Landbruksvitskapsmann. Foreldre: Vegingeniør Johan Koren Christie (1827–1907) og Catherine Frederikke Blom (1841–1929). Gift 17.7.1907 med Karen Amalie Wedel Jarlsberg (1.11.1886–1.11.1952), dotter til godseigar Carl Gustav Wedel Jarlsberg (1854–1924) og Amalie Thomine Michelet (1859–1933). Far til Johan Koren Christie (1909–95) og Werner Hosewinckel Christie (1917–2004); brorson til arkitekt Eilert Christian Brodtkorb Christie (1832–1906); svoger til Fredrik Stang (1867–1941).

Werner H. Christie dreiv den første offentlege forsøksstasjonen i planteavl i Noreg og var den første nordmann som tok doktorgraden på eit landbruksvitskapleg emne.

Christie hadde embetsmenn og byborgarskap som familiebakgrunn, men tok tidleg sikte på jordbruket. Han voks opp i Skien, der far hans hadde kjøpt Lagmannsgården i Gjerpen. Etter examen artium 1896 gjekk han Vinterlandbruksskulen i Kristiania, og tok så eksamen ved Landbohøjskolen i København 1901. Då hadde han staka opp vegen framover: Frå 1901 arbeidde han eit par år med jordbruksstatistikk i Det statistiske centralbureau, året etter blei han tilsett som sekretær i Landbruksdepartementet, og med stipend studerte han 1903 planteforedling i Danmark, Sverige og Tyskland.

1905 blei han tilsett som styrar ved Hedemarkens amts forsøksstation på Møystad utanfor Hamar. Dette var den første i ei rekkje av forsøksstasjoner i planteavl (seinare kalla Statens forsøksgardar), og blei driven som eit samarbeidsprosjekt mellom staten og Hedemarkens amts landhusholdningsselskap (ein av lokalorganisasjonane i Det kongelige Selskap for Norges Vel). Christie var styrar der til 1919.

1911 vann Christie Kongens gullmedalje for ei landbruksvitskapleg avhandling, og 1915 disputerte han for den filosofiske doktorgraden ved universitetet i Kristiania, på avhandlinga Undersøkelser over norsk graaert. Han var den første som fekk doktorgraden på eit emne frå landbruket (og – som han sjølv la til – den første landbrukar). 1919 blei han utnemnd til professor i plantekultur på Norges Landbrukshøiskole, men tok avskil alt 1921. Då hadde han kjøpt garden Vidarshov i Vang (nå i Hamar kommune), der han dreiv forsøk og stamsædavl for Bøndernes Felleskjøp (nå Felleskjøpet).

Det var ingen som i så ung alder hadde nådd ein slik vitskapleg posisjon i norsk landbruk. Med ei trong økonomisk ramme greidde Christie å utvikle nye og betre plantesortar; først galdt det bygg og havre, seinare poteter og engvokstrar. Dei siste åra tok han opp vidare problem i arveforskinga, i nært samarbeid med statskonsulent Christian Wriedt frå husdyrsida. Dette førte seinare til ein revolusjon i norsk husdyravl.

Christie var vitskapsmann, men vitskapen skulle tene jordbruket og samfunnet. Arbeidet hadde stor innverknad på sjølve produksjonen i jordbruket. Ikkje utan grunn blei han 1918 direktør for det nye produksjonskontoret i Landbruksdepartementet, med styring av dei nye tiltaka for å hindre matvarekrise.

Det same galdt for publikasjonane hans. På eine sida utgav han vitskaplege arbeid i norske og utanlandske tidsskrift, men vel så mykje skreiv han om det praktiske jordbruket, med eit aktuelt siktepunkt. Det var eit stort tap då han døydde snaut 50 år gamal.

    Eit utval

  • Undersøkelser over norsk graaert samt nogen krydsninger mellem former av den og Pisum sativum, dr.avh., Hamar 1914
  • Potetdyrking, 1918
  • Vore ernæringsmidler (sm.m. H. Schønberg Erken), 1918
  • Stud. 1896, 1946
  • S. Hasund: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • nekrolog i Norsk Landmandsblad 1927, s. 225f