Clara Holst

Språkforskar. Foreldre: Korpslege Axel Holst (1826–80; sjå NBL1, bd. 6) og Anna Mathilde Charlotte Flemming (1832–97). Ugift. Sonedotter til Frederik Holst (1791–1871); syster til Axel Holst (1860–1931).

Clara Holst var den første kvinnelege filologistudenten ved universitetet i Kristiania (1890) og den første kvinna som tok språkleg-historisk embetseksamen (cand.philol., 1896) og disputerte for doktorgraden i Noreg (1903). Trass i dette fekk ho ikkje nokon akademisk karriere her i landet.

Holst kom frå ein familie som har fostra mange akademikarar, især legar; farfaren Frederik Holst var den første som tok doktorgraden i Noreg (1817). Av dei 9 borna til korpslege Holst levde 7 opp, men to av brørne til Clara døydde i studietida; ein annan bror (Victor Holst, 1862–1945) blei sentral skolemann i Oslo. Av tre systrer var Clara den einaste som fekk universitetsutdanning. Ho gjekk på Nissens pikeskole og tok latinartium som privatist 1889. Same året blei ho innskriven ved universitetet, der ho valde professor Johan Storm som privatpreseptor (rettleiar). Storm var rekna blant dei fremste språkforskarane i Europa. Han hadde vide internasjonale kontaktar, og dette bidrog rimelegvis til at Holst tidleg fekk ei internasjonal erfaring langt utover det vanlege. 1892 studerte ho såleis i Cambridge og året etter ved Sorbonne. Ho tok filologisk embetseksamen 1896 (med engelsk/fransk og norsk/tysk).

Så tok ho fatt på doktorgraden. 1897 studerte ho i Leipzig og 1898–99 i København. Frå hausten 1899 var ho i Kristiania. 1902 drog ho til Berlin, der avhandlinga blei ferdig. Den tok for seg vokalkvaliteten i mellomlågtysk. Tidlegare hadde ein prøvd å beskrive desse vokalane ved berre å studere variasjonen i lågtyske dialektar. Ved å dra lågtyske lånord i nordisk inn i vurderinga kunne Holst no auke datagrunnlaget vesentleg, og dermed nå betre funderte resultat. Frå Berlin sende ho avhandlinga til Kristiania for vurdering, men arbeidde 1903 vidare med dialektinnsamling i Nord-Tyskland. Ho kom heim til disputasen, 10. desember 1903, den første der ei kvinne forsvarte ei avhandling for doktorgraden ved universitetet i Kristiania. Opponentar var professorane Johan Storm, Hjalmar Falk og Sophus Bugge.

1904 og 1906 hadde Holst halvårsengasjement ved universitetet (i tysk uttale). 1904 arbeidde ho òg som tysklærar ved Aars & Voss' skole. Sommaren 1906 drog ho til Amerika og underviste 1906/07 ved Wellesley College utanfor Boston. Wellesley hadde berre kvinnelege studentar og eit fleirtal kvinnelege lærarar. Året etter, 1907/08, var ho assistant professor i germanske språk ved University of Kansas, Lawrence. Etter eitt år her reiste ho heim. Brått drog ho seg no heilt attende frå den akademiske verda. Ho var da berre 40 år gammal.

Resten av livet budde ho saman med dei to systrene sine i Kristiania. I denne perioden reiste ho likevel mykje i Europa som turist. Ho døydde 1935, 67 år gammal. Små minneord i avisene hugsa henne som den første kvinna som hadde disputert i Noreg.

At ho valde å trekkje seg tilbake så tidleg, er ei gåte. Med si internasjonale røynsle var ho blant dei mest oppdaterte språkforskarane i Noreg. Ho kunne såleis ha vori ein viktig formidlar mellom forskingsmiljø ute og heime. I eit brev frå 1901 omtaler Sophus Bugge henne som “meget beskeden og tilbageholdende”. Kanskje var ho i 1908 likevel bitter for ikkje å ha fått noko tilbod om vitskapeleg arbeid i Noreg? Det var eit stort tap for norsk språkforsking at Clara Holst ikkje fekk stilling ved universitetet.

Verker

  • Middelnedertyske omlydsforhold belyst ved danske laaneord, i Arkiv för nordisk filologi 1902, s. 210–225
  • Lydovergangen a>o(å) i middelnedertyske laaneord i dansk, i Arkiv för nordisk filologi 1903, s. 141–161
  • Studier over middelnedertyske laaneord i dansk i det 14. og 15. aarhundrede, dr.avh., 1903
  • Zur Aussprache in Fritz Reuter's Heimat, i Jahrbuch des Vereins für niederdeutsche Sprachforschung 1907, s. 143–158

Kilder og litteratur

  • Stud. 1889, 1914, 1939
  • O. M. Nesset og J. Valgard: “Clara Holst (1868–1935)”, i J. Valgard og E. Wessel (red.): Frauen und Frauenbilder, Osloer Beiträge zur Germanistik 8, 1983, s. 8–17
  • E. H. Jahr: “Clara Holst (1868–1935): Norwegian historical linguist and woman pioneer”, i Henry Sweet Society Bulletin 32, mai 1999, s. 5–12

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.