Hugo Fredrik Hjorthøy

Prest og topografisk forfattar. Foreldre: Sokneprest Hugo Fredrik Hjorthøy (1700–41) og Inger Beata Schreuder (1705–91). Gift 1) i Norderhov 3.11.1771 med Bolette Marie Braag (1.5.1746–27.1.1776), dotter til jernverkseigar Lars Braag og Marthe Mehlo; 2) 1776 med Maren Braag (21.5.1750–3.4.1826), syster til den første kona.

Hugo Fredrik Hjorthøy var prost i Gudbrandsdalen, men er først og fremst kjent som topografisk forfattar.

Hjorthøy var født på Klepp på Jæren, der faren hadde vore sokneprest. Faren døydde før sonen kom til verda, og guten vart sendt til moras familie i Fana ved Bergen. J. S. Cammermeyer, som var kapellan der, tok seg av undervisninga, og 19 år gamal blei Hugo sendt til universitetet i København for å ta examen philosophicum. Tilbake i Noreg vart han huslærar hos eigaren av Sognedals Jernverk i Norderhov, Lars Braag.

Hjorthøy tok teologisk embetseksamen 1764, og året etter vart han personellkapellan hos sokneprest Hans Ged i Flesberg. Etter tre år drog han attende til København og vart orlogsprest og 1770 viseprost på ei dansk-norsk flåteavdeling på tokt til Algerie. Han skreiv dagbok frå toktet og skildra dei elendige forholda på skipa. Dagboka vart trykt i det danske tidsskriftet Museum 1893.

I 1771 vart Hjorthøy sokneprest i Skien, og samme året gifta han seg med ei av døtrene til Lars Braag. Dei fekk ei dotter 1772, og seinhaustes 1774 flytte dei til Fron, der han var blitt sokneprest. Frå 1775 var han prost i Gudbrandsdalen. Kona hans hadde vore sinnssjuk den siste tida og døydde allereie året etter. Same året gifte han seg opp att med systera hennar, Maren Braag. I det andre ekteskapet sitt hadde han tre søner og to døtrer.

I Fron hadde Hjorthøy eit godt ord på seg som talar og som ein praktisk embetsmann. Han gav ut eit par religiøse talar og dikt, og han oppretta det første kornmagasinet i Gudbrandsdalen. Dette vart lagt merke til i København, og gjennom Kanselliet fekk han eit svært smigrande skriv frå kongen. Han fekk og utført eit stort arbeid med nyrydding og dyrking av prestegardsjorda og bygde eit stort steinfjøs på prestegardssetra, eitt av dei tidlege steinfjøsa i Gudbrandsdalen. Da han seinare kom til Bergen, gav han ut ei bok om Gudbrandsdalen, Physisk og Ekonomisk Beskrivelse over Gulbrandsdalens Provstie. Ho er i ettertid rekna for eit av dei beste av dei topografiske verka frå 1700-talet, jamvel om kritikarane i samtida var heller kjølege. Han har tydeleg hatt Hans Strøms Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, som utkom tidleg i 1760-åra, som førebilete, men samla nok meir av stoffet sitt hos prestane og tilreisande gjester enn hos dei fastbuande bøndene. Lokalt fekk boka likevel stor betydning, og Ivar Kleiven kallar ho “eit kjeldeskrift som er my' verd”, men hadde gjerne sett at Hjorthøy hadde ofra meir tid og interesse på bygdehistoria og segnene.

1783 kom Hjorthøy til Bergen som sokneprest til Nykirken i Bergen, men dei økonomiske kåra hans var dårlege, og han tok til å verta sløv. 1791 vart han forflytta til Sund soknekall, mens soknepresten der, Philip Fleischer, overtok Nykirken. Dei siste åra sine i Sund skal Hjorthøy ha vore så sløv at han ikkje lenger skjøtte arbeidet sitt. Men likevel – og trass i at han sat i tronge kår – streva han også der med uttapping og dyrking av store myrstrekningar. Han døydde i Sund 1812.

Verker

  • Physisk og Ekonomisk Beskrivelse over Gulbrandsdalen Provstie i Aggershuus Stift i Norge, 2 bd., København 1785–86 (opptrykt 1907, faksimileutg. 1956)
  • Brudevielses-Tale til Brudgommen velærværdige hr. Ole Tidemand Arents, residerende Capellan til Kindservig, og Bruden Bolette Marie Hjorthøy, holden i Sunds Kirke den 25de Febr. 1801 af Brudens Fader H. F. Hjorthøy, Bergen 1801
  • Dagbok fra 1770, i Museum,København 1893

Kilder og litteratur

  • Biografi i Lampe,1895
  • I. Kleiven: Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Fronsbygdin,1930, s. 76–78
  • F. Bull: biografi i NBL1,bd. 6, 1934
  • SNL,bd. 7, 1997

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.