orda «Noreg er eit land i verda, herr president,» gav han bidraget sitt til floraen til ordspråka. Utsegna har blitt brukt, vrengt på og harselert med, men har likevel blitt ståande.

Utgivingar

Lars Korvald utga i 1982 sjølvbiografien Politikk og kall i samarbeid med Per Øyvind Heradstveit. I 1995 kom Det beste jeg vet å gi videre (saman med Aud Kvalbein).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Enstad, Nils-Petter: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2), bind 5, 2002
  • Nordby, Trond: biografi i Storting og regjering 1945–1985, bind 1, 1985
  • Sæther, O. J. m.fl.: Samling om verdier. Kristelig Folkepartis historie 1933–83, 1984

Faktaboks

Lars Korvald
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000003370548

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg