Skogeigar og trelasthandlar. Foreldre: Grosserar Westye Egeberg (1770–1830) og Anna Sophie Muus (1775–1862). Ugift. Bror til Christian August Egeberg (1809–74) og Fredrikke Sophie Egeberg (1815–61).

Westye Egeberg var ein av dei største trelasthandlarane og skogeigarane her i landet rundt midten av 1800-talet. Han var òg ein av pådrivarane for den første jernbanen i Noreg.

Firmaet Westye Egeberg & Co. vart grunnlagt av faren år 1800. Han var mellom dei nye menn som slo seg opp i trelasthandelen frå Christiania i høgkonjunkturen under napoleonskrigane. Den langvarige krisa etter 1814 feide unna storparten av det gamle “trelastaristokratiet”, men ein del av dei nye overlevde og vart dominerande då tidene betra seg ut i 1830-åra.

Men gamle Westye Egeberg kom likevel opp i vanskar i 1820-åra. Firmaet måtte søkje moratorium, faren døydde 1830, og sonen tok over leiinga stutt etter. Vegen fram for trelasthandelen var knytt til den franske marknaden, noko han greidde å nytte ut. 1842 fekk firmaet til og med kontrakt med den franske regjeringa, der skurlasta fekk ei ny form for kvalitetssortering.

Firmaet var frå først av konsentrert om sjølve handelen, kapitalen var ikkje bunden opp i produksjonsapparatet. Dette var ein viktig faktor i at “dei nye menn” kunne greie seg gjennom krisa, og at dei seinare kunne gå inn og kjøpe sagbruk til låg pris etter alle fallittane. Westye Egeberg d.e. hadde rett nok kjøpt 1/3 av det store Gansbruket ved Øyeren alt 1811. Men 1824 kjøpte han 1/3 til frå Carsten Tank, som var “på konkursens rand”, og 1836 handla sonen til seg den siste parten (begge gjekk for 13 500 spesidalar).

Tank måtte gi opp verksemda si 1829, og mista m.a. det største sagbruket i landet, Sanne og Soli. Dette gjekk til den fremste britiske kreditoren, G. W. Norman, som forpakta det bort. Men 1835 gjekk Egeberg saman med fem andre “nye menn” om kjøp av bruket for 60 000 spesidalar (interessentskapet stod ved lag til 1897).

Både dette bruket og Gansbruket vart utvida og modernisert fram mot 1860. Men Egeberg følgde ikkje med i det store ombrotet som skjedde i takt med opphevinga av sagbruksprivilega frå det året. Med dampsagene følgde ny lokalisering og effektivisering av produksjonen, men Egeberg heldt fram med vasskraft som energikjelde, rett nok med turbindrift på Gansbruket frå 1880.

På den andre sida var Egeberg tidleg ute med ein kraftig ekspansjon på råvaresida. Dei stigande konjunkturane i 1840-åra førte til press i tømmermarknaden. Skog vart ein knapp faktor. 1846 kjøpte han Romedal allmenning for 22 000 spesidalar. Denne vart delt mellom Egeberg og bygdefolket 1864, der firmaet fekk 80 000 mål. Skogkjøpa heldt fram, særleg i Solør, slik at arealet kom opp i 1/4 million mål.

Ekspansjon i sagbruk og skog gav godt resultat, og kapitalen auka. Ved skattelikninga 1842 vart formuen vurdert til 50 000 spesidalar, i 1870 hadde ho vakse til 370 000 spesidalar; firmaet avanserte frå nr. 17 til nr. 6 i storleik i landet.

Den største offentlege innsatsen Egeberg gjorde, var beinveges knytta til trelastsektoren. Auka aktivitet hadde aktualisert det gamle problemet med transport av plankar til Christiania frå sagbruksområdet ved Øyeren og lenger nord. Like etter år 1800 planla skogeigarane ei løysing ved byggjing av kanal, men krigsutbrotet 1807 sette bom for arbeidet. Med 1830-åra hadde det kome ei alternativ problemløysing – jernbanen. På eigen kostnad engasjerte Egeberg i 1844 ingeniørkaptein J. G. Ræder til å stikke ut ei line mellom Lillestrøm og Christiania, med kostnadsoverslag. Dermed tok ballen til å rulle, fram til Hovudbanen mellom Christiania og Eidsvoll stod ferdig 10 år etter.

Banen blei delvis privatfinansiert. Egeberg teikna aksjar for 6000 spesidalar, og blei den tredjestørste aksjeeigaren. Det same var han når det gjaldt køyrekostnader, med 10 000 spesidalar årleg (Meyer og Mathiesen var større). Dei hadde beinveges nytte av banen, men likevel var det heilt uvanleg at privatmenn nytta knapp kapital på denne måten.

Egeberg vart vald inn i det første formannskapet i Christiania 1837, var overformyndar 1847–51 og rittmeister og sjef for borgargarden “Det gule Chor” 1841–46. Han var òg nederlandsk visekonsul 1832–55. Meir opplysande er det at han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden 1855; fram til 1860 var det berre to til av “næringslivets menn” som nådde så langt.

Westye Egeberg var ugift og barnlaus, og alt 1851 måtte han dra seg ut av den daglege leiinga av firmaet grunna sjukdom; frå 1858 vart den yngre broren, Peder Cappelen Egeberg (1810–74), medeigar. Men langt opp i åra var Westye Egeberg aktiv som filantrop og mesen; han gav m.a. 500 000 kroner til ein barneheim som vart oppkalla etter han, og teikna aksjar i det nye Nationaltheatret for 50 000 kroner.

  • J. S. Worm-Müller: Christiania og krisen efter Napoleonskrigene, 1922
  • S. C. Hammer: Kristianias historie, bd. 4, 1923
  • d.s.: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • L. Opstad: Sanne og Soli, 1942