Bernt Theodor Anker

Prest og målstrevar. Foreldre: Tollkontrollør Morten Ulrik Anker (1838–1922) og Louise Marie Wessel-Berg (1841–1917). Gift 3.6.1892 med Wilhelmine (“Minnie”) Bjelke (19.4.1869–11.10.1965), dotter til skipsførar Cornelius Bjelke (1839–86) og Ingeborg Kathrine Thiis (1841–1928).

B. Th. Anker var ein av dei første prestane som nytta nynorsk på preikestolen, og han vart ein føregangsmann for nynorsk som tale- og preikemål i kyrkja og andre plassar. Gjenom heile livet var han aktiv i den frilynde ungdomsrørsla, og gjorde mykje for samarbeidet mellom denne og kyrkja.

Han voks opp i Bergen og i Risør, der faren var tollkontrollør frå 1877. Faren var jurist av utdanning og hadde tidlegare vore redaktør av avisa Fædrelandet i Christiania ved sida av arbeidet sitt i tollvesenet, og hadde utgjeve bøker om misjonen. I Risør var han mykje med i den kristelege verksemda i byen, og sonen har skildra dei ymse kristelege retningane der i Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri (1938). Det var strid mellom dei lågkyrkjelege tilhengjarane av Gisle Johnson og dei som var inspirerte av Grundtvig. Jamvel om Anker var kritisk til ymse trekk i praksisen i dei frie rørslene, verdsette han alvoret og iveren som der vart lagt for dagen.

Anker vart student frå latinskulen i Drammen 1884, og vart cand.theol. 1890. Studietida fall saman med ei brytingstid både i teologi, politikk og samfunnsliv. På det teologiske fakultetet sat enno dei konservative professorane C. P. Caspari og Gisle Johnson, men den som fengde Anker mest, var professor Frederik Petersen; han “kom og førde fri tenkjing og ærleg kritikk inn i teologien”. Dette skriv Anker i Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri (1939), ei bok som gjev eit godt bilete av korleis han opplevde den politiske og teologiske striden i desse åra.

Heile yrkeslivet var Anker i teneste i kyrkja eller i skulen. Han var kordekn (klokkar) i Arendal 1890–93, sidan prest i nokre år i Søndeled, Kviteseid og Lårdal, lærar på Framnes ungdomsskule i Hardanger 1901–02 og på Voss folkehøgskule 1902–08, stiftskapellan (ungdomsprest) i Kristiania stift 1908–14 og til sist sokneprest i Ullensvang 1914–37. Frå 1918 til 1937 fungerte han som prost i Hardanger og Voss.

Anker vart tidleg vaken for norskdomsrørsla, og han byrja å nytta nynorsk til tale- og preikemål. Det var ikkje vanleg med nynorsk i kyrkja føre hundreårsskiftet, og saman med m.a. Peter Hognestad og Anders Hovden vart Anker ein føregangsmann her. Alle som har uttalt seg om språkbruken til Anker, gjev han lovord, og i dei prenta preikene hans er det ein naturleg og levande nynorsk. På denne tida auka arbeidet med å vinna rom for nynorsk i kyrkja. Anker seier sjølv at han preika i over tusen norske kyrkjer, og var såleis med å opna kyrkjedørene for nynorsken. Som stiftskapellan i Kristiania hadde han til oppgåve å halda nynorskgudstenester i hovudstaden. – Anker var òg ein etterspurd talar på stemnene til Noregs Ungdomslag, og fleire av talane hans vart seinare prenta og utgjevne.

Si lengste presteteneste hadde Anker i Ullensvang. Han var ein omtykt prest, god på talarstolen og flink liturg og songar. Han var òg kjend for stor dugleik i kontorhald og embetsstyring. Han var svært presis i prestetenesta: “Klokka står over oss alle”, vert det hermt etter han. Folk som hugsar Anker, dreg òg fram hans sosiale evne og hans gode hjartelag.

Kristendomsoppfatninga åt Anker var merkt av grundtvigianismen, med det kollektive sakramentalt orienterte og kulturopne kristendomssynet. Interessa for kristendom og norskdom synte seg i fullt mon medan han var folkehøgskulelærar, fyrst på Voss som fulltidslærar, seinare i Ullensvang som timelærar ved Hardanger folkehøgskule. Skulestyrarane Lars Eskeland og Jon Mannsåker fekk båe mykje å seia for han.

Eit særmerke for Anker var hans vidsyn og toleranse. Jamvel om han mislikte at det i lågkyrkjelege krinsar vart sådd mistanke mot dei som hadde ei anna oppfatning av kristendomen, kunne han samarbeida til mange kantar.

B. Th. Anker gav ut fem biografiske skildringar; dei gjev innsyn i teologiske og kyrkjelege problem som var framme i hans tid. Han gav òg ut ei rad preiker, mellom anna for born. Anker omsette fire historiske skrifter og fire profetskrifter i Det gamle testamentet i den fyrste nynorske bibelen (1921), somme av dei saman med Lars Eskeland og Peter Hognestad.

Verker

  • Elskhug og giftarmaal. Ungdomsforedrag, Voss 1907
  • Aandsmagti i Blix-salmarne. Ungdoms-foredrag, 1909
  • Den rike ungguten. Ungdomspreika, Kongsberg 1911
  • Kristendomskunnskapen i det tjugande aarhundradet. Eit foredrag for lærarar, 1911
  • Ljos og varme i kristendomen. Sju preikor for norsk ungdom, 1913
  • Kva krev vaar tid av ungdomen? Foredrag, Risør 1913
  • Martin Luther, Norske Folkeskrifter nr. 66, 1917
  • Bibelen for barn. Barnepreiker, 3 bd., 1938–40
  • Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri, Risør 1938
  • Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri, 1939
  • Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år 1893–1914, 1942
  • Morosame småstubbar med ålvor iblandt, frå eldre og nyare tider, Lofthus 1943
  • Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år 1914–1937, 1945

Kilder og litteratur

  • Anker sine eigne bøker (sjå ovanfor)
  • P. Hognestad: Gud er attaat, 1914, s. 174–176
  • S. Moren og E. Os: Den frilynde ungdomsrørsla. Norigs ungdomslag i 25 år, 1921
  • A. Aure: Prestar som talar nynorsk, Risør 1924, s. 33–34
  • A. Eriksen: Norges kirke og presteskap ved 900-årsjubileet, 1930
  • Helsing til prost og sokneprest B. Th. Anker og fru Minnie Anker 1937, Stavanger 1937

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.