Faktaboks

Ingerd Erlendsdotter

Ingerd Erlendsdatter, Ingjerd Erlendsdotter, Ingjerd Erlendsdatter

Fødd
1440
Død
1526, Bergen
Levetidskommentar
truleg fødd omkring 1440; nøyaktig fødselsår og fødestad er ikkje kjende
Verke
Godseigar
Familie

Foreldre: Riddar, riksråd og syslemann Erlend Eindridsson (nemnd 1429–1450) og fru Gudrun Olavsdotter (ca. 1415–etter 1472).

Gift 1) med riddar og riksråd Olav Guttormsson (død før september 1485), son til riddar og riksråd Guttorm Eivindsson (nemnd 1421–1450) og Inga(?) Svalesdotter; 2) før september 1490 med væpnar og riksråd Arald Kane (ca. 1460–1496/1497), truleg son til væpnar Otte Toraldsson Kane (død ca. 1464) og Borghild Kolbjørnsdotter.

Grandtante (mormors syster) til Otte Holgersen Rosenkrantz (død 1525).

Ingerd Erlendsdotter var ein norsk godseigar. Ho var dotter av riksråd og syslemann Erlend Endridsson; den siste mannen av Losna-ætta.

Gjennom arv og ekteskap vart Ingerd ein av dei største godseigarane i Noreg. Forutan Losna-godset fekk ho i 1490 del i Giske-godset med eigendommar i Nordland og på Hjaltland (Shetland). Hun hadde òg godsLista, på Nesøya i Asker, Sørum og fleire andre stader.

Med sin ættebakgrunn og sitt omfangsrike jordegods vart Ingerd Erlendsdotter ein sentral person i si samtid. I heile 30 år levde ho som enkje, og kjeldene gjev inntrykk av at ho styrde godssamlinga si med sikker hand. Ho deltok ikkje sjølv i politikken, men utsiktene til å arve henne gjorde at stormenn i alle dei tre nordiske landa måtte ta omsyn til henne.

Ingerd hadde ingen barn. Då ho døydde, kom det til ein bitter arvestrid som ende med at mesteparten av eigendommane gjekk til borna til systerdottera hennar, og Erik Rosenkrantz overtok mesteparten då han vart myndig.

Fru Ingerd vart i samtida kalt «gamle fru Ingerd» for å skilje henne frå den fjerne slektningen sin, fru Ingerd til Austrått.

Slekt

Ingerd hadde slektsband til fleire av dei mektigaste ættene i Noreg i seinmellomalderen. Faren, Erlend Eindridsson, var den siste kjende representanten i mannslina til Losnaætta, som hadde hovudtyngda av eigedomane sine i Sogn. Mora, Gudrun Olavsdotter, var dotter til riddaren og riksråden Olav Håkonsson til Nesøya og fru Ingebjørg Jonsdotter av Giskeætta/Sørumsætta. Då Erlend Eindridsson døydde, gifte Gudrun seg opp att med riddaren og riksråden Jon Svalesson Smør, som seinare vart riksforstandar. Sigrid, systera til Ingerd, fekk Nesøya etter foreldra og vart gift med riddar og riksråd Bo Flemming.

Ingerd fekk fruetittel då ho gifte seg med riddaren Olav Guttormsson, som åtte setegarden HanangerLista. Arven etter han gjekk til hans moster, fru Botild Svalesdotter, men fru Ingerd fekk disposisjonsretten til Hananger og andre gardar på Lista i si levetid.

Olav Guttormsson døydde omkring 1485, og Ingerd gifta seg på nytt med væpnar og riksråd Arald Kane (død 1497).

Storgodseigar

Storgodseigar vart fru Ingerd først då ho som utarving fekk del av det svære godskomplekset som junker Hans Sigurdsson døydde frå i 1466. Godssamlinga inneslutta dei gamle stormannsseta Giske, Bjarkøy og Sørum med underliggjande gods, forutan fleire lokalt avgrensa gods, mellom anna Dønnes og TjøttaHelgeland og Naustdal i Sunnfjord. Junker Hans døydde utan born, og arvingane var tre kvinner, alle syskenborn til junkeren: fru Agnes Alvsdotter, gift med den svenske riddaren Knut Jönsson (Tre Rosor), fru Gro Alvsdotter, gift med riddaren Mats Jakobsson (Rømer), og fru Gudrun Olavsdotter, mor til fru Ingerd. Arveskiftet vart først avslutta i 1490, og arvtakarar vart borna til dei tre kvinnene: Alv Knutsson og hans bror Jöns, som overtok Giske-/Sørums-delen, fru Ingerd og systera Sigrid, som fekk hovudtyngda av sin arvedel lagt til Nord-Vestlandet og Nord-Noreg, og riddaren Otte Matsson og hans sysken (arva av Ingerd Ottesdotter).

