Filosof. Foreldre: Adjunkt Carl Jacob Waldemar Dons (1810–78) og Severine Dorothea Lindeman (1814–88). Ugift.

Waldemar Dons var universitetsstipendiat i filosofi 1875–82; han vert helst hugsa for den heftige striden som forelesingsrekkja hans om religion og vitskap vekte 1879.

Det vart sett store voner til den unge Waldemar Dons. Han var eit bråmoge skulelys og tok både examen artium og andreeksamen med toppkarakterar.

Alt tidleg la han for dagen sterke filosofiske interesser. Tett samanknytte som teologien og filosofien framleis var, tok Dons etter andreeksamen fatt på teologistudiet. Men han rak snart over i filosofien, visseleg tilskunda av den dominerande filosofiprofessoren M. J. Monrad, som snøgt merka seg hans rike evner. Så vart Dons, utan embetseksamen og utan filosofisk forfattarskap, våren 1873 send til Uppsala for å studere boströmianismen. Den svenske nasjonalfilosofen var død 1866, men hans ekstremt idealistiske filosofi var framleis eit sterkt incitament i svensk åndsliv, og då særleg i Uppsala, der Boström hadde hatt sitt lange virke.

Det var rike år, og Dons fekk frå hand det eine filosofiske verket etter det andre, Om Boströmianismen, Om Positivismen og endeleg Niels Treschow og hans philosophiske System. Hegel dominerer vel sterkast i det fyrste, hans spekulative tankelover kan ingen retteleg filosof fri seg frå. Trass i alvorlege innvendingar mot boströmlæra, var Dons sin konklusjon: “Boströmianismen viser sig med andre Ord ubevidst at adlyde den spekulative Logiks Love.” Denne konklusjonen kunne like godt ha vore brukt på avhandlinga om positivismen. I si tredje avhandling rak Dons bort frå både Boström og Hegel og deler utviklingsoptimismen sin med Treschow, som han finn – truleg med feste i eigne naturvitskapelege studiar – vert ein forlaupar for Darwin. Hegelianaren Monrad mislika sterkt denne avhandlinga.

Dons var ein ustø tenkjar som støtt var på veg og difor vanskeleg å setja i bås. Men truleg emna han på ein personleg filosofi i skjeringspunktet mellom tysk idealisme og nyvinningane innan tidas naturvitskap. Han tenkte og arbeidde i den lei, men nådde vel aldri fram. Noko fordi han reiv ned etter kvart, noko på grunn av sin harde trass andsynes det meste og dei fleste, men mest kanskje grunna sin slitande trældom under alkoholen, den som til tider øydde han heilt.

Forholdet mellom Monrad og Dons kolna etter kvart. Så vart det filosofiprofessoren G. V. Lyng som måtte prøve å hjelpe Dons då det verkeleg kneip.

Ut frå hans djupe sanningstrong hadde fylgjande problemstilling vorte hans høgst personlege i den førelesingsrekkja han som universitetsstipendiat byrja på haustsemesteret 1879: “Hvorvidt kan en sand livsanskuelse forbindes med den moderne videnskabs resultater?” Han fekk ikkje fullførd rekkja. Den stokk-konservative medisinprofessoren E. F. Lochmann greip inn og fekk stogga ho. Grunngjevinga var at den krasse kritikken mot teologien og dogma i kyrkja i røynda var eit åtak mot sjølve kristendomen.

Ein heftig strid fylgde innan universitetet og pressa. Striden greip djupt og vart etter kvart eit oppgjer mellom dei konservative og liberale kreftene i åndslivet vårt. Innan universitetet dømde ein sensurkomité mildt, kollegiet hardare i sin påtale av den krasse forma i Dons sine forelesingar. Endeleg fekk Monrad og Lyng i oppdrag å uttala seg om deira vitskaplege verd. Lyng fann dei heldt mål, Monrad ikkje. I ein artikkel i Dagbladet 20.12.1879 hevda Lyng at Dons sitt kristendomssyn skil seg lite ut frå det offisielle i landet, og filosofisk vaklar han i sitt forhold til Hegel. Likevel finn Lyng eit vesentleg aktivum hjå Dons: “– han er stærkt greben af Tidens Gjæring”.

Dons vart sjuk og fekk – betimeleg nok – permisjon. Friskmeld førelas han våren 1880 over Auguste Comte. Så orka han ikkje meir, og frå 1882 var det slutt med stipendiet.

Dons gav tidleg til kjenne katolske sympatiar og vart i Berlin i januar 1881 oppteken som medlem i den katolske kyrkja.

1891 vende Dons attende til Trondheim, der han vart journalist og ei tid redaktør i bladet Folketidende. Åtaka på villfaringane i kyrkja heldt fram, og særleg kjende katolikkane seg trakka på, dei som ei tid hadde teke den forkomne drikkaren i hus og prøvt å hjelpa han. Frå høgt katolsk hald fekk han no vita at han hadde gjort seg fortent til ekskommunikasjon, men denne vart aldri sett i verk.

Til sist måtte hans næraste familie ta seg av han. Men i alt hans elende arbeidde tanken med filosofiske problem. I eit privatbrev frå hausten 1911 viser han til fleire emne under arbeid, m.a. Er Gud til? og Filosofisk Forskole. Dons brende sjølv mange av skriftene sine, og truleg er også desse farne same vegen. Men eit par av hans fantastiske arbeid er bevart, som t.d. Af Grandonkels Papirer. Meddelelser fra Aandeverdenen. Kanskje er desse arbeida med sin filosofiske leik uttrykk for ein slags galgenhumor, til døyving av det såre og audmykjande i eit liv han sjølv har opplevd som forspilt.

Ved juletider 1916 vart Dons alvorleg sjuk. Han var då hjå ei syster i Kristiania. På dødsleget prøvde han å kontakta den katolske kyrkja, men vart avvist. Så døydde han 2. januar 1917 på Ullevål sjukehus og vart gravlagd etter ritualet til den lutherske kyrkja.

    Utgjevingar

  • Om Boströmianismen, 1874
  • Om Positivismen, 1877
  • Niels Treschow og hans philosophiske System, 1878

    Ikkje trykt materiale

  • Nogle selvbiografiske meddelelser, 1905, i UBO
  • Af Grandonkels Papirer. Meddelelser fra Aandeverdenen, UBT
  • W. Dons' egne verk (sjå ovanfor)
  • W. Dons: “Om Tolerance”, i Folketidende,1893–1894
  • K. Dons: Den dansk-norske slægt Dons,1902, rev. ms. 1959 i UBT
  • W. Dons: “En moderne tænker”, i Samtiden,1908
  • W. Dons: “Et brev”, 1908, i Samtiden,1917
  • J. D. Landmark: biografi i NBL1,bd. 3, 1926
  • K. Svortdal: Waldemar Dons,1952
  • G. W. Lyng: Forsoningens tolker,med etterord av A. Veland, 1997
  • diverse dokument vedk. W. Dons i UBT
  • Fotografi i F. B. Wallem: Det norske studentersamfund gjennem hundrede aar,bd. 2, 1916, s. 631
  • Fotografi i Stud. 1867,1917, s. 30
  • Fotografi i T. Lindeman: Den trønderske familie Lindeman,1924, s. 58