Faktaboks

Gunnar Knudsen
Aanon Gunnerius Knudsen
Fødd
19. september 1848, Stokken (Arendal)
Død
1. desember 1928, Borgestad i Gjerpen (Skien)
Gravlagd stad
Borgestad kirke
Verke
Skipsreder og politiker
Familie

Foreldre: Skipsreder og skipsbygger Christen Knudsen (1813–1888) og Guro (Gurine) Aadnesdatter (1808–1900).

Gift 1.7.1880 med Anna Sofie Cappelen (24.7.1854–24.6.1915), datter av bankadministrator og overrettssakfører Erik Johan Cappelen (1828–1881) og Maren Dorothea Blehr (1830–1886).

Svoger til Johan Jeremiassen (1843–1889).

Gunnar Knudsen
Gunnar Knudsen var norsk statsminister fra 19. mars 1908 – 2. februar 1910 og 31. januar 1913 – 21. juni 1920.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Gunnar Knutsen var ein norsk politikar for Venstre. Knudsen var statsminister frå 19. mars 1908 til 2. februar 1910 og frå 31. januar 1913 til 21. juni 1920. Han hadde sete i Stortinget frå 1891 til 1921 med unntak av 1898–1900, då han frabad seg val, og i periodane 1903–1906 og 1909–1912, då han delvis var medlem av regjeringa.

I 1901 vart Knudsen medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm, i Johannes Steens anna regjering, heldt fram som landbruksminister, seinare som finansminister i Otto Blehrs regjering. I mars 1905 vart han finansminister i Christian Michelsens regjering og var medlem av regjeringa som vart skipa ved unionsoppløysinga 7. juni heilt til oktober, då han dissenterte i kongespørsmålet, fordi han var republikanar.

Han kom kort etter i opposisjon til den samlingspolitikken som vart innleidd av Christian Michelsen, og då striden om konsesjonslovene spissa seg til, var Knudsen blant dei som dreiv igjennom splittinga av Venstre i konsoliderte Venstre og Frisinna Venstre. Innanfor hans eige parti var hans posisjon eineståande. Etter kvart som partistriden kom på avstand, vart anerkjenninga av Knudsens innsats meir allmenn.

Knudsen var den andre skipsreiaren frå Venstre som vart statsminister, og han var den første ingeniøren og industrireisaren som vart statsminister. I ein tidsperiode med den sterkaste industriveksten Noreg har hatt, var det ingen uheldig kombinasjon. På høgda av si makt er det knapt nokon statsminister som har vore meir politisk allmektig enn Gunnar Knudsen. Dette var i perioden frå 1913 til 1918, då Venstre hadde reint fleirtal på Stortinget.

Knudsen gjekk av i 1920, fordi han ikkje ville forhøgje vegbudsjettet med éin million kroner. Etter avgangen til regjeringa var han Stortingets president inntil slutten av sesjonen, men avslo sidan å stille til val. Han vart likevel ståande som Venstres formann heilt til 1927 og øvde i denne tida framleis stor innverknad i partiet.

Bakgrunn

Knudsen vart fødd på garden Salterød i Stokken ved Arendal. Faren hadde etter nokre år som sjømann, sildefiskar og skipper etablert seg som skipsreiar og skipsbyggar, først på Salterød, deretter frå 1855 på Frednæs ved Porsgrunn.

Han ønskte at den eldste sonen Jørgen skulle overta firmaet hans, medan den fem år yngre Gunnar skulle bli jurist. Gunnar tok examen artium frå Skiens lærde skule i 1866 og andreeksamen ved universitetet i Christiania i 1867, men braut så over tvert og tok ingeniørutdanning ved Chalmers tekniska högskola i Göteborg. Så følgde praksisår som skipsingeniør ved Akers mek. Verksted i 1869/1870 og i 1870/1871 i Sunderland og i Skottland.

Reiar og industribyggjar

Gunnar Knudsen med familie
Gunnar Knudsen med kona Sofie og barna (frå venstre) Louise, Erik, Rolf, Margit og Christen. Utfrå alder på barna (yngstemann Rolf var fødd i 1893) og det at dottera Gudrun, som døydde i 1902, ikkje er med på biletet, er det truleg at fotografiet er frå kring 1903–1904.
Av .
Lisens: CC BY ND 4.0

I 1872 overdro faren skipsbyggjeriet og dei fleste av båtane sine til sønene, men i 1889 blei kompaniskapen oppløyst og verdiane fordelt mellom dei. Gunnar Knudsen dreiv frå no av sitt eige reiarlag, frå 1904 under firmanamnet Aktieselskabet Borgestad. Under Knudsens leiarskap blei reiarlaget bygd opp til å bli eit av landets største og mest moderne. Som det første reiarlaget i landet gjekk det i 1912 inn i moderne tankfart.

