Edvard Colbjørnsen

Jurist. Foreldre: Regimentskvartermeister og auditør Colbjørn Jacobsen Colbjørnsen (1714–61) og Anna Dorothea Røring (1710–72). Gift 1) 14.10.1773 i København med Marie Hansen (1739–10.7.1782); 2) 14.2.1789 i København med Kristine Hofgaard (18.4.1754–7.4.1802), dotter av justisråd Gerhard Hofgaard (1715–88) og Margrethe Moss. Bror til Christian Colbjørnsen (1749–1814) og Edvard Røring Colbjørnsen (1751–92; se NBL1,bd. 3); verfar til Frederik Christopher Trampe (1779–1832).

Edvard Colbjørnsen verka som jurist i København og var sin generasjons fremste universitetslærar i lovkyndigheit; hans tankar om dansk og norsk rett levde til langt ut på 1800-talet.

Edvard Colbjørnsen var alt frå fødselen lønna underoffiser ved regimentet til faren. Kvartermeisteren underviste sonen heime i barneåra, men sende han 1758 til katedralskolen i Christiania. Rektor Hersleb såg dei framifrå evnene hos Edvard og tok seg særleg av han. Det var kanskje grunnen til at Edvard sa nei då obersten ville gjera han til offiser ved regimentet 1760. I staden valde han å dimitterast til universitetet i København. Her kom han i huset til den norskfødde franskfilologen professor Hans von Aphelen, vart immatrikulert og med tanke på teologien tok han examen philosophicum i juni 1761, med lovande resultat.

I desse åra låg faren med regimentet sitt, som så mange andre, på nøytralitetsvakt i grensehertugdømmet Holstein. Rett før eksamen kom melding om at faren var død, utan von om pensjon for sønene. Den norskfødde teologiprofessoren Peder Holm gav Edvard plass på studentheimen Regensen. Etter kvart gav han opp teologien og slo inn på jus, kanskje av di den tids militærindustrielle stormann, oberst J. Fr. Classen, også norskfødd, kunne by på høvelege oppdrag for ein ung juridisk student med dårleg råd.

Colbjørnsen studerte jus i heile 7 år, først under fakultetets einaste juridiske professor von Obelitz, frå 1767 også under den nye professoren Jens Bing Dons, men framfor alt under den inspirerande rettshistorikaren Peder Kofod Ancher. I studietida manuduserte han medstudentar, mellom dei brørne sine, Christian og Edvard Røring, som han i tillegg underheldt økonomisk. 1770 tok Edvard Colbjørnsen sin juridicum med bravur. Han søkte og fekk året etter, med særleg anbefaling frå justitiarius i Høgsterett og frå generalprokurør Stampe, bevilling som høgsterettsadvokat.

1772 lyste regjeringa ut konkurranse om eit ekstraordinært professorat i lovkyndigheit etter Dons. Kofod Ancher dreiv Colbjørnsen til å melda seg i konkurransen, som han vann 1773, for så å bli ordinær professor 1774, godt lønna notarius i fakultetet og ekstraordinær ulønna dommar i Høgsterett. Same året gav han ut sitt einaste rettsvitskaplege verk, den ufullførde doktoravhandlinga på latin om danske sjølveigarbønders ufullstendige eigedomsrett (Danske Lov 3–12), tileigna Kofod Ancher.

Sidan forordninga om juridisk embetseksamen 1736 stod Christian 5s Danske og Norske Lov frå 1683 og 1687 sentralt i jusstudiet i København. Men i tillegg skulle studentane setja seg inn i Justinians Institusjonar, i den samtidige tysk-romerske rettsvitskapen og andre utanlandske rettsemne og i den overnasjonale naturretten. Det juridiske studiet vanta i mange år eit systematiserande læreboksverk som kunne gi studentane overordna faglege samanhengar. Dette vart utfordringa for den reint uvanleg lærde og dertil gode læraren som Edvard Colbjørnsen var, heilt fram til han gjekk av frå professoratet 1789. Då var det sentrale læreboksverket for jusstudiet i København endeleg undervegs. Det var Laurits Nørregaards Naturens Ret og Forelæsninger over den Danske og Norske Private Ret. Nørregaard var professor sidan sist i 1770-åra, og han hadde studert lenge, særleg under Colbjørnsen. I forordet til den Private Ret skreiv Nørregaard: “Hvad angaaer den af mig valgte Plan eller Form, da er den for det meeste Colbjørnsens; og anden burde den ikke være, saalænge jeg, efter min Overbeviisning, ei kiendte nogen bedre for Begyndere, dem jeg egentligst var beskikket til at undervise.”

