Anne-Sofie Strømnæs

Kjemikar og motstandskvinne. Foreldre: Apotekar Ole Johan Østvedt (1887–1968) og Julie Elisabeth Ruud (1894–1983). Gift 1946 med førsteamanuensis Øistein Strømnæs (1914–80). Systerdotter til Johan Tidemand Ruud (1903–70).

Anne-Sofie Strømnæs var sentral i landets største illegale etterretningsorganisasjon, XU, under den andre verdskrigen. Ho vart nestleiar 1943, i ein alder av 23 år. Den posisjonen hadde ho til krigens slutt.

Ho voks opp i Bærum, Jessheim, Larvik og Lillesand, og ho tok examen artium ved Oslo katedralskole 1939. Same året byrja ho å studere realfag ved Universitetet i Oslo. Etter den tyske invasjonen i Noreg 1940 vart ho med på å gje ut illegale aviser. Seinare gjekk ho fullstendig opp i motstandsarbeidet. Ho kom med i XU 1941, vart teken opp i sentralleiinga januar 1943 og vart nestleiar kort tid etter.

Hausten 1942 vart ho ettersøkt av Gestapo, og ho opererte under falsk identitet i to og eit halvt år. Den lyshåra Anne-Sofie vart til mørke “Åse Berge” eller “Astrid Ødegård”. Innan XU gjekk ho under dekknamnet “Aslak”, og svært få visste at nestleiaren var ei kvinne. Ho heldt seg også skjult for familien, som trudde ho var trygt i Sverige. Våren 1943 fekk ho difteri og var livstruande sjuk. Likevel nekta ho XU-legen å informere foreldra, fordi det kunne sette både etterretninga og familien i fare.

Da Anne-Sofie Østvedt vart nestleiar i XU, etablerte ho saman med XU-sjef og seinare ektemann Øistein Strømnæs eit hovudkvarter i Geitmyrsveien 48, ved St. Hanshaugen i Oslo. Det vesle huset vart ombygd for føremålet, med hemmelege rom og avanserte låsesystem. Hit kom det inn store mengder informasjon frå XU-nettet, som dei to behandla vidare saman med Astrid Løken. I lange periodar var det arbeid døgnet rundt. Verken dei tre eller hovudkvarteret vart avslørt av Gestapo. Det fortel om svært gode sikringsrutinar.

Anne-Sofie Strømnæs hadde, til liks med dei fleste i XU-leiinga, ikkje noko forhold til militæret. Da ho gjekk inn i motstandsarbeidet, var det ein nærmast instinktiv reaksjon. “Det var berre noko som måtte gjerast,” har ho sagt. Bak dei enkle orda låg ein sterk vilje til å kjempe for fridom, demokrati og menneskerettar, mot fascismen og okkupasjonsmakta.

Den grunnfesta humanismen heldt ho fast ved sjølv i alle dei åra ho var i dagleg livsfare. Det var den nazistiske staten som var fienden, ikkje det tyske folket. Ho var også sterk motstandar av likvideringar under krigen: “Eg var livredd vi skulle bli som nazistane.” I fleire år hadde ho alltid blåsyretablettar på seg, for å kunne ta sitt eige liv dersom ho vart arrestert. Men ho bar så å seie aldri våpen. Ho ville ikkje kunne drepe eit anna menneske, om han var fiende aldri så mykje.

Sjukdom, den voldsomme arbeidsinnsatsen og det daglege psykiske presset tærte hardt på kreftene. Ved krigsslutt var ho utsliten. Ho takka ja til eit amerikansk stipend og reiste allereie sommaren 1945 til University of California, Berkeley. Der kom ho til hektene og fortsette studiane som krigen hadde brote av. XU-leiaren Øistein Strømnæs kom etter 1946, og dei to gifta seg kort etter. Anne-Sofie Strømnæs tok mastergraden i næringsmiddelkjemi ved Berkeley. Paret vendte tilbake til Oslo 1951.

Anne-Sofie Strømnæs unngjekk dei psykiske problema som mange i motstandsrørsla sleit med i ettertid, men hadde drive seg sjølv så hardt at det kom til å prege den fysiske helsa. Ho avslo å bli tildelt dekorasjonar for krigsinnsatsen.

Kilder og litteratur

  • Stud. 1939, 1964
  • A. Kramish: Griffen. Den største spionhistorien, 1987
  • R. Ulstein: Etterretningstjenesten i Norge 1940–45, 3 bd., 1989–92
  • E. og S. Sæter: XU. I hemmeleg teneste 1940–1945, 1995
  • NKrL, 1995
  • T. Gjelsvik: Snart kommer vår dag, 1999
  • B. Fodstad: Brystkaramellene. Fra XU til Grini, Jomfruland 2001

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 1 endringer i denne artikkelens nettversjon.