I 1880 gifta Knudsen seg med Anna Sofie Cappelen, og då svigerfaren døydde i 1881, overtok han dennes eigedom Borgestad på over 1200 mål, som han dreiv opp til eit mønsterbruk. Garden var på nesten tusen mål, og både gardsbruket og hagebruket på Borgestad vart hans store interesse. På eigen grunn starta han tresliperi og chamottefabrikk (brent eldfast leire). Han medverka òg til skipinga av ei rekkje andre industribedrifter, blant dei Porsgrunds Porselænsfabrik.

I 1874 var han ein av grunnleggjarane av Laugstol bruk i Skien, der han 1885 bygde eit elektrisitetsverk. Som det første i Skandinavia leverte dette straum òg til private hushald. Han var òg seinare ein pioner når det gjaldt kraftutbygging og industriell utnytting av fossekrafta. Knudsen var ein allsidig organisasjonsleiar, mellom anna var han ei tid president i Rederforbundet og formann for Norsk Landmandsforbund.

I 1885 blei Knudsen med i den første norske arbeidarkommisjonen, der han tok initiativ til fleire viktige forslag. Han hadde frå ungdommen av vore oppteken av dei sosiale problema i det nye industrisamfunnet, eit engasjement som blei styrkt gjennom hans eiga tilknyting til moderne arbeidsliv. Det var, fortalde han sjølv, dei sosiale spørsmåla som hadde ført han inn i det politiske livet.

Stortingsrepresentant

Gunnar Knudsen, fotografert ca. 1890

Knudsens politiske karriere starta i 1886, då han blei vald til ordførar i Gjerpen. Han kom opphavleg frå eit høgremiljø, men utvikla seg snart til radikal venstremann. På Stortinget representerte han Bratsberg amt (Telemark) i åra 1892–1894, 1895–1897 og 1900–1903. I åra 1906–1909 og 1913–1918 var han representant for Gjerpen krins og i åra 1919–1924 for Telemark. Han var stortingspresident frå 1906 til 1908 og i kortare periodar i 1913 og 1920–1921.

På Stortinget markerte Knudsen seg straks som ein sosialpolitisk pioner. I 1894 blei sosialkomiteen oppretta på hans initiativ, og han blei sjølv dens første formann. Som skipsreiar var han bekymra over dei mange forlisa i den norske handelsflåten, og i 1901 var han hovudmannen bak loven om tvungen lastelinje. I tollspørsmål var Knudsen moderat proteksjonist, og han bidrog til å innføre ei ikkje ubetydeleg tollskattlegging både for industrivarer og jordbruksprodukt.

Knudsen engasjerte seg i 1892/1893 i arbeidet for eit eige norsk konsulatvesen i unionen med Sverige. Han syntest at den radikale delen av Venstre gjekk for raskt fram i denne saka og røysta i 1895 for nye forhandlingar med Sverige, men uttalte i ein stortingsdebatt same år: «Eg hatar unionen med eit oppriktig hat.» Av prinsipp var han antimilitarist, men Sveriges militære overmakt gjorde òg han til ein tilhengjar av norsk opprusting.

Statsråd

Johannes Steens andre regjering
Johannes Steens andre regjering (1898–1902). Steen sitter som nummer to fra venstre. Nummer tre fra venstre på samme rad er Otto Blehr. På bakerste rad står blant andre Gunnar Knudsen (nummer en fra venstre) og Jørgen Løvland (nummer fire fra venstre).
Av /Nasjonalbiblioteket.
Den norske regjering 1905
Christian Michelsens regjering i 1905. Foran fra venstre: Wilhelm Olssøn (H), Sofus Arctander (V), Michelsen (Samlingspartiet), Jørgen Løvland (V), Gunnar Knudsen (V), Aasmund Halvorsen Vinje (MV). Bak fra venstre: Harald Bothner (V), Edvard Hagerup Bull (H), Kristofer Lehmkuhl (Samlingspartiet), Christopher Knudsen (H).
Av .

I åra 1901–1903 var Knudsen medlem av Venstre-regjeringane til Johannes Steen (1898–1902) og Otto Blehr (1902–1903). Det første året gjorde han teneste i statsrådsavdelinga i Stockholm, seinare var han landbruks- og deretter finansminister. Han var medlem av komiteen som forhandla om ei løysing på konflikten om konsulatsaka og som la fram «kommunikeet» av 1903. Han vart spurt om å sitje i Francis Hagerup si samlingsregjering (1903–1905), men stilte slike krav at Hagerup avslo.

Christian Michelsen danna samlingsregjeringa si i mars 1905, var Knudsen den første han vende seg til. Michelsen ønskte han som statsminister i Stockholm, men Knudsen føretrekte embetet som finansminister. I Michelsen si regjering høyrde han til dei fredsvennlege i forkant av oppløysinga av unionen med Sverige. Han meinte av det å gi frå seg grensefestningane var eit lite offer for å unngå krig.

Knudsen høyrde i 1905 til dei leiande talsmennene for innføring av republikk. Hans avgang i oktober 1905 hadde direkte samanheng med denne striden. Han meinte at ei folkerøysting om statsforma måtte komme før det blei retta eit tilbod til prins Carl av Danmark, medan kollegaene insisterte på den motsette rekkjefølgja. Då handelsminister Sofus Arctander og utanriksminister Jørgen Løvland stilte kabinettsspørsmål på utfallet av folkerøystinga, og Knudsen blei nekta å leggje fram sitt syn for Stortinget, søkte han avskjed som finansminister 31. oktober 1905.

Kort etter at Knudsen gjekk ut av regjeringa i opposisjon til den samlingspolitikken som vart innleidd av Christian Michelsen. Då striden om konsesjonslovene spissa seg til, var Knudsen blant dei som dreiv igjennom splittinga av Venstre i konsoliderte Venstre og Frisinnede Venstre.

Knudsens første regjering (1908–1910)

Den første regjeringa til Gunnar Knudsen (1908-1910)

Regjeringa satt frå 19. mars 1908 til 2. februar 1910. Frå venstre (annakvar sitjande og ståande): Karl Seip, Nils Claus Ihlen, Gunnar Knudsen, Lars Abrahamsen, Hans Konrad Foosnæs, Wilhelm Christophersen, Haakon Ditlef Lowzow og Johan Castberg.

18. mars 1908 gjorde Knudsen comeback som regjeringsmedlem, no som stats- og finansminister. Bakgrunnen var Venstres «konsolidering» i januar 1908. På initiativ av Knudsen hadde Stortingets Venstreforening blitt oppløyst og ei ny foreining danna med han sjølv som formann og med utestenging av omtrent ein tredjepart av medlemmene. Utreinskinga hadde hatt til hensikt å eliminere dei moderate og samlingsvennlege elementa og å gjenreise eit uavhengig Venstre.

Knudsens første ministerium (1908–1910) var ei mindretalsregjering som var avhengig av støtte i Stortinget frå sak til sak. Han la opp til ein radikal politikk, og for det meste var det Arbeidarpartiets gruppe som sikra eksistensen av regjeringa. I 1909 blei det innført offentleg sjukeforsikring, og same år vedtok Stortinget «konsesjonslovar» for vasskraftutbygging, bergverk og skogeigedommar. Konsesjonsplikta blei for fossekraftas vedkommande gjort gjeldande ikkje berre for utanlandske interesser, men også for norske aksjeselskap.

I 1909 gjekk Carl Berner av som Venstres formann. Han blei etterfølgd av Knudsen, som hadde formannsvervet heilt til 1927. Valet i 1909 blei ein siger for Høgre og det nye Frisinnede Venstre. Som ei følgje av valutfallet gjekk Knudsens regjering av og blei avløyst av Wollert Konows ministerium.

Knudsens andre regjering (1913–1920)

Gunnar Knudsen

Portrettet er opprinneleg nytta som forelegg for Emanuel Vigelands maleri «Statsminister Gunnar Knudsen paa Terje Vigen», sommaren 1917. Foto frå 1914. Frå Norsk biografisk leksikon.

Gunnar Knudsen
Av /NTB Scanpix ※.

Reint fleirtal

Gunnar Knudsen talar, ca. 1920
Av /Oslo Museum.

Ved valet i 1912 vann Venstre ein av sine største valsigrar nokon gong. Årsaka var ikkje minst den innsatsen som Gunnar Knudsen la ned i valkampen. På to månader heldt han 65 foredrag rundt om i landet, frå Lofoten til Lindesnes, og med dei kommunikasjonane som var den gongen, var dette ein stor prestasjon. Venstre fekk 70 av 123 representantar og reint fleirtal.

I tillegg samarbeidde Venstre med Johan Castbergs Arbeidardemokratane. Dette partiet som hadde basen sin i Oppland og hadde Castberg som leiar, fekk seks mandat ved dette valet. Castberg var med i og samarbeidde med Stortingets Venstreforening, men var ikkje med i Venstre.

I slutten av januar 1913 skipa Knudsen si andre regjering, og alt i debatten om regjeringsfråsegna gjorde Knudsen det heilt klart kva situasjonen var: «Nu har vi makten, og den skal bli brukt», sa han. Denne ytringa vakte sjølvsagt raseri i opposisjonen, men det var lite dei andre partia kunne gjere med det.

I åra 1913–1918 var han dessutan sjef for landbruks- og revisjonsdepartementet. Knudsen lanserte eit omfattande reformprogram, men rakk berre å gjennomføre ein liten del av det før den første verdskrigen la beslag på det meste av tida og kreftene hans. Ein av hjartesakene hans, 8-timarsdagen, måtte vente til 1919.

Hatkampanje i media

I pressa, særleg i Morgenbladet og i Tidens Tegn, vart det ført ei nærast hatkampanje mot Knudsen. Han kalla til seg redaktørane for å be dei dempe seg, og viste til dei trugande krigsskyene ute i Europa, men til inga nytte. Knudsen hadde i det heile inga heldig hand med pressa, i motsetning til Michelsen som i 1905 fekk redaktørane til å pålegge seg sjølv ein stor grad av eigensensur.

Knudsen stilte seg ofte lagleg til for hogg også. I talane sine var han nokså uvøren med formuleringane og omtrentleg med sitata, og karikaturteiknarane og vitseblada hadde ei god tid. Under første verdskrigen var det viktig å halde på nøytraliteten og regjeringa var så misnøgd med einskilde presseoppslag at justisminister Andreas Urbye i 1917 fremja eit forslag om straff for aviser som skreiv fornærmande om dei krigførande partar. Framlegget vart forkasta og Urbye måtte gå.

Som mange venta, skar det seg også til slutt mellom Gunnar Knudsen og Johan Castberg. Det skjedde i april 1914. Det hadde aldri vore noko godt forhold mellom dei, men dei hadde bruk for kvarandre. Då Castberg gjekk av, sa Knudsen at «nu orker jeg ikke å ta Castberg engang til inn i en regjering som jeg har med å gjøre». Knudsen kalla han både hovmodig og sjølvoppteken. Castberg skreiv på si side i dagboka si om Knudsen: «Han er til det utrolige envis og stivsindet og litet hensynsfuld mot sine kollegaer». Det skar seg då også i samarbeidet i Stortinget mellom Arbeiderdemokratane, Castbergs parti, og Venstre.

Første verdskrigen

Første verdskrigen stilte Knudsens ministerium overfor ei mengd nye og vanskelege oppgåver. Men regjeringa hadde stort fleirtal, som vart fornya i 1915, og Knudsen var ikkje redd for å bruke den styresmakta som fleirtalet gav han.

Under trontaledebatten i februar 1914 fekk statsminister Knudsen ei oppmoding om å løyve meir pengar til forsvaret. I tilsvaret sitt kom han med dei orda som han vart mint på mange gongar seinare: «Den politiske himmel er verdenspolitisk sett skyfri i en grad som ikke har vært tilfelle på mange år».

Nokre månader seinare braut den første verdskrigen ut. Ikkje minst Fridtjof Nansen, men også mange andre frå opposisjonspartia, kritiserte Knudsen for denne utsegna. Dei meinte han var ansvarslaus og at han ikkje forsto alvoret. I all ettertid har då også denne utsegna hefta ved Knudsen som eit døme på kor lite innsikt han hadde. Professor Sverre Steen skreiv fleire tiår seinare at «til denne dag har den skyfrie himmel hvelvet seg over Gunnar Knudsens minne.» Det Knudsen tenkte på når han brukte formuleringa var at det nyleg var slutt på Balkankrigane. I den forstand hadde han rett, men sjølvsagt kan det seiast at han burde ha sett framover og ikkje berre bakover.

