Terje Håkonsen

Faktaboks

Terje Håkonsen
Født
11. oktober 1974, Vinje, Telemark
Virke
Snøbrettkøyrar
Familie
Foreldre: Stuert Per Arnfinn Håkonsen (1950–) og omsorgsarbeidar Sissel Hariet Henriksen (1949–). Ugift.
Terje Håkonsen

Terje Håkonsen under The Arctic Challenge i Stamsund i Lofoten, 2000

Terje Håkonsen
Av /NTB Scanpix ※.

Terje Håkonsen vart i 1990-åra rekna som ein av verdas beste snøbrettkøyrarar. I barndomsåra var han ein allsidig idrettsutøvar som dreiv med fotball, alpint, telemark, hopp og langrenn, men det var som snøbrettkøyrar han skulle gjera suksess. Han starta med å køyre snøbrett som 13-åring, men allereie hausten 1989, som 14-åring, vart han utplukka til å delta på Jake Burtons internasjonale snøbrettleir i Austerrike. Året etter vart han nummer fem i verdsmeisterskapen for snøbrett.

I perioden 1990–97 hadde Håkonsen ei imponerande rekkje med internasjonale sigrar. Han vart offisiell verdsmeister i halfpipe 1993, 1995 og 1997 og europameister i halfpipe 1991, 1992, 1993, 1994 og 1997 (ISF-meisterskap). I tillegg vann han samanlagt-verdscupen arrangert av det internasjonale snøbrettforbundet (ISF) 1992, 1993 og 1994. Han har òg sigrar frå US Open i Vermont USA, både 1992, 1993 og 1995 i halfpipe og 2001 i quarterpipe. I Noreg har han nesten ikkje delteke i konkurransar, men 2000 tok han sigeren i noregsmeisterskapen og vann kongepokal for den prestasjonen.

Terje Håkonsen passar ikkje inn i den tradisjonelle individuelle toppidrettsutøvar-kategorien, der trening mot viktige konkurransar som verdsmeisterskap og olympiske leikar er altomfattande. Då snøbrett vart olympisk grein 1998, var ikkje Terje Håkonsen med, sjølv om han var god nok. Han gjekk hardt ut offentleg mot både Den internasjonale olympiske komité (IOC) og det internasjonale skiforbundet (FIS), som var teknisk arrangør av snøbrettkonkurransane. OL-arrangementet hadde ikkje høg nok kvalitet og hadde ikkje fokus på ynska til snøbrettkøyrarane, meinte han.

Håkonsen sjølv var oppteken av å få kvalitet i konkurransane, t.d. ved å utvikle betre konkurransearenaer, og 2000 gjekk han saman med den norske snøbrettkøyraren Daniel Franck for å arrangera Arctic Challenge i Stamsund i Lofoten. Håkonsen og Franck inviterte 24 av verdas beste utøvarar til å delta i konkurransane. Arrangementet vart ein suksess og i tillegg god reklame for Lofoten. Suksessen vart gjentatt året etter, men då var arrangementet delt mellom fleire stader i Noreg. Det starta i Oslo med ein kjempestor quarterpipe i Holmenkollen, heldt fram med konkurranse i Hemsedal for så å bli avslutta i Stamsund i Lofoten.

Konkurransane i april 2001 fekk mykje omtale i norske media, og den riksdekkjande kanalen NRK hadde fleire sendingar. Dermed kunne ein ane eit norsk skifte i interessa rundt Terje Håkonsen sin person og snøbrettkulturen. Medan internasjonale media, særleg amerikanske, lenge var oppteken av Håkonsen som trendsetjar i ein veksande ungdomskultur, var norske media i liten grad oppteken av andre ting enn at han har vore mediasky.

Håkonsen er svært oppteken av kosthold og kroppsutvikling (kan òg kallast trening), og han har lenge vore sett på som ein perfeksjonist for å utvikle seg sjølv som snøbrettkøyrar. Han har skapt seg eit image som gjer han til helt og “konge” i mange snøbrettmiljø. I IMAX-filmen Extreme, spelt inn i fjella i Alaska, “pløyer” han snøen i 80–90 km/t. Han har vore med på fleire videoar og er eit ynda motiv for mange fotografar.

Terje Håkonsen er blitt rik av snøbrettkøyringa; han har heile verda som leikegrind og fartar mellom Noreg, fastlands-USA og Hawaii. Han deltek i utvalde konkurransar med pengepremiar, men dei store inntektene har fyrst og fremst kome som sponsorpengar frå det amerikanske firmaet Burton, som produserar snøbrett, støvlar, bindingar og klede. Terje Håkonsen representerar dermed på mange måtar ein global ungdomskultur, som vert styrt av kommersielle interesser.

Kilder og litteratur

  • SNL,bd. 7. 1997
  • NRK-dokumentar Folk i farta,med Alex Rosén, 25.1.2001
  • Internett
  • telefonsamtale med Henning Andersen (personleg rådgjevar) desember 2000
  • telefonsamtale med Sissel Hariet Henriksen april 2001