Ektemannen drept

Det var Ingerds ektemann Arald Kane som representerte kona og svigerinna ved arveoppgjeret. Han er nemnd som medlem av riksrådet første gong i 1489. Fem år seinare vart sveinane hans klaga for valdsferd i Vika, og av brev frå 1498 går det fram at han saman med nokre av sveinane sine vart teken av dage under ei tingsamling på Sunnmøre. Drapet må ha skjedd før 15. april 1497, for denne dagen gav fru Ingerd nokre eigedomar på Nordmøre og i Sør-Trøndelag til Nidaros domkyrkje, til årtidehald (årleg sjelemesse på dødsdagen) for seg og den døde ektemannen. Eigedomane vart dregne tilbake i 1556 og slutta saman med resten av arven etter fru Ingerd.

Skattekrav

I brevmaterialet blir Ingerd Erlendsdotter omtala som «gamle fru Ingerd», til skilnad frå slektningen sin på Austrått, Ingerd Ottesdotter («gamle» fru Ingerd var tremenning til far til Ingerd Ottesdotter). Ho slapp ikkje unna skattekrava til Christian 2., og 1520/1521 måtte ho ut med heile 500 mark i tiandepengeskatt. Sjølv meinte ho at ho hadde fått kongens lovnad om å sleppe skatten, men den strenge oppkrevjaren på Bergenhus, Jørgen Hanssøn, køyrde hardt på og «wenthe segh mer pennynghe aff henne» (vente seg meir pengar av henne). Eit slikt tilleggskrav måtte han likevel la liggje.

Siste år

Mot slutten av livet følte gamle fru Ingerd saknet av ein mann eller ein son; «nw er jegh som en villene fogel» (no er eg som ein vill fugl), skreiv ho i brev til erkebiskop Olav Engelbrektsson i mai 1526, kort tid før ho døydde. Den beste hjelparen hennar hadde vore Otte Holgerssøn (Rosenkrantz), som døydde i 1525, og som ho i brevet frå 1526 kalla «min kere søn» (ho var moster til mor hans). Dei fleste hadde vore gode mot henne, skriv ho, men ikkje frua på Austrått – «hun haffuer giordt megh then mesthe vreth» (ho har for det meste gjort meg vred). Ingerd Ottesdotter reiste arvekrav og hadde svigersonen Vincens Lunge til å prosedere for seg. Dei andre med arvekrav var borna til Otte Holgerssøn og den svenske riddaren Ture Jönsson (fru Ingerd var tremenning til hans far Jöns Knutsson).

Død

Ingerd Erlendsdotter døydde sommaren 1526. Vi kjenner ikkje den nøyaktige dødsdatoen, men ho var i alle fall i live 10. mai og kanskje 20. juni, men 10. august vart det sendt melding til Stockholm om at ho var død. Det vart arvestrid, som først vart avslutta i 1529, då ein herredag med hertug Christian til stades avgjorde – med tilvising til arvetalet i norsk lov – at Otte Holgerssøns born skulle ha heile arven. Det var den eldste av dei, Erik Rosenkrantz, som overtok jordegodset, som vart grunnstammen i det omfangsrike rosenkrantzgodset.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Yngvar Nielsen: «Om nogle middelalderske Slægter i det vestenfjeldske Norge», i Historisk tidsskrift, rekke 2, ind 2, 1880, s. 1–96 (særleg s. 68–73)
  • Halvdan Koht: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 6, 1934
  • J. A. Nordström: «Ottilia Ottesdotters (Kane) mödernesläkt och Åby gods i Bohuslän», i Norsk slektshistorisk tidsskrift (NST), bind 4, 1934, s. 338–341
  • Henning Sollied: «Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter. II. Bolt», i NST, bind 7, 1940, s. 261–285 og 289–309
  • Henning Sollied: «Slekten Darre og Morlanda hovedgård», i NST, bind 12, 1950, s. 217–225
  • Per-Øivind Sandberg: Jordeboka over Hans Sigurdssøns norske godskompleks. Et forsøk på rekonstruksjon av Sudrheimsættens jordegods i Norge ca. 1500, hovedoppgave UiO, 1970
  • Aschehougs Norgeshistorie (ANH), bind 4, 1996, s. 74 (slektstavle som mellom anna viser slektskapen mellom Ingerd og Hans Sigurdsson)
  • Geirr Leistad: «Nesøya og Nesøygodsets eiere i middelalderen og tidlig ny tid», i Asker og Bærum Historielag. Skrifter 37, 1997, s. 311–346
  • Halvard Bjørkvik: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Diplomatarium Norvegicum, bind 1 nr. 945, bind 2 nr. 955 og 979, bind 5 nr. 977 og 981, bind 6 nr. 625, bind 7 nr. 620, bind 8 nr. 426, 538, 558 og 613, bind 9 nr. 511, 563, 566, 572, 576, 634, 637 og 661, bind 10 nr. 284, 514 og 570, bind 11 nr. 696, bind 13 nr. 413, bind 18 nr. 341 og bind 22 nr. 351
  • Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede, utgitt ved Henrik J. Huitfeldt-Kaas og Arne Odd Johnsen, bind 1 og 5, 1887/1966

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg