Jon Sundby

Gardbrukar og politikar. Foreldre: Gardbrukar og ordførar Julius James Sundby (1837–1911) og Othilie Strand (1841–1909). Gift 29.4.1915 med Bertha Marie Mørk (f. 9.7.1893), dotter til gardbrukar Syver Olsen Mørk (1857–1936) og Marthe Randine Lomsnæs (1853–1934).

Jon Sundby var gardbrukar, bondepartipolitikar og statsråd, og han hadde sentrale tillitsverv i landbrukets økonomiske organisasjonar.

Sundby voks opp i Vestby som den yngste i ein syskenflokk på seks. Faren var ordførar for Høgre og gardbrukar i bygda. Etter middelskoleeksamen 1900 tok Jon Sundby eksamen ved Sem landbruksskole 1903 og Norges Landbrukshøgskole 1905. Han hadde stipend til USA 1908 og var lærar og ei tid konstituert styrar ved Sem i åra 1906–12. Frå 1912 til 1960 var han gardbrukar på Sundby i Vestby.

Sundby var medlem av Bondepartiets styre 1928–45 og representerte partiet i Vestby heradsstyre i to periodar og var stortingsrepresentant 1922–45. I bondepartiregjeringane 1931–33 var han landbruksminister 1931–32 og finansminister 1932–33. Han skal ha vore motviljug til å bli statsråd, men gav etter for ultimatum frå Peder Kolstad då han vart landbruksminister 1931.

Parallelt med sin politiske karriere hadde Sundby sentrale tillitsverv i landbruksorganisasjonane, m.a. som styreformann for Østlandets Melkesentral 1930–57, der han vart æresmedlem 1958. Han hadde òg sentrale verv i Norske Melkeprodusenters Landsforbund og Meieribrukets Sentralstyre og var formann i Felleskontoret for landbrukets omsetnadsorganisasjonar (Landbrukets Sentralforbund) 1945–57.

Jon Sundby var ein av dei unge bondepartimenn som kom i opposisjon til den eigenmektige, førarliknande bondelagshovdingen Johan E. Mellbye. Den gamle ideologien i bonderørsla, “muldens evangelium”, vart utfordra av Sundby og andre landbruksfagleg utdanna som var meir interesserte i lønsemd enn i høgstemd tale om bondetanken. Desse unge bondepartimennene vann striden og greidde å gjera Bondepartiet til ein sjølvstendig organisasjon utan formelle rettar til overstyring frå Norges Bondelag. Sundby var sterkt kritisk til økonomisk liberalistisk politikk, og som finansminister stod han for ein stram sparepolitikk.

Sundby har vorte framstilt som den mest markante leiaren i norsk landbruk frå 1920 til ut i 1950-åra og var ei sentral drivkraft i oppbygginga av omsetnadsordningane og sentralsystemet for landbruket i byrjinga av 1930-åra. Etter krigen var han sentral i oppbygginga av det som etter kvart vart kalla Landbrukets Sentralforbund. Ved stortingsvalet 1933 var Sundby fyrstekandidat for ei fellesliste mellom Bondepartiet, Nasjonal Samling og Frisinnede Folkeparti i Akershus. På denne tida hadde han sume synsmåtar som stod nært det politiske ytre høgre, m.a. gjekk han 1934 inn for eit næringsting. 1931 vart Sundby vald inn i leiinga for Nordisk Folkereisning i Norge, forlauparen til Nasjonal Samling, som ein av 31 personar. Han var ikkje spurd på førehand om han ynskte dette. Sundby gjekk i forsvar for forsvarsminister Quisling då Jens Hundseid (påtroppande statsminister) ynskte å skifta han ut 1932. Han var ein av tre stortingsrepresentantar som vart oppnemnde saman med utanriksministeren for å forhandla med den tyske okkupasjonsmakta etter stortingsmøtet på Elverum 9. april 1940.

Sundby var medlem av direksjonen i Noregs Bank 1936–44 og 1945–47. Han vart æresmedlem i Selskapet for Norges Vel 1958 og i Norges Bondelag 1953. Jon Sundby var forfattar av nokre landbruksfaglege og landbrukspolitiske skrifter, og han skreiv ei rad artiklar i fag- og dagspressa, særleg som landbruksmedarbeidar i Tidens Tegn og Nationen.

Verker

  • En liten haandbok i kunstgjødselbruk. Med gjødslingsplaner og skemaer for notater, 1919
  • Bondepartiet, Bonderegjeringen og finansene, 1933
  • Landbrukets økonomiske organisasjoner. Bakgrunn og motiver for deres utvikling og virksomhet. Litt historikk, med hovedvekten lagt på melkeorganisasjonene, 1959
  • Litt biografi og litt historikk, særlig om Bondepartiets og bonderegjeringens landbrukspolitikk, samt om tilblivelsen av melkesentralordningen, 1967

Kilder og litteratur

  • Haffner, bd. 1, 1949
  • H. Flåtten m.fl. (red.): En epoke i norsk jordbruk. Festskrift til Jon Sundby på syttiårsdagen 8. juni 1953, 1953
  • O. Klokk: biografi i NBL1, bd. 15, 1966
  • R. Bjørnstad (red.): Jorden og mannen. Jon Sundby. En biografi ved et utvalg av hans taler, artikler og foredrag gjennom 60 år, 1968
  • HEH, 1968 og 1973
  • J. Bjørgum: Venstre og kriseforliket, 1978
  • H. F. Dahl: Vidkun Quisling. En fører blir til, 1991
  • O. Rovde: Hundre år for bygd og bonde, bd. 1: I kamp for jamstelling 1896–1945, 1995
  • B. Gjerdåker: Hundre år for bygd og bonde, bd. 2: Bygdesamfunn i omvelting 1945–1996, 1995
  • M. B. Ohman Nielsen: Bondekamp om markedsmakt. Senterpartiets historie 1920–1959, 2001
  • R. Almås: Frå bondesamfunn til bioindustri, bd. 4 i Norges landbrukshistorie, 2002

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.