Nokre månader seinare, i juli 1914 brygga det nemleg klart opp til storkrig. For Gunnar Knudsen var det fast praksis å vere på segltur om sommaren om bord i båten sin, «Terje Viken». I skipsjournalen skreiv han 27. juli: «Vi har nu været uten aviser i tre dager og stor var vår overraskelse, da vi i Langesund møttes av den nyhet at man sto på grensen av en europeisk krig». Då fekk han også fart på seg, og to dagar etter var det regjeringskonferanse. 1. august, same dag som Tyskland gjekk til krig mot Russland, sende Noreg, Sverige og Danmark ut likelydande fråsegner om nøytralitet, men alt to dagar tidlegare vart mannskapet til kystfestningane mobiliserte.

Laurdag 1. og søndag 2. august var Knudsen heime på Borgestad, og natt til søndag ringde utanriksminister Nils Claus Ihlen om at no var krigen i gang. Først seint søndag kveld kom statsministeren til Oslo, og då hadde kong Haakon og resten av regjeringa alt drøfta situasjonen i fleire timar. I krigen sympatiserte Knudsen med Storbritannia, men støtta likevel utanriksminister Nils Claus Ihlens nøytralitetslinje. Knudsen trudde ikkje på nokon langvarig krig, den kom til å vare høgst nokre månader, sa han, og la nok politikken opp deretter.

Det skulle vise seg å bli dyrt for landet, og det er nok på det statsfinansielle området at Gunnar Knudsen kjem dårlegast frå ettertidas dom. I stor grad var det etterkomarane hans utover i 1920-åra som måtte ta den økonomiske oppvaska.

Venstre tapte valet i 1918. Partiet vart nesten utradert i byane, og det var ikkje minst krigens reguleringspolitikk, språksak og fråhaldssak som var årsaka. Dette valet markerer også slutten på Venstres fleirtalsposisjon og starten på meir enn 20 år med mindretalsparlamentarisme.

I prinsippet ønskte Knudsen ein stram finanspolitikk, men krigen resulterte i ein kostbar subsidie- og reguleringspolitikk som førte finansane i uorden, og i si siste tid som statsminister insisterte han på streng sparsamheit. Det var strid om ei mindre løyving, den såkalla «vegmillionen», som førte til hans avgang 21. juni 1920.

Vegmillionen

Gunnar Knudsen ønskte å gå av etter valnederlaget, men det viste seg at det var ingen som ønskte å ta over regjeringsmakta. Også Michelsen prøvde seg, men mislykkast. Knudsen måtte difor halde fram, men han sa tvert nei til regjeringssamarbeid med nokon til høgre for Venstre. Knudsen uttalte at ein måtte «vogte sig for at gaa til høire», men han åtvara mot den kommunistinspirerte venstresida i Arbeidarpartiet.

I juni 1920 gjekk Knudsen mot å auke løyvingane til vegbygging med ein million kroner, og han stilte kabinettspørsmål på «vegmillionen». Dette gjorde han sjølv om han visste at også tre av eigne partifeller, i tillegg til heile opposisjonen ville vere med på å felle han.

Han kjende seg nok trøytt og sliten, og var ikkje lei seg for at han vart kasta. Han såg kanskje også dei problema som no tårna seg opp i kjølvatnet av krigen. Han var 72 år og ein gamal mann. Etter å ha gått av tok han plass i Stortinget og vart Venstres parlamentariske leiar, men han stilte ikkje til attval i 1921. Han vart spurt om å bli statsminister då regjeringa til Otto Bahr Halvorsen gjekk i 1921, men då sa han nei. Han trekte seg ut av det parlamentariske liv, men deltok i politikken gjennom vervet som som formann i Venstre fram til 1927.

Ettertidas vurdering

Knudsen, Gunnar (portrettfoto, profil)

Gunnar Knudsen (1848–1928).

Av /NTB Scanpix ※.
Måleri av Gunnar Knudsen (1917)

Gunnar Knudsen var Noregs første landsfader, og som ein patriark styrte han landet om lag som han styrte dei mange bedriftene sine. Han var nok den første politikaren heile landet vart på fornamn med. «Han Gunnar» vart han kalla langt utanfor Venstres rekkjer.

