Syslemann og hærførar. Foreldre: Ukjende. Gift 21.4.1206 i Nidaros med Sigrid Bårdsdotter, dotter til lendmannen Bård Guttormsson til Rein (død 1194) og Ulvhild Pålsdotter. Svoger til kong Inge 2 Bårdsson (1185–1217) og Skule Bårdsson (1189–1240).

Torgrim var frå garden Ljones i Strandebarm i Hardanger. Han var syslemann og sveithovding for birkebeinane i perioden 1202–06. Han høyrde til den indre krinsen av stormenn kring kongane Håkon Sverresson og Inge Bårdsson, noko hans ekteskap med syster til kong Inge viser. Kva rolle Torgrim hadde i dei politiske hendingane i dette tidsrommet, kjem fyrst og fremst til uttrykk gjennom skildringane i Bǫglunga sǫgur.

Bǫglunga sǫgur fortel at kong Håkon reiste til Bergen etter konungstekja 1202. Her fekk han etterretning om at baglane oppheldt seg inne i landet og var ventande å slå til mot Rogaland eller Trondheim. Torgrim og fleire andre sveithovdingar vart då sende sørover. Dei møtte baglarhæren ved Rott, utanfor Tananger på Jæren. Torgrim og birkebeinane sigra, og baglehæren vart oppløyst. To år seinare samla baglane på ny ein hær, og Torgrim vart då sett til å forsvare Bergen og Vestlandet mot angrep. Då baglane kom til Bergen seinare på året, hadde Torgrim, saman med fleire andre hærførarar og 200 hærmenn, forskansa seg i Sverresborg. Etter fleire freistnader på å vinne borga forlét baglane byen då dei fekk nyss om at forsterkingar var på veg til birkebeinane.

Torgrim fekk god løn for innsatsen sin då han 1206 fekk Sigrid, halvsyster til kong Inge, til ekte. Sigrid var truleg dotter til Bård Guttormsson frå det fyrste ekteskapet hans, med Ulvhild Pålssdotter. Torgrim og Sigrid feira bryllaup i Nidaros 21. april, men medan festen var i full gang, kom det bod om at baglane var ventande til byen. Kong Inge ville avbryte festen, men Torgrim fekk overtala kongen til å la gjestene halde fram med å ture bryllaup, mot lovnader om å syte for vakthald. Vakthaldet svikta. Då baglane gjekk til åtak på byen, låg dei fleste i birkebeinhæren og sov. Fleire av mennene til Torgrim vart drepne, og han sjølv vart hardt såra.

Dette er det siste vi høyrer om Torgrim i Bǫglunga sǫgur. Ein notis i dei islandske annalane opplyser at Torgrim same året laut bøte med livet av di han sjølv hadde drepe Jon Usle. Denne Jon var også birkebein og deltok i det omtala slaget i Nidaros. Kva for omstende som låg til grunn for at dei to birkebeinane rauk uklar, veit vi ikkje. Sigrid vart seinare gift opp att med Jon Sigurdsson frå Austrått.

  • Isl.Ann.
  • Soga om Birkebeinar og Baglar. Bǫglunga sǫgur, utg. av H. Magerøy, Norrøne tekster 5, 1988
  • L. Daae: Om Reins-ættens sidste, fyrstelige medlemmer. Nogle studier, 1896
  • A. Næss og O. Kolltveit: Strandebarm og Varaldsøy i gamal og ny tid, Bergen 1947
  • P. Sveaas Andersen: biografi i NBL1, bd. 16, 1969
  • K. Helle: Norge blir en stat, 1974