Torfinn Sigurdsson vert rekna som den kanskje mest kraftfulle regenten i den orknøyske jarlerekka. Systematisk gjenreiste, utvida og konsoliderte han det veldet faren hadde bygt opp i Skottland og langs kystvegen frå Shetland til Irskesjøen og Dublin. Arbeidet med å byggje opp ein kyrkjeleg, sivil og militær styringsstruktur prega siste delen av hans regjeringstid.
Sagaene tidfester Torfinn Sigurdssons fødsel til fem år før slaget ved Clontarf, der Torfinns far vart drepen. Samtidig feildaterer dei slaget til 1004/5, i staden for det korrekte 1014. Samanhengen i Torfinns tidlege livshistorie viser ut over all rimeleg tvil at han må vere fødd kring tusenårsskiftet, og at ei tidfesting til 1009 (5 år før Clontarf), som ein del av forskningslitteraturen nå legg til grunn, derfor må vere feil. Det har også vore reist tvil om Torfinns mor verkeleg var skotsk kongedotter. Heilt sikkert er det vel berre at ho var av høgætta skotsk byrd.
Hovudkjelda til Torfinn Sigurdssons livssoge er Orkneyinga saga, og eit særs viktig førelegg for den er Arnor jarlaskalds (sjå NBL1, bd. 1) samtidige ervedråpa om jarlen (Torfinnsdrápa). Heimskringla bygger på Orkneyinga saga, men utelet store passasjar av hendingsgangen. Sett i forhold til Torfinns omfattande og årelange aktivitetar i britiske og irske landområde og farvatn er det påfallande at han aldri blir nemnd i engelske, skotske eller irske kjelder. Dette har skapt ein viss tvil om historisiteten i den skildringa soga gir av viktige hendingar og utbroderte enkeltepisodar frå Torfinns liv og virke, særleg utanfor det orknøyske kjerneområdet. Hovudlinjer og grunnmønster synest det derimot å vere semje om.
Etter sagatradisjonen fekk Torfinn som femåring Caithness (norrønt Katanes) og Sutherland (Suðrland) som jarledøme frå morfaren. Ved farens død 1014 vart det orknøyske jarledømet tredelt mellom brørne Sumarlide, Einar Vrangmunn og Bruse. Delingsavtalen, som altså ikkje gav Torfinn posisjonar på sjølve Orknøyane, var grunngitt med at han hadde eit større styringsområde i Skottland. I denne ekstreme oppdelinga av jarledømet låg ein kime til innbyrdes tvistemål og stundom åpen kamp, forhold som kom til å prege tida fram til Torfinn vart einejarl 1046. Det norske kongedømet visste å utnytte ein slik situasjon til sin fordel under Olav den heilage, Magnus den gode og Harald Hardråde.
Sagaskildringane er sterkt opptekne av desse konfliktane i skiftande makt- og delingskonstellasjonar, med kongedømet i ei dømmande oppmannsrolle. Alt kring 1018 hadde Torfinn fått styringsmakt over ein tredel av øyane (halvbroren Sumarlide var da død). Einar Vrangmunn vart rydda av vegen 1020, og da Olav den heilage året etter bestemte delinga mellom dei to gjenlevande brørne, var vilkåret at heile jarledømet vart tatt i len av kongen. Det føydalrettslege innhaldet i denne underkastinga har vore omdiskutert, og i alle fall var det slik at den norske kongen i 1020-åra ikkje var i stand til å utøve direkte styre eller fysisk makt på øyane. Men så lenge jarledømet var delt, var det grorbotn for ulike variantar av ein splitt og hersk politikk frå norsk side. Prinsipielt hevda kong Olav – og tidlegare kongar før han – at Orknøyane like sidan Harald Hårfagres tid var ein rettsleg integrert del av det norske kongedømet.
Fram til Bruse døydde kring 1034, styrte dei to halvbrørne kvar sine delar av jarledømet, etter kvart slik at Torfinn rådde over to tredelar av øyane, i tillegg til Caithness/Sutherland, der han framleis hadde sitt hovudsete. Sagaene legg vekt på å kontrastere dei to, også som forklaring til den ujamne maktbasis dei hadde: Bruse som den milde og kompromiss-søkande, Torfinn den griske, harde og stridbare. Samtidig ser det ut til at dei kunne sameine og samordne sine krefter politisk og militært.
Torfinns første mål var å sikre og utvide sine skotske landområde og demme opp mot den engelske kongens press nordover, aktivisert gjennom jarlen av Northumberland. Forholdet til den skotske kongemakta skifte mellom samarbeid (til midten av 1030-åra) og konflikt, medan Torfinn og brorsonen Ragnvald 1042 gjorde eit storstilt åtak – med to store slag – mot det nordvestlege England. Også seinare i sin regjeringsperiode var Torfinn involvert i stridar på engelsk jord.
Etter Bruse Sigurdssons død rådde Torfinn ei tid åleine over jarledømet, og han stod nå friare til å prioritere sine kampmål langs kystvegen vestover mot Sudrøyane (Hebridane), den sørvestskotske kystlinja, Man og Irland. Hovudmålet var å tømre ihop det veldige riket faren hadde rådd over, men som dels var gått i oppløysing etter Clontarfslaget 1014. År etter år baud han ut den lokale leidangen og herja og slåst på gammal vikingvis. Store skattefunn, særleg på Man, dokumenterer den utrygge situasjonen der i 1030- og 1040-åra.
Da nevøen Ragnvald Brusesson kom til Orknøyane sist i 1030-åra, med jarlenamn frå Magnus den gode, vart jarledømet igjen delt. Nå var det Torfinn og Ragnvald som stod saman om dei årvisse herjingane i sørvest, “på Sudrøyane, Irland og vide ikring i skottlandsfjordane”. Seinare vart dei to usamde, og Ragnvald vart drepen 1046. Først nå tok Torfinn permanent opphald på Orknøyane og gjorde Birsay på det nordvestlege Mainland til sitt hovudsete.
Som eineveldig jarl frå 1046 rådde Torfinn over eit svært land- og sjøområde, “frå Tussaskjer [ved Shetland] til Dublin”, som Arnor jarlaskald uttrykker det. Etter at Harald Hardråde vart einekonge 1047, reiste Torfinn til Noreg, der han vart godt motteken. Adam av Bremen fortel at “den vonde Harald” la Orknøyane under seg; det tyder på ei underordning under norsk kongemakt slik tidlegare kongar hadde kravt. Sett i lys av Harald Hardrådes seinare englandspolitikk er det sannsynleg at denne underordninga nå vart gjort meir konkret og forpliktande. Samtidig låg Torfinns maktbasis i Skottland heilt utanfor den norske kongens kontroll, som len av den skotske kongen. Det “duale jarledømet”, med lojalitetar knytte til to monarkiske vekstsentra, var nå for alvor blitt ein realitet å rekne med i vesterhavet.
Kort før 1050, i samband med noregsferda, gjorde Torfinn ei vidgjeten og spektakulær reise landevegen gjennom Europa frå Danmark til paven (truleg Leo 9) i Roma, der han fekk syndsforlating. På vegen besøkte han både den tyskromerske keisaren og erkebiskopen i Hamburg-Bremen. Det har vore reist tvil om autentisiteten i sagaskildringa av denne ferda, men hovudtrekka får indirekte støtte gjennom det Adam av Bremen fortel om universalkyrkjeleg politikk overfor øyane nettopp på denne tida. Eit bispesete vart oppretta på Birsay, med “Thorulf” (altså eit norrønt namn) som første biskop. Torfinn bygde ei Kristkyrkje på Birsay, og bispesetet vart lagt under Hamburg-Bremen, til fortrengsel for det konkurrerande erkesetet i York.
Orkneyinga saga fortel at Torfinn etter romareisa “slutta med hærferder, la vinn på å styre folk og land, og på lovgiving”. Denne fredelege styringsperioden var sagaskrivaren lite interessert i, og stofftilgangen er derfor knapp. Lovgivingsarbeidet må særleg ha vore knytt til utarbeiding av lokale kristenrettar, samtidig som arbeidet med kyrkjebygging og geistleg sokneinndeling vart intensivert. Dette har gitt Torfinn ry som den store kristningsjarlen i orknøysk historie. Eit fastare skatte- og flåtesystem vart dessutan bygt opp i jarledømets sørvestlege utkantar, i stor grad etter skotsk-irske mønster. Hovudmålet var å sikre indre fred, og kontrollere kommersielle interesser langs handelsvegen til Dublin.
Sagaene har rikeleg med varierte personkarakteristikkar av Torfinn Sigurdsson. Han var ovstor, sterk og mager, hadde stor nase og svart hår og var heller stygg av utsjånad. Dessutan var han stridlynt og glupsk etter gods og ære. Men han var også sigersæl og ein klok og djerv strateg på slagvollen. Ingen orknøyjarl hadde vore mektigare enn han, og i hans eigne arveland sørgde folk da han gjekk bort. Men i land han hadde lagt under seg med hærmakt, meinte mange at det hadde vore stor trældom å leve under han.
Torfinn Sigurdssons død ca. 1065 markerer på mange vis slutten på vikingtida i europeisk historie. Frå 1059 bygde huset Canmore opp ei sterk engelskstøtta kongemakt i Skottland, som gjorde det tyngre å halde ihop eit samla norrønt velde frå Hjaltland (Shetland) til Irskesjøen. Og den normanniske erobringa av England 1066 gjorde England til ein langt viktigare aktør i dei britiske nordområda og i Irskesjøen. Magnus Berrføtts store mål ved sekelskiftet kring 1100 var å gjenskape Torfinns vidstrekte rike, nå som ein samla og integrert vesterhavsregion i det norske kongedømet. Da kongen møtte døden i Ulster august 1103, tok han den djerve draumen med seg i grava.