Trine Hattestad var ein frontfigur i norsk friidrett i 1980- og 1990-åra. Ho vart olympisk meister i spydkast 2000, verdsmeister 1993 og 1997 og europameister 1994. Ho har og OL-bronse frå 1996 og VM-bronse 1999.
Trine Solberg byrja å kasta spyd då ho var 12 år gamal. I friidrettsgruppa i Ski Idrettslag var det eit godt kastmiljø. Venner og gode trenarar var med på å legge grunnlaget for ei varig interesse for spyd hjå den unge Trine. Som 15-åring debuterte ho som spydkastar for det norske friidrettslandslaget med siger i ein landskamp mellom Noreg, Sverige og Frankrike.
1983 byrja Trine Solberg for alvor å visa seg fram. Dette året vann ho sølvmedalje i junior-VM og tok sitt fyrste av i alt 15 senior-NM. I perioden 1981–2000 vann ho fem kongepokalar og sette 12 norske rekordar i spyd for kvinner, siste gong 1993 med 72,12 m. Det vart gjeldande norsk rekord med den gamle spydtypen. Med ny spydtype kasta ho 1999 68,19 m, som då var verdas beste resultat. I toppåret 2000 forbetra ho verdsrekorden med det nye spydet to gonger, siste gong ved det årlege Bislett-stemnet, der ho heiv spydet 69,48 m.
Trine Hattestad har vore mykje skada i si lange karriere. Skadane har ikkje berre kome som resultat av spydkastinga. I mange år var ho aktiv handballspelar for Oppegård IL, noko som av og til gjekk hardt ut over armar og bein. Ho har hatt 7 olbogeoperasjonar (spydskade) samt to kneoperasjonar og brot i begge armane (handballskader). Suksessåret 2000 var ho derimot skadefri, noko som sannsynlegvis var avgjerande for dei gode prestasjonane dette året.
Trine Hattestad har hatt sine nedturar. Etter eit stemne i europacupen i Brussel august 1989 var det positivt utslag på ein dopingprøve frå Trine Hattestad. Ho vart suspendert frå all konkurranseidrett i den perioden saka var til handsaming, men ho vart aldri dømt. Det viste seg snart at det var noko som ikkje stemde med testprosedyrane, og januar 1990 måtte det internasjonale friidrettsforbundet vedgå at det hadde vorte gjort ein analysefeil og at det aldri hadde vore noka positiv dopingprøve på henne. Ho vart dermed frifunnen og “reinvaska” og kunne på ny delta i spydkonkurransar.
Ein anna nedtur var å stilla som gullfavoritt til OL i Barcelona 1992 og enda som nummer fem. Etter denne meisterskapen var det fleire som avskreiv ho som idrettsutøvar på topplan. Året etter gav ho skeptikarane svar på tiltale. Ho tok sitt fyrste VM-gull og starta ein epoke med suksess. I tillegg til VM-gullet vann ho 1993 alle fire “Golden Four”-stemna i spyd og delte premiepotten på 20 kg gull med fire andre utøvarar. 1994 vart ho europameister, og etter å ha fødd sitt andre barn 1995 tok ho bronse i OL 1996 og vart verdsmeistar enda ein gong 1997.
Etter brukbare resultat 1998 (fjerde plass i EM) og 1999 (bronse i VM) vart det store året 2000 krona med olympisk gullmedalje. Men det stogga ikkje med det. Som vinnar av kvinneklassen samanlagt i Grand Prix 2000 fekk Trine Hattestad ein premiesjekk på 200 000 dollar. I tillegg sette ho ny verdsrekord og fekk prisen som beste europeiske friidrettskvinne. Ho var og nominert som ein av fem kvinner til verdas beste kvinnelege friidrettsutøvar for år 2000.
Trine Hattestad har ikkje noka utdanning utover vidaregåande skule, men har sikra økonomien for lang tid ved hjelp av prestasjonane på friidrettsbana. Fyrst og fremst har ho blitt rik på “gods og gull” gjennom dei auka premiesummane utover i 1990-åra i internasjonale friidrettsstemner. Slik sett kunne ho reknast som ein profesjonell idrettsutøvar, med inntekter basert eine og åleine på idrettsprestasjonane.
Trine Hattestad er tildelt Porsgrunds Porselænsfabriks ærespris for kvinner 1993, Aftenpostens gullmedalje for årets idrettsbragd 2000, Sportsjournalistenes statuett som årets beste utøvar 2000 og Fearnleys olympiske ærespris 2000.