Eufemia

Dronning. Foreldre: Kven som var foreldre er omdiskutert, men mest sannsynleg var ho dotter til fyrst Witzlav 2 av Rügen (død 1302). Gift 1299 med hertug, seinare kong Håkon 5 Magnusson av Noreg (1270–1319). Mor til Ingebjørg Håkonsdotter (1301–61).

Håkon 5s dronning Eufemia var den første tyskfødde dronninga på den norske trona; ho hadde litterære interesser og var oppdragsgivar til omsetjinga av Eufemiavisene.

Ekteskapet mellom Eufemia og hertug Håkon vart truleg avtalt på eit dansk-norsk forliksmøte hausten 1298, der fyrst Witzlav deltok som meklar og garant. Forsøka på å finne ein engelsk og deretter ein fransk ektefelle for hertugen var då definitivt oppgitt. Sommaren 1299 stod bryllaupet, venteleg i Oslo. Samstundes døydde Eirik 2 Magnusson, og Eufemia gjekk inn i dronningrolla straks ho kom til Noreg. 1. november vart ho og Håkon krona i Oslo eller Nidaros. Kongen heldt stort gjestebod, og “gav mange privilegier og rettarbøter til den heilage kyrkja”.

Som medgift fekk Eufemia 3000 mark brent (reint) sølv, og hovuddelen av denne pengesummen vart nytta til å fremme norske interesser i Danmark. Håkons morgongåve til den nye dronninga var ei fast inntekt på 1200 mark sølv, og dertil Bygdøy ved Oslo med alle tilhøyrande rettar. Våren 1300 var Eufemia med på kongens leidangstog til landsenden, og ho medbesegla då det store gåvebrevet som vart utferda for Mariakyrkja i Oslo. I jula 1302 var fyrst Witzlav gjest hos kongeparet i Oslo, for å delta i markeringa av at den eittårige prinsesse Ingebjørg vart trulova med hertug Erik Magnusson. Witzlav døydde under dette opphaldet, og testamentet som vart utferda 27. desember, har Eufemia som ein av testamenteksekutorane.

Dronninga var saman med kong Håkon og enkedronning Isabella til stades i Jonskyrkja i Bergen i desember 1305 da Arne Sigurdsson vart vigsla til ny biskop av Bergen. Samtidig utferda 16 geistlege og verdslege herrar eit vitnebrev der dei lova å respektere kongens føresegner om dronningas underhald. 1307 kunngjorde domkapitlet i Nidaros at det til gjengjeld for kong Håkons velvilje og gåver skulle lesast sjelemesse til evig tid for han og dronninga på dødsdagane deira. Detaljerte føresegner om tilsvarande feiring ved Mariakyrkja i Oslo er tatt inn i kongens testament. Mariakyrkja må ha vore eit fast og sentralt punkt i kongens og dronningas liv. Ho er tilgodesett også i Eufemias testament, og den viktige skipanen frå 1314, som bestemte at prosten ved Mariakyrkja i all framtid skulle vere kongens kanslar, grunngir tiltaket som sjelehjelp for kongeparet. I Mariakyrkja fekk også dronninga og kongen – og fyrst Witzlav – sin siste kvilestad.

Eufemia hadde sterke litterære og kulturelle interesser. Dette kom til å prege det hofflivet ho vart midtpunktet i. Etter tidas mote vart det lese frå samtidig europeisk riddardikting, der den riddarlege helten, hans bragder og høviske kjærleik til kvinna var hovudtema. Midtbolken av den svenske Erikskrönikan (truleg skriven i 1320-åra) gir eit bilde av hofflivet kring dronning Eufemia under julegildet i Oslo 1302. Skildringa er gjennomsyra av høviske ideal og svermeriske opptrinn, men har samtidig ein realistisk forteljemåte som gjer ho historisk interessant. Det er neppe tvil om at Eufemia var ein romantisk beundrar av hertug Erik, og P. A. Munch kan ha rett i at dette til tider skapte problem for kongen i det svært omskiftelege tilhøvet han fekk til hertugen.

Eit vitnemål om dronning Eufemias litterære interesser er dei såkalla Eufemiavisene. Det er tre episke verseromanar i mellomsvensk språkdrakt: Ivan Lejonriddaren, Hertig Fredrik av Normandie og Flores och Blancheflor. Kvart dikt har ei avsluttande opplysning om at dei er omsette til svensk etter initiativ frå dronning Eufemia. Eufemias rolle som oppdragsgivar for omsetjingane er i dag allment godtatt. Det same gjeld den dateringa dikta sjølve oppgir (1303, 1308 og 1312), og same person har truleg omsett alle dikta. Han har bygd på franske, tyske og norske førelegg, utan at det har vore råd å rekonstruere det eksakte kjeldegrunnlaget. Slike verseromanar er kunstneriske uttrykk for europeisk-aristokratiske kulturideal som vart dyrka ved det norske hoffet sidan Håkon Håkonssons dagar. Eufemias litteraturskapande arbeid må dels søkjast i denne tradisjonen, dels i den kulturbakgrunn ho hadde heimanfrå. Den openberre beundringa ho hadde for riddaridealet Erik Magnusson, har visseleg også vore ein sterkt medverkande grunn til omsetjingsarbeidet.

Historikarane har sidan P. A. Munchs dagar sett ekteskapet mellom Håkon og Eufemia inn i ei vidare utanrikspolitisk ramme; handelen med dei nordtyske byane, der fyrst Witzlav sidan 1260-åra var ein viktig politisk aktør, stod no heilt sentralt i norsk utanriksøkonomi. Det er derfor rimeleg å sjå giftarmålet som uttrykk for norske ønske om eit godt og stabilt forhold til sjøbyane. Tradisjonelt var det òg eit anspent forhold mellom Noreg og Danmark. Ekteskapet kan naturleg oppfattast som ein strategisk allianse for å demme opp mot det danske østersjøveldet. Det var dessutan stor likskap mellom dei godsinteresser fyrst Witzlav og det norske kongehuset hadde i Danmark, noko som ytterlegare understrekar giftarmålet som uttrykk for og del av ein antidansk politikk.

Kilder og litteratur

  • RN, bd. 2 og 3
  • Isl.Ann.
  • Die Chroniken der deutschen Städte, bd. 19 og 26, 1967
  • Biskupa sögur, bd. 3, i Ízlensk Fornrit, bd. 17, 1998
  • NFH, del 4, bd. 2, 1859
  • G. Storm: “De ældre norske Kongers Kroningsstad”, i HT, rk. 3, bd. 4, 1898
  • H. Koht: “Norske dronningar”, i SogS, bd. 32, 1926
  • J. Schreiner: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • J. Rosén: Striden mellan Birger Magnusson och hans bröder, Lund 1939
  • V. Jansson: Eufemiavisorna, Uppsala 1945
  • S. Axelson: “Om drottning Eufemias slektskapsförhållanden”, i HT, bd. 37, 1954–56
  • C. I. Ståhle: “Eufemiavisorna”, i KLNM, bd. 4, 1959
  • U. Scheil: Zur Genealogie der einheimischen Fürsten von Rügen, Köln 1962
  • K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, 1972
  • Erikskrönikan, red. av S.-B. Jansson, Stockholm 1987
  • S. Imsen: Våre dronninger, 1991
  • N. P. Thuesen: Norges dronninger gjennom tusen år, 1991
  • “Eufemiavisene”, i SNL, bd. 4, 1996

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.