Sjølv om han var utskjelt av opposisjonen i krigsåra, var Gunnar Knudsen populær blant folk flest. I ei vanskeleg tid var han fast og trygg og sjølvsikker. Han forsikra at han både åt godt og sov godt sjølv under dei vanskelegaste krisene. Det å kunne halde på norsk nøytralitet gjennom desse åra var heller inga lita oppgåve.

Det var liten tvil om at Knudsen personleg støtta England og USA. Han var ein stor ven av England og hadde god kontakt med engelske politikarar, men nokon stor utanrikspolitikar var han ikkje. Derimot er han utan tvil ein av våre store sosialpolitikarar, og fleire historikarar meiner at innsatsen hans for å trekkje arbeidarane med i samfunnsstyringa, i tillegg til å lette vilkåra deira med sosiale reformer, langt på veg gjorde at vi unngjekk ein revolusjonær situasjon her i landet etter den første verdskrigen.

At han leia regjeringa nesten som ein einevaldskonge finst det mange døme på. Han hadde ein fast krins rundt seg som han rådførte seg med, men avgjerdene tok han på eiga hand. Suverent skifta han ut statsrådar han var misnøgd med, og det var langt frå alle av statsrådskifta han var like heldig med. Skifta var mange, og i 1920 var det berre Knudsen sjølv og utanriksminister Nils Ihlen att av mannskapet frå 1913.

Dei fleste statsrådane fann seg i Knudsens leiarstil. Det var uråd å stå imot han når han ville noko. Sjølv om regjeringa hadde eit klart venstrefleirtal bak seg i Stortinget i krigsåra, så var venstregruppa langt frå samstemt. Inga regjering har vel nytta seg av fleire kabinettspørsmål enn det regjeringa Gunnar Knudsen måtte gjere, og det var kabinettspørsmål for å hindre at venstrefolk braut ut.

Gunnar Knudsen var ingen ideolog. Han var ein pragmatisk praktikar, men ein som likevel hadde klare mål med politikken sin. Som talar var han også kvardagsleg og jordnær, utan dei store faktene, men han var uvøren med det han sa. Han var ingen taktikar, men snakka rett frå levra.

Knudsen var religiøst engasjert og vurderte sitt politiske virke i lys av den kristne kallstanken. Knudsen sjølv har også skrive at han trur det var ei høgare makt som held handa si over Noreg både i krigsåra og i 1814 og 1905.

Borgestad kyrkje med Emanuel Vigelands glasmåleri, som han lét oppføre til minne om dottera Gudrun, står som eit varig minne over denne sida ved personlegdommen hans.

Gunnar Knudsen døydde av hjernebløding i 1928 og blei gravlagt i familiegravstaden ved Borgestad kyrkje.

Utgivingar

  • Erindringer 1905–1925, 1998

Etterlatte papirer

Avbildningar

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Berg, Roald: Norge på egen hånd. 1905–1920, bind 2 av Norsk utenrikspolitikks historie, 1995
  • Castberg, Johan: Dagbøker 1900–1917, 1953
  • Fasting, Kåre: Nils Claus Ihlen, 1855 – 24. juli – 1955, 1955
  • Fuglum, Per: Én skute – én skipper: G.K. som statsminister 1908–10 og 1913–20, 1989
  • Fuglum, Per: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2)
  • Haffner, Vilhelm: biografi i Stortinget og statsrådet 1915–1945, bind 1, 1949
  • Keilhau, Wilhelm: Norge og verdenskrigen, 1927
  • Lindstøl, Ole Torjesen: biografi i Stortinget og statsraadet 1814–1914, bind 1, 1914
  • Mjeldheim, Leiv: Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905, 1984
  • Nissen, Bernt A.: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgave (NBL1), bind 7, 1936
  • Nissen, Bernt A.: Gunnar Knudsen, 1957
  • Seip, Anne-Lise: Sosialhjelpstaten blir til. Norsk sosialpolitikk 1740–1920, 1984
  • Skåum, Alf: Borgestad Fabrikker 1887–1987. En saga om bedriftsmennesker og miljø, 1987

Artikkelen inneheld utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999

Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Faktaboks

Gunnar Knudsen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036517006768

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg