Stormann. Foreldre: Storbonden Tord Guttormsson på Steig og Isrid Gudbrandsdotter, dotter til opplandshøvdingen Gudbrand Kula. Gift, men namnet på kona er ikkje kjent. Systerson til Åsta Gudbrandsdotter; syskenbarn til Olav 2 Haraldsson (995–1030) og Harald 3 Hardråde (1015–66).

Med sin ættebakgrunn og si sterke regionale forankring vart Steigar-Tore eit trugsmål mot kongsmakta i ei tid før einekongedømet i Noreg var grunnfest. Han vart fosterfar for kongssonen Håkon Magnusson, reiste opprørsfana og måtte bøte med livet for det.

Far til Tore, Tord Guttormsson på Steig, blir av Snorre kalla den mektigaste mannen i nordre del av Gudbrandsdalen. P. A. Munch har sannsynleggjort at han hadde slektstilknyting til fleire stormannsætter på Vestlandet – Sola-ætta på Jæren, Støle-ætta i Etne i Sunnhordland og Aurland-ætta i Sogn, med line til Giske-ætta på Sunnmøre. Ættegarden Steig var seinare i mellomalderen ein sentral kongseigedom, lagd til Mariakyrkja i Oslo, truleg konfiskert etter Steigar-Tores opprør. Det var kyrkje på garden, 1358 kalla kongens kapell, men ho høyrde ikkje med mellom dei 14 kyrkjene som 1308 vart skilde ut frå bispekyrkja og organiserte som eigen korporasjon.

Då Harald Hardråde 1046 kom til Noreg for å krevje sin kongsrett, søkte han opp i Gudbrandsdalen, der frenden hans, den 15-årige Tore på Steig, gav han kongsnamn. På Opplanda hadde Harald også andre frendar, m.a. på storgarden Ringnes i Stange, der systera Gunhild var husfrue, gift med den mektige Ketil Kalv. Det er sannsynleg, slik Munch skriv, at hyllinga først skjedde på lokalt ting i Gudbrandsdalen og seinare vart stadfesta på Åkratinget, hovudtinget for Opplanda, der Haralds medkonge Magnus den gode var til stades. Også på Åkratinget var det Tore som gav Harald kongsnamn, ei ærefull oppgåve for ein 15-åring.

I den følgjande tida, både før og etter at Magnus den gode døydde 1047, ser det ut til at Tore innordna seg under kongsmakta. Men opplysningar i sagaene tyder på at kong Harald ikkje hadde full tiltru til han, og det er grunn til å feste lit til at han heldt seg borte frå kongens tog til England 1066. Motsetningane vart synlege då Harald Hardråde døydde og dei to sønene hans – Magnus og Olav (Kyrre) – delte kongsmakta. Magnus, som Harald utpeika til konge før englandstoget, hadde Opplanda som sitt basisområde. Han døydde alt 1069, og i den korte tida han delte kongsmakta med Olav Kyrre, ser det ut til at han i tillegg fekk tillagt Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. Riksdelinga avteiknar tydeleg den maktposisjonen Tore hadde, med slektstilknyting til fleire mektige vestlandsætter. Hovudmålet for Tore var å sikre regionalt herredøme, og det låg truleg eit politisk motiv bak då han tok på seg oppfostringa av sonen til Magnus, Håkon, som fekk tilnamnet Toresfostre, fødd same år som faren døydde.

Etter at Magnus Haraldsson døydde, styrde Olav Kyrre som einekonge. Han etterlet seg sonen Magnus (Berrføtt), som gjekk inn i arven etter faren, men samstundes reiste Håkon Toresfostre arvekrav etter sin far. Steigar-Tore var på den tid (1093) ein mann i 60-åra, etter sagaen tungfør og overvektig. Men han stilte seg bak fostersonen sin og fekk han hylla som konge, først på Opplanda og deretter på Øyratinget, som alt på denne tid hadde ein framskoten plass mellom dei norske hyllingstinga. Trøndelag og Opplanda hadde høyrt med til den riksdelen far til Håkon hadde vorte tillagt som medkonge til Olav Kyrre. Tradisjonen frå denne tida bygde Håkon no vidare på, og han styrkte sin posisjon ytterlegare då han – sikkert tilskunda av Tore – tok bort fleire av dei upopulære avgiftene som trøndarane hadde vorte tvungne til å betale sidan Alfiva-tida (etter 1030).

Sagaopplysningane er noko tvetydige, men det ser ut til at det var eit spent forhold mellom dei to syskenborna Håkon og Magnus. Håkon døydde brått 1095 etter berre to år som medkonge, og Steigar-Tore tona då flagg. Han hadde tidlegare stilt seg bak legitime kongsemne; no lyfte han opp ein dansk mann, Svein Haraldsson, som rett nok var av høg byrd og på morssida kanskje hadde tilknyting til den norske kongeætta. Men han kunne ikkje hevde rett til kongetrona. Tore reiste opprørsfana med full tilslutning frå Opplanda, og framståande vestlandshøvdingar frå Tores eigen slektskrins – Skjalg av Sola-ætta og Egil Askjellsson frå Aurland i Sogn – stilte seg bak. Men dei fekk berre delvis støtte i Trøndelag, og då Magnus Berrføtt segla mot dei med heren sin, vart overmakta for stor. Etter eit plyndringstokt nordover til Hålogaland, der høvdingsetet Bjarkøy vart avsvidd, vart Tore og Egil fanga og avretta. Svein Haraldsson berga seg, flydde til Danmark og vart seinare forsona med den norske kongen og oppteken i hirda til Øystein Magnusson.

Den maktposisjonen Tore hadde, kan forklåre at kongsmakta slutta fred med hans etterslekt. Han hadde sonen Guttorm, som tok over Steig som kongens leiglending, og i alle fall ei dotter, som vi ikkje kjenner namnet på. Guttorms dotter Gunhild vart gift med kong Øystein Magnusson, og ein dotterson til Tore, lendmannen Aslak Erlendsson på Hernar (i Manger, Hordaland), høyrde til Inge Krokryggs flokk då Sigurd Slembe vart drept i Bergen 1155.

  • Morkinskinna, utg. av Finnur Jónsson, 1928–32
  • Fagrskinna, utg. av d.s., 1932
  • HKr., utg. ved F. Hødnebø, 1979
  • Theodoricus Monachus: Historia de antiquitate regum Norvagiensium, oms. ved E. Skard, Norrøne bokverd nr. 29, 1932
  • Orkneyinga saga, oms. ved G. Indrebø, Norrøne bokverk nr. 25, 1929
  • NFH, bd. 2 del 1 1853 og del 2 1855
  • A Taranger: “Om kongevalg i Norge i sagatiden”, i HT, bd. 30, 1935, s. 110–166, 273–303
  • P. Sveaas Andersen: biografi i NBL1, bd. 16, 1969