Faktaboks

Thrond S. Haukenæs
Thrond Sjursson Haukenæs
Fødd
4. mars 1840, Granvin, Hordaland
Død
14. november 1922, Granvin
Verke
Folkeminnesamlar og forfattar
Familie
Foreldre: Bonde og notbas Sjur Trondsson Røynstrand (1795–1885) og Seselia Eilivsdotter Klyve (1805–86). Gift 1871 med Kristi Gjertsdotter Indre Ålvik (16.8.1849–6.2.1914), dotter til Gjert Nilsson Indre Ålvik (1805–60) og Anna Engelsdotter Soldal (1806–82).

Thrond S. Haukenæs har med rette vorte kalla kulturskattegravar. I år etter år reiste han rundt i landet, samla folkeminne og folkelivsskildringar som han skreiv ned og seinare gav ut i bokform. Bøkene selde han sjølv på nye samlarferder.

Han var fødd på Haukanes, ein einbølt gard ved Granvinsfjorden. Faren dreiv med handel og fartøy ved sida av gardsbruket, og om vintrane var han notbas på sildefisket. Thrond var med faren i dette arbeidet då han var gamal nok. Guten fekk tidleg stor leselyst, og endå om han berre fekk ein tarveleg omgangsskule, tok han tidleg til å samla seg bøker. Nokre år reiste han som bokseljar, og på desse ferdene tok han til å skriva ned det han opplevde. Då P. Chr. Asbjørnsen vitja Granvin 1870, fekk han kontakt med Haukenæs og nørde interessa hans for folkeminne. Haukenæs sende seinare Asbjørnsen ein del oppteikningar av eventyr.

På Eide i Granvin slo Haukenæs seg ned som handelsmann og fekk bygt eit mindre hotell. Han var raust med å gje kreditt, og då han vart dregen inn i fleire fallittar i Stavanger, Bergen og Kristiania, gjekk han også konkurs sjølv. Alt han åtte, vart selt på auksjon, til og med den store boksamlinga som han var så glad i. Han stod på berr bakke, med ansvar for kone og to born. Kva skulle han gjera?

Sorenskrivar Nils Thambs oppmoda Haukenæs om å ta fatt på det som hadde vore den store interessa hans lenge: å samla inn folkeminne. Nokre menn i Granvin hjelpte han til å koma i gang, og alt året etter, 1884, kom den fyrste boka i serien som skulle verta storverket hans: Natur, Folkeliv og Folketro i Hardanger. Fyrste boka handlar om Eidfjord, sidan tok han føre seg andre bygder i Hardanger, og etter kvart utvida han området til Voss og Sunnhordland. 11 bøker gav han ut i denne rekkja. Den siste var Gammelt og Nyt fra Voss og Vossestranden, som kom 1896. Andre viktige bøker er Norsk Eventyr-Skat og Norsk Sagnskat.

I alt gav Haukenæs ut 51 bøker og skrifter på eige forlag, som regel i eit opplag på 1500, og han reiste sjølv rundt i heile landet og selde bøkene. På reisene samla han samstundes stoff til nye bøker. Mange av bøkene er reiseskildringar frå desse turane, ein del har sjølvbiografisk eller religiøst innhald. Haukenæs var ein skarp observatør, kunnskapsrik og med stor evne til å formidla til lesarane det han såg og høyrde. Bøkene hans er ujamne, han fortel likt og ulikt frå bygdene om einannan, men det beste i bøkene har stor kulturhistorisk verdi. Haukenæs vart i samtida skildra som ein mann som vekte tiltru hjå dei han møtte, og ved at han sjølv kom frå bygdemiljøet hadde han lett for å snakka med vanlege folk.

Samlarferdene rundt i landet var harde, og Haukenæs sleit også tungt økonomisk. Litt pengehjelp til samlararbeidet fekk han frå folk som såg kor viktig arbeidet hans var. Frå Kinsarvik Sparebank fekk han 1911 eit arbeidsstipend, og 1920 løyvde Stortinget ei årleg godtgjersle på 1200 kroner. Det fekk han ikkje lenge glede av, for han døydde berre to år seinare. Han var den fyrste æresmedlemen i Hardanger Historielag.

Verker

  • Fullstendig bibliografi i Ebbing 1962 (sjå nedanfor, avsnittet Kjelder og litteratur)

    Eit utval

  • Natur, Folkeliv og Folketro i Hardanger, belyst ved Natur- og Folkelivsskildringer, Eventyr, Sagn, Fortællinger osv. fra ældre og nyere Tid, 11 bd., Bergen 1884–96 (bd. 1 Eidfjord 1884, bd. 2. Graven 1885, bd. 3 Ulvik 1885, bd. 4 Voss 1887, bd. 5 Vikør 1888, bd. 6 Kvindherred 1888, bd. 7 Ullensvang 1891, bd. 8–10 (3 bd. i 1) Strandebarm, Hålandsdalen, Røldal 1894, bd. 11 Gammelt og Nyt fra Voss og Vossestranden 1896)
  • Norsk Eventyr-Skat, Bergen 1888
  • Livsskildring eller fødebygd, slegt og selvbiografi, Bergen 1889
  • Reiseskildringer fra Norges natur og folkeliv, 5 bd. i 3, Bergen 1890–93
  • Eventyr og Sagn, Bergen 1895
  • Lys og mørke. Skildringer fra det norske folkeliv, Bergen 1898
  • Midnatssolens Rige. Skildringer af Naturen, Folkelivet og Historien i Nordlands, Tromsøs og Finmarkens amter, Bergen 1899
  • National Læsning og Sang, Bergen 1901
  • Norsk Eventyrskat. Ny samling, Bergen 1903
  • Granvins saga, 3 bd., Bergen 1904–15
  • Norsk Sagnskat, 3 bd., Bergen 1905–10
  • Haukenæsslægtens saga, Granvin 1908

Kilder og litteratur

  • Biografi i NFL, bd. 2, 1888
  • O. Olafsen: Granvin i Fortid og Nutid, Norheimsund 1922, s. 222–228
  • N. Lid: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • N. Ebbing: Th. S. Haukenæs. Kulturskattegraveren fra Hardanger, 1962
  • O. Kolltveit: Granvin, Ulvik, Eidfjord, bd. 1, 1977, s. 412–415
  • A.-I. Kjerland og K. Kjerland: “Den ukjende bondeforfattaren”, i BTid. 17.3.2000