Faktaboks

Åse Gruda Skard
Fødd
2. desember 1905, Kristiania
Død
13. august 1985, Bærum, Akershus
Verke
Psykolog
Familie
Foreldre: Universitetsstipendiat, seinare professor og statsråd Halvdan Koht (1873–1965) og lærar Karen Elisabeth Grude (1871–1960; sjå Karen Grude Koht). Gift 5.1.1933 i Aker med universitetsstipendiat, seinare professor Sigmund Skard (1903–95). Syster til Paul Koht (1913–2002); svigerinne til Olav Skard (1881–1965), Torfinn Skard (1891–1970), Bjarne Skard (1896–1961) og Eiliv Skard (1898–1978); mor til Målfrid Grude Flekkøy (1936–) og Torild Skard (1936–).
Åse Gruda Skard
Åse Gruda Skard
Av /NTB Scanpix ※.

Åse Gruda Skard var i første rekke pioneren for moderne barneoppseding i Noreg og den som meir enn nokon annan på 1900-talet gjorde barndommen til eit både fagleg og politisk tema. Gjennom talrike bøker, artiklar og foredrag understreka ho barns behov for tryggleik og for vaksne som tek ansvar, og ho peika på at barna har behov for lover og grenser som både barn og vaksne må bøye seg for. Samstundes var ho ein sterk talsmann for at oppseding til demokrati berre kan foregå på ein ikkje-autoritær og demokratisk måte.

Som dotter til historikaren Halvdan Koht og kvinnesakskvinna Karen Grude Koht voks ho opp på Lysaker i Bærum, der ho òg levde det meste av livet. Etter examen artium 1923 var ho dei neste åra student i realfag og hadde eit halvårig studieopphald i Italia. 1927 gav ho seg i kast med kunsthistorie og psykologi. Det sentrale for henne vart nå psykologien, som var eit nytt fag her i landet. Det var berre to heiltidsstudentar (Åse Koht og Henry Havin), og dei måtte for ein stor del ta seg fram på eiga hand. 1931 tok ho magistergraden som den aller første i Noreg som fullførte eit høgare akademisk studium i psykologi, og den fjerde kvinna som tok ein magistergrad ved Universitetet i Oslo. Materialet for magisteravhandlinga Er det skilnad på uttrykksmåten hos gutar og jenter?, som først var presentert på fransk, samla ho ved studieopphald i Paris 1928–29.

Etter eit studieår i USA, der ho fekk kontakt med mange av dei fremste psykologane i tida, fekk ho 1933 arbeid som vitskapleg assistent ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo. Like etter starta ho arbeidet ved Mentalhygienisk kontor i Oslo, der ho fekk høve til å arbeide direkte med vanskelegstilte barn. Ikkje lenge etter kom ho i kontakt med reformpedagogen Anna Sethne, overlærar ved Sagene folkeskole, og der starta Åse Gruda Skard etter kvart som rådgjevar på deltid. Samtidig byrja ho mentalhygienisk arbeid med barn i Buskerud og Vestfold, og i denne rolla kom ho etter kvart til å reise ut til skolane for å gi råd til lærarar, foreldre og elevar. På deltidsbasis utførde ho i åra 1933–38 ein pionerinnsats ved å sette fokus på barns stilling ut frå nye forståingsmåtar og perspektiv. Ho var i røynda den første pedagogisk-psykologiske rådgjevaren i Noreg.

1938 søkte Åse Gruda Skard eit professorat i pedagogikk ved Noregs lærarhøgskole. I visse krinsar vart det møtt med uvilje og harme. Hennar psykologiske synsmåtar var omstridde. Eit radioforedrag 1938, Korleis ter verda seg for barna, vekte særleg debatt. Her peika ho mellom anna på at barn har eigne tankar og kjensler og ser verda frå eit anna synspunkt enn vaksne. Dessutan hadde ho peika på at også barna har seksualitet. Det kan òg nemnast at ho 1935 hadde omsett til norsk ei amerikansk bok om seksuell opplysning for barn, Slik blir vi til. Ho fekk ikkje professoratet, men ei stipendiatstilling i Trondheim, og saman med familien budde ho der til krigsutbrotet 1940, då dei drog til Sverige og sidan vidare til USA. Her heldt ho i krigsåra over 300 foredrag og var ein god ambassadør for Noreg. 1945 var ho som norsk delegat med på førebuinga av UNESCO.

Åse Gruda Skard var dosent i psykologi ved Universitetet i Oslo 1947–73, og i mange år var ho leiar for Psykologisk institutt og drivkraft for oppbygginga av studie- og fagmiljøet. I særleg grad stod ho i brodden for utviklinga av den utviklingspsykologiske delen av studiet. Dei første tre åra etter krigen var ho formann i Norsk psykologforening, og 1952–55 var ho formann for Oslo Mentalhygienisk Forening. Ho var med på å skipe Norsk samband for Småbarnsoppfostring og var frå 1957 rådsmedlem i den internasjonale organisasjonen for småbarnsoppfostring (OMEP). 1962–68 var ho verdspresident i organisasjonen og fekk i denne rolla eit internasjonalt ry. Om dette sa professor Ragnar Rommetveit ved hennar båre: “Gjetordet om den kloke, vakre og høgreiste norske kvinna ute i den store verda gjorde at andre norske psykologar og pedagogar som søkte kontakt i internasjonale miljø vart helsa velkomne med varme og med forventningar om høg fagleg kvalitet.”

