Hans Aarnes

Forfattar, pressemann og publisist. Foreldre: Bonde Kristen Nilsson Aarnes (1850–1934) og Marta Kristensdotter Vestre (1859–1946). Gift 1913 med Gina Villesvik (f. 13.9.1887), dotter til bonde Jørgen Villesvik (1853–1940) og Anna Austgulen (1854–91).

Hans Aarnes var ein av dei store publisistane og gründerane innanfor nynorsk skriftkultur, med sterk vilje til å spreie kunnskapar og stor evne til å byggje opp nye medieverksemder. Gjennom 50 år skreiv, redigerte og publiserte han aviser, blad og bøker i Molde, Ålesund, Bergen, Kristiansand, Skien og Oslo. Utgivingsstadene vitnar om ein mann som heile tida var undervegs mot nye tiltak.

Aarnes tok kystskippareksamen 1904 og arbeidde nokre år som fiskar, sjømann og handelsmann før han blei nynorsk bladmann. Det første han publiserte, var skodespelet Sundagskveld. Seinare kom fleire skjønnlitterære skrifter. Dei var nok det minst viktige han skreiv. Han var redaktør eller redaksjonssekretær i 7 blad og aviser: Aarvak (Ålesund 1909–11), Norig (Skien 1911–13), Hardanger (Odda 1913–16), Gula Tidend (Bergen 1916–20), Bondebladet (Bergen 1921–23), Agder Tidend (Kristiansand 1923–32) og Nynorsk Vekeblad (Oslo 1934–42). Aarnes var redaktøren som ville lære andre journalistikk. Etter eit halvt års studietur for å sjå på journalistutdanningane ved universitet i USA sette han i gang Bladmannaskulen 1919. Denne første journalistutdanninga i Noreg var vanleg skule i to år før det av økonomiske grunnar blei brevskule. Kunnskapane frå skulen spreidde han også i ei rekkje små handbøker om journalistikk og avisutgiving: Bygdemeldaren. Handbok for bladmeldarar i bygdene, Den utsende medarbeidaren, Bladstyraren, Bladmannen, Bladdrift og Bladarbeid.

Som målmann hadde Aarnes som strategi å gjere nynorsk til einaste riksmål i landet. Samstundes bygde han opp nynorske parallellinstitusjonar av typen Bladmannaskulen. Alt 1913 hadde han fått i gang Norsk Bladmannalag for nynorskbrukande journalistar, og han var sjølv formann dei 15 første åra. Han var også med og fekk til Norsk Pressekontor 1918, eit kontor som var i drift til slutten av 1950-åra. Med stor tidspresisjon gav Aarnes 1940 ut si nynorske omsetjing av Grunnlov for kongeriket Noreg. Det blei nytt opplag 1945.

1940 skipa han Fonna Forlag, som satsa på lesestoff og bruksbøker på nynorsk for store målgrupper. Det kulørte Nynorsk Vekeblad kom ut 1934–54, men var i røynda to ulike blad – nytenkjande fram til 1940 gjennom samarbeid med Illustrert Familieblad, seinare meir tradisjonsorientert. Aarnes ville ha ei bygdenorsk motvekt mot dei amerikanske teikneseriefigurane Knoll og Tott og sette Leif Halse til å skape Vangsgutane, illustrert av Jens R. Nilssen, som striper i Nynorsk Vekeblad frå hausten 1940, og som julehefte dei fleste åra 1942–82, med seinare årlege opptrykk. Det var også Aarnes som fekk Hallvard Sandnes (tekst) og Jostein Øvrelid (teikningar) til å lage science fiction-serien Knut Berg på eventyr, som striper i Nynorsk Vekeblad frå sommaren 1941, og som julehefte 1943–60.

Det første bandet av leksikonet Norsk Allkunnebok kom ut 1948, 30 år etter at Aarnes hadde fremja ideen i Norsk Bladmannalag. Det tiande og siste bandet kom ut 1966. Då var økonomien i forlaget knekt, og gründeren var ute or tida. Hans Aarnes døydde i oktober 1960.

Verker

    Verk i utval

  • Sundagskveld. Spelstykkje i ei vending, Molde 1907
  • Ungdomsvegar. Spel i tvo vendingar, Ålesund 1908
  • Dansen rundt gullkalven eller Storhandlar Ohlsen, Spel i tvo vendingar, Ålesund 1909
  • Norsk samfundslæra, 1914 (7. utg. (sm.m. D. Mannsåker) nynorsk 1956, bokmål 1957)
  • Bygdemeldaren. Handbok for bladmeldarar i bygdene, 1922 og 1929
  • Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Dei norske bladi gjenom 65 aar 1858–1923. Biografiar av norske bladmenn (sm.m. A. Aure), Bergen 1923
  • Den utsende medarbeidaren, 1925
  • Bladstyraren, 1926
  • Bladmannen, 1927
  • Bladdrift, 1928
  • Kviteburd (dikt), Oslo 1933
  • Grunnlov for kongeriket Noreg. Gjeven i riksmøtet på Eidsvoll den 17. mai 1814, med seinare brigde og tillegg til 1. januar 1940, 1940, nytt opplag 1945
  • Novelleskrivning, 1942
  • Bladarbeid, 1943
  • Norsk samfunnslære for realskolen (nynorsk; ved D. Mannsåker), 1959

Kilder og litteratur

  • A. Aure og H. Aarnes: Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Dei norske bladi gjenom 65 aar 1858–1923. Biografiar av norske bladmenn, Bergen 1923
  • E. Økland: 'Lat det merkast i meir enn i ordi', i Nynorsk av hjartans lyst, 1985, s. 12–23
  • N. Joleik: Identitet, nasjon, profesjon, h.oppg. UiB 2004
  • O. Grepstad: Nynorsk faktabok 2005 (www.aasentunet.no)

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.