Som universitetslærarar i lovkyndigheit såg Colbjørnsen og Nørregaard langt ut over landegrensene. I Justinians Institusjonar fanst forrådet av internasjonale rettslege faguttrykk, på latin. I den tysk-romerske jurisprudensen fanst den moderne systematikken for å halda orden og skapa samanheng. Og i naturretten fanst den filosofiske grunngivinga for rettsreglane. Colbjørnsen og Nørregaard brukte dette tankegodset til å integrera dansk og norsk rett i den moderne europeiske rettsutviklinga mot slutten av 1700-talet.

Trinna i Edvard Colbjørnsens arbeid let seg følgja i dei mange førelesingsmanuskripta som ligg i Det kgl. Bibliotek og i Universitetsbiblioteket i København. Han var ingen rettsvitskapleg banebrytar. Men han stod som sin generasjons fremste universitetslærar i lovkyndigheit, og gjennom Nørregaards Private Ret levde Colbjørnsens tankar om dansk og norsk rett både sør og nord for Skagerrak til langt ut på 1800-talet.

Samtida viste Edvard Colbjørnsen tillit ved å be han om juridisk arbeid med stort ansvar. Han vart rettsleg rådgivar (generalauditør) ved Sjøetaten 1776, medlem av Landbokommisjonen 1786 (der broren Christian var sekretær og drivande kraft), justisråd i Rentekammeret 1787 og medlem av den store finanskommisjonen 1788. 1799 utnemnde regjeringa han til justitiarius i Høgsterett. Året etter påla regjeringa han å gå inn i straffelovkommisjonen. Den tids straffelov var 6. bok i Danske og Norske lov. Den var for lengst forelda. I tillegg til å administrera og omorganisera Høgsterett brukte justitiarius sommarferiane til å utarbeida omfattande svar på dei spørsmåla kommisjonen arbeidde med. Han sparde seg heller ikkje i arbeidet i Høgsterett etter at han vart sjuk vinteren 1802. Edvard Colbjørnsen døydde om morgonen 13. februar 1802, berre 57 år gammal.

Verker

  • De dominio minus pleno ..., ikkje avslutta doktoravhandling om danske sjølveigebønders ufullstendige eigedomsrett ifølgje Danske Lov 3–12, 1774
  • kortfatta oversikt over dansk-norsk rett er omtala i Fundation for Kommunitetet og Regensen, 25.6.1777 § 34
  • responsa og betenkningar i Chr. Krohg: Juridisk Arkiv, bd. 1–2, 1803–04
  • d.s. A. S. Ørsted: Arkiv for Retsvidenskaben, bd. 6, 1831
  • mange av førelesingane er oppbevarte i manuskript i Det kgl. Bibliotek og Universitetsbiblioteket i København

Kilder og litteratur

  • L. Nørregaard: Forelæsninger over den Danske og Norske Private Ret, København 1784–97, forord
  • J. F. W. Schlegel: nekrolog i Astræa 4, København 1802, s. 371–395
  • A. Taranger: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • F. Dahl: biografi i DBL 2, bd. 5, 1934
  • Høiesteret 1661–1961, bd. 1–2, København 1961, register
  • D. Tamm: biografi i DBL 3, bd. 3, 1979
  • L. Björne: Patrioter och institutionalister, Den nordiska rättsvetenskapens historia, del 1: Tiden före år 1815, Lund 1995

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (skisse til dobbeltportrett sm.m. kona) av Jens Juel, u.å.; Vennerslund slott, Danmark
  • Silhuett (koparstikk) av A. Flint, 1803

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.