Åse Gruda Skard gjorde òg ein stor innsats for pedagogikk og spesialpedagogikk. I ein periode var ho formann for Sosialistisk Skolelag, og 1936–70 var ho redaktør av Norsk pedagogisk tidsskrift, der ho òg skreiv meir enn 90 artiklar, nesten like mange omsettingar og kring 350 bokmeldingar. Ho gjorde dette bladet til eit organ for pedagogisk opplysning og nytenking.

I 1930-åra starta Åse Gruda Skard studiesirklar for arbeiderkvinner om barns psykologi og oppseding. I arbeidarrørsla, på møter, i kringkasting, fjernsyn, dagspresse og i populærvitskaplege bøker var ho i fleire tiår den sentrale talspersonen for barnas sak her i landet. Når det gjeld empirisk forsking er truleg hennar viktigaste arbeid ein langtidsstudie av 19 arbeiderbarn frå fødselen til 16-årsalderen. Her fekk vi verdifulle kunnskaper om barns daglegliv og om vanlege vanskar hos vanlege barn. For det store opplysningsarbeidet, der ho makta å omsette psykologisk kunnskap til eit språk som folk forstod, fekk ho 1976 Forskingsrådets pris for popularisering av psykologisk vitskap. 1980 vart ho utnemnd til heidersdoktor ved Universitetet i Bergen, og same året vart ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Bibliografien syner at Åse Gruda Skard publiserte nærmere 2000 artiklar i ulike tidsskrift og skreiv 24 bøker. Saman med mora Karen Grude Koht skreiv ho boka Pedagogisk psykologi, som var ei innføring i utviklingspsykologi for lærerutdanninga. I artikkelen Oppseding til menneskevyrdnad klargjorde ho at dersom den neste ættleden skal bli betre, må vi leggje tilhøva til rette for ein betre barndom. Ho gjekk i rette med ei autoritær, straffande og løgnaktig oppseding; barn måtte møtast med vyrdnad. I 1950-åra kom ei rad opplysningsbøker om barn og barneoppseding frå hennar hand (i serien Sosialdepartementets småskrifter). Her forklarde ho både kva vi kan vente av barn på ulike alderssteg, korleis foreldra kan møte større eller mindre problem og kva som bør vere den grunnleggjande innstillinga overfor barna. Ho var tydeleg og eksemplifiserande i sine vurderingar av kompliserte spørsmål. Det galdt til dømes spørsmålet om disiplin i oppsedinga. Ho peika på at det måtte byggast opp ein tillit bygd på demokratisk praksis: “Det viktigaste for disiplinen i heimen er det gjensidige kjensleforholdet mellom foreldre og barn. I eit gjensidig forhold er kjærleik og tillit, av akseptering og respekt, vil barn gradvis ta opp i seg og gjere til sin den grunnmoral dei vaksne har. Dei vil og kunne halde på ein sunn sjølvtillit samtidig som dei gradvis veks inn i det samfunnet som dei skal tilhøyre.”

Verker

    Eit utval

  • Étude d'un test d'imagination sur des écoliers Parisiens, mag.avh. UiO, 1931
  • Mentalhygiene i klassa, i Ki&K 1933, s. 350–363
  • Pedagogisk psykologi (sm.m. K. Grude Koht), 1937
  • Oppseding til menneskevyrdnad, 1938. i Norsk pedagogisk tidsskrift nr. 2/1986
  • Barn i vardagslivet. Spädbarn, småbarn, skolbarn, Stockholm 1940 (norsk utg. Barn i dagliglivet, 1947, 2. utg. 1960)
  • Ungene våre, 1948
  • Hva kan vi vente av barn på ulike alderstrinn, Sosialdepartementets småskr. 1, 1954 (11. opplag 1986)
  • Disiplin i heimen. Forsøk på utviklingsmessig oppdragelse, Sosialdept.s småskr. 3, 1956 (3. utg. 1966, rev. utg. Skal vi sette grenser for barna?, 1976)
  • Barnet i samfunnet. Artiklar i utval, 1965
  • Vanlige vansker med vanlige barn, 1965 (2. utg. 1972)
  • Barn og mat (sm.m. R. Vesje), Sosialdept.s småskr. 12, 1971
  • Praktisk barnepsykologi, 1972 (2. utg. 1980)
  • Liten blir stor. Tolv artiklar om barn, foreldre og samfunn, 1973
  • Liv laga. Ei minnebok 1905–1940, 1985
  • Menneske vi møtte (sm.m. S. Skard), 1985
  • Fulle hender. Ei minnebok 1940–1985, (posthumt) 1986

Kilder og litteratur

  • Åse Gruda Skards eigne bøker (sjå ovanfor, avsnittet Verk)
  • HEH, fleire utg.
  • Stud. 1923, 1950
  • E. Østlyngen: biografi i NBL1, bd. 13, 1958
  • Pedagogiske pionerer. Åse Gruda Skard i samtale med Edvard Befring, 1979
  • A. Faleide (red.): Barn og familie – forskning og debatt. Artikkelsamling til Åse Gruda Skard, 1980
  • S. Seim: “Åse Gruda Skard. En pioner og et livsverk”, i Skolepsykologi nr. 7/1980, s. 3–6
  • R. Rommetveit: “Tale ved Åse Gruda Skard si båre 20. august 1985”, i Norsk pedagogisk tidsskrift nr. 5/1985, s. 305–308
  • M. G. Flekkøy og A. O. Faleide (red.): 20 children – 20 years. Åse Gruda Skard's longitudinal project. Selected papers, 1993
  • T. Kolle. Ordene som ble borte. Et historisk og feministisk perspektiv på Åse Gruda Skards bøker om barneoppdragelse, Halden 2000