Faktaboks

Tordis Ørjasæter
Fødd
25. mars 1927, Oslo
Verke
Forfattar og litteraturkritikar
Familie
Foreldre: Lektor Toralf Greni (1888–1958) og Agnes Morch (1888–1972). Gift 1953 med forfattar og journalist Jo Ørjasæter (30.8.1925–12.7.2006), son til forfattar Tore Ørjasæter (1886–1968) og Aaslaug Skaaden (1896–1988).

Tordis Ørjasæter har engasjert seg for barns rettar og kulturopplevingar gjennom ulike verv og mange formidlingsoppdrag. Ho har fått fleire prisar og vart 1991 professor i spesialpedagogikk. Det store gjennombrotet som litteraturforskar fekk ho med sin biografi om Sigrid Undset.

Tordis Greni heitte jenta som voks opp i trygge borgarlege kår i Oslo i 1930- og 1940-åra. Historieinteresse og bøker dominerte familielivet, som også hadde eit kristent fundament. Med ein far som var lektor og ei lærarutdanna mor var det sjølvsagt at Tordis skulle ha høgare utdanning, til liks med den eldre søstera Liv, som vart musikkforskar og formidla norsk folkemusikk i NRK gjennom mange år. For den kultur- og formidlingsopptatte Tordis vart fagvalet pedagogikk, og ho tok magistergradseksamen ved Universitetet i Oslo 1957.

1953 hadde ho gifta seg med Jo Ørjasæter, og to år etter fekk dei sonen Dag Tore. Det synte seg snart at han baud på ei utfordring som gjekk utover den tillærte kunnskapen for spesialisten i pedagogikk. Dag Tore skulle etter kvart få diagnosen autist. Frå da av starta eit ustoppeleg engasjement for barn og barns livskvalitet.

Som kritikar av barnelitteratur i Nationen 1957–70 engasjerte Tordis Ørjasæter seg for både litteratur og teater. 1959 gav ho ut boka Med barn i teater, og ho var formann i Norsk Barnebokforum 1965–70. I Dagblad-spalta “På bølgelengde” tok ho for seg barneprogram i radio og fjernsyn. 1971–77 var ho litteraturkritikar i Dagbladet med ansvar for barne- og ungdomslitteratur. Ho fødte to barn til og var alltid engasjert i ulike skriveprosjekt og verv. 1976 kom Boka om Dag Tore, ei personleg og utfordrande forteljing om 20 års kamp for at sonen skulle få eit godt liv. Boka fekk eit stort publikum og er omsett til fleire språk. Ørjasæter heldt tallause foredrag i både inn- og utland, og ho vart ein hyppig brukt deltakar i radio- og fjernsynsprogram.

Boka Barn og bøker kom i si første utgave 1978, og 1981 skreiv ho i samarbeid med Barbro Sætersdal Barn, kultur, kreativitet. 1980–85 var ho leiar for IBBYs (International Board on Books for Young People) prosjekt “Books and Disabled Children”, og 1981 skreiv ho for UNESCO The Role of Children's Books in Integrating Handicapped Children into Everyday Life, som vart utgitt på fleire språk. Samme år leverte ho hovudbidraget til boka Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år, og seinare skreiv ho også om den norske barnelitteraturen fram til 1980 i Norges litteraturhistorie (1997). For arbeidet med barnelitteraturen fekk Ørjasæter 1981 Norsk Barnebokforums heiderspris Askeladden.

Om kjærleiken til barnelitteratur var eit varemerke for det meste av Ørjasæters arbeid, har nok møtet med Tove Jansson og mumitrollverda hatt ein særskilt plass. Boka Møte med Tove Jansson kom 1985. Deretter var planen å skrive ei bok om Sigrid Undset med tanke på barn og ungdom. Slik skulle det ikkje gå. For denne gongen tok stoffet overhand. Ørjasæter hadde sine eigne føresetnader for å leve seg inn i Undsets uvanlege forfattarliv og kaste lys over ei side som har vore lite kjent: kvardagslivet med ei utviklingshemma dotter.

Det vart ein omfattande biografi. Menneskenes hjerter fekk Brageprisen 1993 og vart ein salssuksess. I arbeidet med biografien vart det også tydeleggjort i kor stor grad Undsets Roma-opphald var kunstnarleg forløysande for henne. Fordjupinga i Roma-tida førte til boka Sigrid Undset og Roma og ei lang rekkje temareiser i Undsets fotspor gjennom nær 20 år.

1997 fekk Ørjasæter Jonas-prisen for si formidling gjennom meir enn 40 år av kunnskap om livssituasjonen til menneske med funksjonshinder.

Gjennom presse, radio, fjernsyn og ulike verv har Ørjasæter gjort seg gjeldande som kulturformidlar. Ho sat i styret i Aschehoug forlag 1982–96, var formann i Norsk kulturråds ankenemnd for norsk dramatikk 1992–2000 og varamedlem i Sigrid Undset-selskapet og redaksjonsmedlem i magasinet Gymnadenia 1997–2003.

Saman med mannen Jo Ørjasæter skreiv ho 2000 boka Nini Roll Anker, en kvinne i tiden, også ein kritikarrost biografi. Samme år vart Tordis Ørjasæter utnemnd til heidersmedlem i Sigrid Undset-selskapet. 2001 kom romanen En borgerlig pike og 2005 Inn i barndomslandet. Selma Lagerlöf – Tove Jansson – Sigrid Undset.

Verker

  • Med barn i teater, 1959
  • Massemediene og barneboken, 1971 (svensk utg. Stockholm 1972)
  • Boka om Dag Tore, 1976 (fransk utg. Paris 1978, islandsk utg. Reykjavík s.å., tsjekkisk utg. Praha 1991)
  • Barn og bøker, 1978
  • Barn, kultur, kreativitet (sm.m. B. Sætersdal), 1981
  • The Role of Children's Books in Integrating Handicapped Children into Everyday Life, Paris 1981
  • Barne- og ungdomslitteraturen fram til vår egen tid, hovudbidrag i Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år, 1981
  • Møte med Tove Jansson, 1985
  • Menneskenes hjerter. Sigrid Undset – en livshistorie, 1993
  • Sigrid Undset og Roma, 1996
  • Den norske barnelitteraturen fram til 1980, i NLH/Beyer, bd. 7, 1997
  • Nini Roll Anker, en kvinne i tiden (sm.m. J. Ørjasæter), 2000
  • En borgerlig pike, 2001
  • Inn i barndomslandet. Selma Lagerlöf – Tove Jansson – Sigrid Undset, 2005

Kilder og litteratur

  • Opplysningar frå Tordis og Jo Ørjasæter, 2004